mandag 31. mars 2014

Historiske påskebilder





I desse påsketider fann eg nokre gamle Blegja-bilder frå ein tur i lag med Nils Christiansen og Finn Bjarne Brynestad frå Dale som er ok å legge på bloggen for ettertida. Litt artig å sjå korleis utstyret har forandra seg. Den gongen var det visst ok med grilldress og enkle rottefellebindingar for å gå på Blegja. I dag treng ein nok meir fancy stuff....:-)

Før om åra nytta eg mykje ruta frå Berge til Bergsvatnet og opp Marifjell for å gå vår- og sommarturane på ski på Blegja. Ja heilt ut i juni har eg gått på ski her ute. Spesielt dei to åra eg budde i Bygstad. På denne ruta kjem du fort opp i høgda ved å gå opp det bratte Marifjell ovanfor Bergsvatnet. Praktisk når du må bere skia. Dette er ei såleis ei veldig flott rute samanlikna med rutene lenger aust i frå. Etter at vi no har fått Dalsfjordbrua, kan det jo vere ein idè å ta seg ein tur på gamle tomter... Vi får håpe på godt påskevèr...:-)


Oversiktsbilde: Ruta over Marifjell kjem opp i skaret ved Selshøgda t.h. for Storehesten og føl høgdedraget aust om Svartetjørnsbotnen t.v. i bildet. På første stauren kjem du inn på ruta frå Kvamsskaret. 

Blegja foto her


søndag 30. mars 2014

Knall vårtur 2

Ytrevågefjellet i dag
Toreheia t.v.

Eg var ikkje så gira på å reise opp igjen i snøen i dag, så då valde eg nordsida av Stongfjorden som turmål. Eg tok difor den flotte ruta frå Osland på Ytrevågefjellet, Toreheia og Skylefjellet, og returen om Mangevatna og heim. Pefekt. Vindstille og sol, men noko disig som i går. 

Det fine med dette fjellområdet er at det aldri ligg mykje snø. Det meste flyg vekk med vinden. Sola og den salte havlufta tek seg av resten. Mykje av vinteren ligg det difor nesten ikkje snø. Og våren kjem veldig tidleg. Dette passar meg utmerka. Då kan eg velje snøforhold ein dag, og vårforhold den neste. Som i dag. Rein kos og autopilot. Men litt bilder blir det alltid....:-)

Stavestranda

Krikavatna og Mangevatna i dag.
Skylefjellet t.h.




lørdag 29. mars 2014

Knall vårtur



Nydeleg lørdagstur på Moldura og Størdalsstauren i dag. Litt disig, men flott sol og herleg temperatur. Eg sat oppe på toppen og lurte på om eg nokon gong hadde vore her før då det var så stilt. Ikkje eit vindpust. Retteleg varmt i sola. Før vi endå skriv april. Ja, det var nesten ikkje til å tru...!

Eg gjekk som vanleg opp frå Stafsnes. Klokka var ikkje meir enn 08, men det var jo så lyst at det kjendest nesten som langt på dag. Sola hadde vi allereie fått på Yndestad. 

Tidleg sol på Yndestad no

Det var snøfritt heilt opp i Langedalen. Snøen som låg ovanfor, var av det ganske blaute slaget. I dei siste bakkane opp tok eg difor trugane på meg. Likevel hadde det gått heilt greitt utan. Eg var forbausa over kor lite snø det låg oppe ved toppen. Ein kan nytte ski dei første bakkane ned til der du går ned Størdalen. Om det er verdt bryet med å bere skia opp er ei anna sak... 

Eg tok den vanlege avstikkaren vestover til Størdalsstauren etter å ha kome ned igjen frå toppen. Kjempefint å gå vestover på høgda nord om Størdalen. Her var det fullstendig snøfritt heile vegen. 

Tilbakeblikk mot Moldura på vegen vestover.
Fanafjellet t.v.

Eg tok meg ei god påske-appelsin på grasbakken ytst på Størdalsstauren. Aldeles nydeleg og varmt. Havet låg blikkstille så langt auga rakk. Det var rett nok ikkje så langt i dag, sidan det var ganske disig ute i havet. Men eg såg no både Alden og Heggøyna. 

På veg ned igjen tok eg ei litt anna ruta enn vanleg og gjekk aust til i Langedalen igjen, og følgde første delen av ruta opp ned igjen òg... 

Størdalsstauren

På tunet nede på Neset heldt Ansgar Bjarne på med å kappe ved, så eg slo av ein god prat med han i sola. Om laust og fast. 

No hadde Olaug køyrt meg bort hit på morgonen sidan vi berre hadde ein bil disponibel i dag. (Torbjørn hadde den andre til Førde, og Olaug var på eit kvart). Så eg måtte gå vegen heim igjen. Ikkje at det akkurat gjorde noko. For eg fekk meg ein fin tur heim igjen òg. Og nokre fine bilder langs vegen til hi sida av fjorden. Knallflott lørdag !

Årets første primula

torsdag 27. mars 2014

Vårlege bakkar



Nydeleg trimtur på Høgeheia i ettermiddag. Årets første med joggesko. Fantastisk ! Tørt og fint og null snø...:-) Og så DEN solnedgangen....! Til å bli glad av....:-)




mandag 24. mars 2014

Westerly hills



Eg samla i hop ein serie naturbilder i går som eg har kalla
Westerly Hills.
Dette er bilder frå dei lågare toppane og åsane i Askvoll.

Musikk: "Falling Stone" med Logan.


søndag 23. mars 2014

Vèrskifte



I dag gjekk eg opp igjen same trimturen som i går, berre motsett veg. Det hadde kome ein del snø i høgda i løpet at natta. Elles var vèret veldig skiftande. Likeeins lyset. Frå sol til skodde og snøfiller i lufta, men ganske så vindstille. Vèrskiftet som er på gang var tydeleg å sjå ute i havet jmfr. bildet oppe. Flott tur!! 





Tippe tippe tipp


Jepp, då er alle fuglebura mine komne på plass. Nymåla, fine og fjelga. Her er to av dei.

P.S. Greina på det nedste bildet skal sagast av. Ingen andre enn småfuglar skal få hoppe inn holet...:-)


lørdag 22. mars 2014

Vindfull trimtur


Det var ein gong ein....

Flott trimtur på Toreheia igjen i dag tidleg. Men fy flate kor det bles der oppe. Eg måtte nesten krype opp den siste islagde hammaren. No er ikkje denne så stor då, men ned igjen, utan broddar, måtte eg verkeleg passe godt på i den sterke vinden. 

Eg var i grunn meint på å gå austover til Ytrevågefjellet og ned igjen på Osland. Men det tjukna slik til i den sterke vinden at eg fann ut at det var best å kome seg fortast mogeleg ned igjen. Flygande hagl svei både her og der. Men det gjekk jo heilt greitt vestover Yndestadhøgeheia, ned Selda og til Yndestad. 

fredag 21. mars 2014

Stordalsfjellet 2014

Ny film frå Stordalsfjellet. Bilda er tekne i fjor.


tirsdag 18. mars 2014

Blegja klipp 2014


Ei redigering av Blegja bilder m/musikk

Eitt av favorittbilda mine i fjor

...er dette bildet frå vadet på Krikavatna. Ein av dei faste plassane eg har på trimløypa mi. Bildet er teke 19/10. 


søndag 16. mars 2014

Kvitt i kvitt



Eg tok turen oppover i dag tidleg òg. Men no var ikkje landskapet til å kjenne igjen frå i går. Det var gått frå brunt til kvitt i løpet av natta. Berre sjå her:


No gjorde dette det ikkje akkurat lettare å ta seg oppover. Underlaget var blautt. Det same var snøen. Å vasse oppover i fjellet i tung snø, er ikkje akkurat så veldig lysteleg. I tillegg var det glatt under snøen. Stien var umogeleg å sjå. Og når eg kom til Krikavatna, såg eg heller ingen annan ting. Eg gjorde difor det einaste rette - snudde og drog til bygds igjen. Trimmen derimot var sikkert like god effekt av som i går...:-)

Lite sikt i høgda i dag

Bakkefjellet

Eg gjorde om litt på filmen frå Bakkefjellet
Her er den nye versjonen.
Musikk "Woman of the world" med Brightwings.

lørdag 15. mars 2014

Ein svidd dag

 På toppen
Svartevatnet

Det er nok sant som det er sagt - dei fleste ulukker skjer i heimen. Sjeldan eg råkar ut for noko i fjellet av betydning. Anten vèret eller føret er no so eller so. Men heime på soverommet lurer visst farene til gagns. For etter å ha glidd på eit teppe, og køyrt ribbeina ned på sengegavlen, bresta eller braut eg eit kvart her og i brystet. Sjølvsagt vart det berre verre og verre nokre dagar, før det i dag tyktest noko betre. Så mykje er det i grunn ikkje å gjere med slikt. Det lyt legast av seg sjølv. 

I dag tok eg meg iallefall ein tur på Toreheia igjen. I skodde, blåst, regn, hagl, rennefòk (har eg gløymt noko?) og fekk lufta meg. Så mykje meir er det i grunn ikkje å seie om det. Greitt både opp og ned, sjølv om forholda var elendige. 

Ettermiddagen og det meste av kvelden har gått med til feiring av 14 årsdagen til Peter. Eg tok med han og tre av kompisane hans til Førde for eit par omgangar med bowling. Etterpå vart det pizza på Dolly Dimples. Svei vèret i føremiddag - svei lommeboka til kvelds. Ja, ja gutane var iallefall godt nøgde. Det var det viktigaste. I morgon er det berre å ta i mot slekta for feiring nummer to. 

God helg !

torsdag 13. mars 2014

Soloppgang i Løvika

Eg stoppa i Løvika i dag tidleg på veg på jobb. Måtte knipse bilde av soloppgangen.
Det er flott utsikt til austahimmelen og Heilevongstaurane her i frå.
Løvika ligg rett før Rørvika når du kjem vest frå. 
Som vi veit er det merka sti frå Rørvika til Blegja. 

onsdag 12. mars 2014

Vårsol

Fin solnedgang heime på Yndestad i kveld.
Foto frå huset.

tirsdag 11. mars 2014

Det store folkebedraget...


...er omlag som følgjer: Vindkraft er grøn, fornybar og klimavennleg energi for framtida. Kolkraft er den største kjelda til utslepp av CO2, og ved å erstatte kolkraft med vindkraft, vil klimagassutsleppa gå ned.  Vindkraft skaper arbeidsplassar og verdiar i lokalsamfunnet.  Det hastar difor å byggje fleire vindturbinar.

Vindturbinar har negativt miljørekneskap

Vindturbinar har elendig effektivitet.  Statistikkar utarbeidd av NVE viser at gjennomsnittleg effektivitet i perioden 2011 – 2012 var ca. 31 %. Det tilsvarer ca. 3,7 måneder med full produksjon. I 2012 utgjorde vindkraft ”svimlande” 1,1 % av samla kraftproduksjon. 

I følgje pressemelding frå forrige regjering vil vindkraftanlegga på Fosen, som det no er gjeve konsesjon til, produsere strøm tilsvarande årsforbruket til 185.000 husstandar.  Siden vindkraft produserer strøm berre i nokre måneder i året, kan ein lure på kva desse185.000 husstandane skal varme seg på resten av året.

Vindturbinar er som kjent særs arealkrevjande.  Som statistikkane fra NVE viser er det ikkje samsvar mellom den krafta som blir produsert og den naturen som blir brukt, og i ein del tilfelle, rasert. Vindkraft har heller ingenting å seie for forsyningstryggleiken.

I Danmark er vindturbinar i ferd med å bli eit stort miljøproblem. 1 MW installert vindturbineffekt fører til 10 tonn glassfiberavfall. Avfall som ikkje kan resirkulerast.  Glassfiberavfallet frå vengjene må difor gravast ned eller brennast.  På Fosen der det er gjeve  konsesjon til 1.300 MW, vil det i løpet av dei 20 åra ein vindturbin i gjennomsnitt varer verte ca. 13.000 tonn miljøfiendtleg glassfiberavfall. Dette tilsvarar ca. 60.000 stk 14 fots plastbåtar.

Kvar  vindturbin har ein generator som omdannar energien i vinden til straum. Supermagnetane i generatoren i dei fleste nye, store vindturbinane brukar fleire hundre kg neodym pr. installert MW.  Neodym blir i all hovudsak foredla i byen Baotou i indre Mongolia.  Produksjonsprosessen fører til årlege utslepp av millionar av tonn med radioaktivt avfall som  forgiftar jordbruksareal  og grunnvatn.  Baotou står på Deng Feis kart over industrielle kreftlandsbyar i Kina. 

Boutou i indre Mongolia

Produksjonsprosessen av turbinstoffet neodym fører til årlege utslepp av millionar av tonn med radioaktivt avfall som  forgiftar jordbruksareal  og grunnvatn i Mongolia. 

Berre på Fosen vil det truleg gå med fleire hundre tusen kg neodym.  Miljøkonsekvensane av neodym vart  teke  opp i Europaparlamentet allereie i 2011. 

I tillegg kjem energien som går med til å produsere, transportere og montere turbinane, og energien som blir brukt i anleggsperioden.

Ein dråpe i havet

Norge var nettoeksportør av kraft kvar einaste månad i 2012, med samla netto eksport på ca. 18 TWh.  Det vart produsert i underkant av 150 TWh kraft, i all hovudsak vasskraft.  Til sammenlikning produserte vindkraft i 2012 ca. 1,6 TWh.  Tyskland har vedteke utfasing av kjernekraft, og når 80 millionar menneske treng straum, er det vel ingen som i sin villaste fantasi trur at norsk vindkraft kan bidra med noko som monnar.   

Sjølv om vi eksporterer all vasskrafta, hjelper det lite når Europa sitt kraftbehov er 3.500 TWh.  Då har ein sendt all kraft ut av landet.  Dersom ein skulle finne på å dekke Norge sitt kraftbehov med vindkraft, måtte ein  dekke store deler av landet med vindturbinar. 

I følgje avtalen om grøne sertifikat som er teikna med Sverige, skal Norge bidra med 13,2 TWh innan 2020.  I følgje retningsliner utarbeidd av NVE vil oppgradering av eksisterande vasskraftverk kunne gå inn i ordninga for el – sertifikat.  Regjeringspartiet Høgre har rekna ut at opprusting og utvidingar av eksisterande vasskraftanlegg har eit teoretisk potensiale på 15 TWh; meir enn heile fornybarmålet på 13,2 TWh.

Vindkraft erstattar ikkje kolkraft

Tvert i mot så bidreg den ustabile vindkrafta til auka forbruk av billig europeisk eller amerikansk kol som balansekraft. Tyskland er storutbyggjar av vindkraft.  Likevel aukar kolforbruket sammenlikna med 2011. I Tyskland var etterspurnaden etter kol i 2012 like stor som for 20 år sidan. Kolkraft kjem altså i tillegg til vindkraft.  Di meir vindkraft, di meir kolkraft, di meir forbruk.

I 2012 vart det eksportert gass frå Norge til Europa tilsvarande 10 gonger norsk vasskraftproduksjon.  Gass har halvparten så store utslepp som kol.  Det virkar difor som direkte latterleg å tru at norsk vindkraft skal bidra til å redde noko som helst anten det er nasjonalt eller internasjonalt. 

Arbeidsplasser lokalt

Vindturbinane vert produserte i utlandet og monterte av dei same utlendingane. Som dessutan har garantiansvaret nokre år.  Dei enorme støttebeløpa som vert innvilga  til vindkraftselskapa: Høg - Jæren fekk kr. 511 millionar for å setje opp 32 vindturbinar; kr. 16 millionar pr. turbin, er i realiteten ei storstila subsidiering av utanlandske arbeidsplassar.  No skjer subsidieringa gjennom grøne sertifikat som kjem på straumrekninga.  I tillegg til at vindkraftutbyggjarane har nokre store sugerør i statskassen, har dei no fått sugerør i di og mi lommebok òg.  I det daglege er vindturbinane fjernstyrte, så heller ikkje i driftsfasen er det arbeidsplassar av betydning for vertskommunane. 

Rammevilkår for vindkraftkommunane
      
Landsforeninga for norske vindkraftkommunar vart stifta på Smøla i 1999. Dei har i løpet av 15 år i realiteten ikkje oppnådd nokon ting.  På årskonferansen 14. mai 2013 kom det forslag om å sikre berørte lokalsamfunn andel av grunnrenta frå  vindkraftproduksjon, og kompensasjon for lokale miljøulemper.  Dette materialiserte seg i eit dokument 8 – forslag frå dåverande opposisjon.   Representanter for den  regjeringa varsla ei negativ haldning blant anna fordi vindkraft ikkje er lønnsamt.       

Samtidig ber vindkraftselskapa om betre vilkår, for eksempel i form av auka avskrivningar. 
Dette vil truleg redusere eigendomsskatten ved ei 10 – årig retaksering, og gir altså endå dårlegere uttelling for lokalsamfunna. 

Kven betalar prisen for vindkraftsatsinga?

Vindkraftsatsinga har allereie fått negative konsekvensar for velferda til hundretusener av innbyggjarar  her i landet.  7 kraftselskap på Vestlandet stifta i 2005 selskapet Vestavind Kraft AS, og i 2009 selskapet Vestavind Offshore AS.  Kraftselskapa er eigde av 48 kommunar i Sogn og Fjordane Fylkeskommune, og betalar årleg ut utbytte som finansierer blant anna eldreomsorga i eigarkommunane.
I perioden 2010, 2011 og 2012 har dei 7 kraftselskapa nedskrive aksjane i Vestavind – selskapa med i alt ca. kr. 220 millionar.  Fra 2010 til 2012 er samla utbytte frå  4 av kraftselskapa bortimot halverte, og 1 av eigarkommunane har innført eigedomsskatt. 

Det er ikkje skattefrådrag for nedskrivningane sidan dei er omfatta av fritaksmodellen.  Det er difor grunn til å lure på kva avkastning ein har sett føre seg av vindkrafta når ein kan ta ein så stor risiko.  Og så kan ein spørje seg kvifor samfunnet skal ha tru på vindkraft når ikkje kraftselskapa trur på det sjølve. Vindkraftaksjane har jo avgrensa verdi.  2 av eigarane av Vestavind – selskapa har sågar gitt uttrykk for at dei vil ut av vindkraft.  I pressa vart det forøvrig gitt uttrykk for at det kun var aksjane i Vestavind Offshore som var nedskrivne.

Demokratiske utfordringar / Lokalisering av anlegg

Det vert gjerne hevda  at vindkraft er ei føremon for kommunane som får eigedomsskatt.  No er det slik at ikkje alle kommunar har innført eigedomsskatt for verk og bruk.  Det burde glede regjeringa at vi har kommunar som har reservert seg mot denne skatten.

Enkelte vindkraftutbyggjarar tilbyr kommunane godtgjersle tilsvarande kva eigedomsskatt ville gitt. 
SAE Vind, som er ein av utbyggjarane på Fosen, har styrevedtak på at dei ikkje vil betale frivillig kompensasjon til kommunen. Dersom kommunen vil ha pengar frå SAE Vind, må kommunen innføre eigedomsskatt.  SAE Vind er vindkraftsatsinga til Statkraft og Agder Energi. 

Dette er sjølvsagt uakseptabel oppførsel av eit offentleg eigd selskap.  Vi har ei regjering som ikkje ønskjer skatteauke.  Styrevedtaket til SAE Vind er difor ikkje i samsvar med regjeringa sin politikk.  For det tredje så er det i strid med elementære demokratiske prinsipp at vindkraftutbyggjaren avgjer om næringslivet i vertskommunen skal betale eigedomsskatt. Det er også slik at skatt har eit føremål.  I det store og heile så er føremålet med dei skattane som blir samla inn her i landet å skaffe velferd til fellesskapet. Dersom eiendomsskatt blir innført som følgje av vindkraft blir føremålet det motsatte.  At vindkraftutbyggjaren får bruksretten til store deler av ein kommune til ein latterleg låg pris. 

For lokalsamfunnet blir vindkraft ein variant av Terra, ein gir frå seg arvesølvet i form av store naturområde og sit meir eller mindre tomhendte tilbake.

Vindkraftanlegga som no har fått konsesjon på Fosen vil okkupere eit areal tilsvarande halvparten av Nordmarka.  Ein kan tenkje seg reaksjonane dersom SAE Vind teppebomba Nordmarka med vindturbinar, ikkje bidreg med ein einaste lokal arbeidsplass, byggjer monstermaster tvers over byen, for så å ringje ordføraren og meddele at dersom Oslo vil ha pengar, får Oslo innføre eigedomsskatt. Då tenkjer eg vindturbinane ikkje var særleg  grøne lenger.   

Oppsummering


Vindkraft er ei dyr, ineffektiv, ureinande og konfliktskapande energikjelde som vi ikkje har bruk for i Norge.



Link:


Magic sunset

Alden, Stavenesodden, Krikavatna og Mangevatna

Rett som det er kasserer eg inn løn ved å pendle til banken i Førde. Kor mykje løn eg får i Stongfjorden kan jo diskuterast. Lite av klingande mynt iallefall. Men så har eg i grunn aldri brydd meg så mykje om pengar heller. Tidleg skilt, med tre flotte jentungar, var ingen lukrativ start på voksenlivet, så det galdt å snu på skillingen. 

No er det vel kanskje rart at 30 år i banken har gjort til at pengar betyr lite for meg. Eg burde kanskje vere oppteken av pengar? Eg veit ikkje... Men kanskje er det berre rett og slett motsett? At eg har sett kva pengar gjer med folk? Eller sjølvsagt også korleis mangel på pengar pregar folk? Uansett - det er ikkje i pengar ein finn lukka. Slik ser iallefall eg på det...

Ja, den lukka den lukka. Kva er lukke her i livet? Det er sikkert så vidt og individuelt som det finst menneske på jorda. Men sjølvsagt må ein ha til salt i grauten. Maslows behovspyramide er kjend. Men noko av lukka mi iallefall, er å kunne parkere bilen heime på tunet i Stongfjorden etter ein flott dag på jobben med gode kollegaer, hive på meg fjellkleda, og ta beina fatt på Toreheia. Mi kjære Toreheia ! Krikavatna, Mangevatna, Skylefjellet. Så vilt og vèrhardt at du må krype langs lyngen i stormen. Sår i andletet av piskande regn, hagl og snø.Whiteout i rennefòk og skodde, utan å sjå neven framfor deg. Til stilla. Den endelause stilla. Det jomfruelege i det urørte landskapet. Der du kan spegle deg sjølv i vassyta i vatna. Sjå månen i botnen på Krikavatna. Eller få oppleve dei mest praktfulle solnedgangar som finst ved Staveneset. Nesten rett utanfor stovedøra. 

"Lykkeliten (nøtteliten) bor i toppen av eit tre" heiter ein barnesong. Kanskje eg skal gjer den til min? Med ei lita omdøyping?

 Månen i Krikavatna

Turen i går

Det har vore ein rar vinter. Plussgrader og null snø. Eg har vel berre hatt ein eller to skikkelege snøturar opp hit i vinter. Slik var det i går òg. Det ligg berre nokre spreidde snøfonner oppe på toppen. Elles ser landskapet ut som det gjorde i oktober/november. Påskesnøen kjem nok ikkje her oppe i år heller. Vinden bles det meste bort på ein augneblink. Og salt havluft tek seg av resten. Snøen er borte vekk med eit svupp. Kanskje like greitt. For fargane er berre av ei anna verd. Når sola står skrått inn frå vest i havet, blir alt som farga av gull. Ja, det er her gullpengane ligg. Eg trakkar i gullpengar ! Som onkel Skrue hoppar eg i pengebingen. Og eg kan skrike ut mi lukke utan at andre enn ei forskrekka fjellrype høyrer meg...! Snakk om rikdom...! Snakk om konge i eige liv...

One of theese nights

Varden på Toreheia

I går kveld var det nesten heil vindstille. Men sjølvsagt blir ein sveittevåt kropp fort nedkjølt. Det er verst med nevane. På denne tid har eg alltid med meg heite og gode klede, vottar o.a. til å byte på meg. Avrivninga i nettoen gjer berre godt eit minutt eller to. Så kan det kome kva vèr det berre måtte kome. Og eg får god anledning til å nyte utsikta før mørket kjem sigande på. 



Så ber det ned att bakkane til lyset i vest. Gjøa brenn gassflammen sin der ute. Lysa frå Follevåg på venstre handa. Lysa frå husa i Bulandet, Askrova og dei andre øyane ute i havet kjem meir og meir til syne etter som det mørknar. Og månen held meg med selskap. Heime ventar oppatthèta raspeballar og ein varm dusj. Ja, eg kan vel egentleg ikkje ha det betre...!? Ei enkel sjel og ei skjorte. Sjølv om Olaug heime meiner eg er så langt frå A4 som nokon kan kome...:-)

Pics

mandag 10. mars 2014

Slideshow Fossedalshengenipa 2014


Eg laga eit nytt slideshov frå Fossedalshengenipa i går. Det gamle var litt langt. Det nye er òg med nye bilder. Hugs lyd og høgste oppløysing.
Musikk: "Phyllis, take me with you" - KP Devlin.


lørdag 8. mars 2014

Furefjellet og Høgeheia

Staveneset

I dag tok eg ein roundabout på Stavenesodden og såg etter villsauene der ute. Parkerte i Holevika, gjekk opp stien forbi granskogen, og heldt fram ut dalen og høgdedraga til Furefjellet ytst ute. Vindenn tok ganske godt der ute på pynten. Hurtigruta passerte sørover akkurat då eg var der. Vest om Smelværet. Men ingen sauer var å sjå.

Deretter tok eg aust att alle høgdedraga innover til Høgeheia. For dei som ikkje er kjende her, så er det ikkje så langt i luftlinje. Men når du skal opp og ned koller, skårar og høgdedrag, og gjennom diverse myrar og væte, så er det likevel bra mosjon i dette... Eg stod omsider på toppen av Høgeheia, utan å ha sett snurten til verken sauer eller anna liv enn ei havørn som kretsa over meg. 

Eg stod litt og bia bak varden og lurte på om eg skulle gå vidare mot Grimelida. Det bles skikkeleg no. Og sidan dei gamle fjellskorna var gjennomblaute bestemte meg meg for å ta returen til Holevika i staden. Kanskje eg tek føre meg resten av området austafor i morgon. 

onsdag 5. mars 2014

Med hjartet på rette staden...

Han var flott Eitrefossen i Skjerlia 1.mars. Eg har mange bilder av den. 
Som vi veit har diverre Sogn og Fjordane Energi fått konsesjon til å byggje ut fossen. 
Det skjer meg like mykje i hjartet kvar gong i Skjerlia...! 



søndag 2. mars 2014

Vår i lufta

Kinn, Reksta, Skorpa, Batalen, Tansøya, Askrova og Svanøya

Eg hadde i grunn ikkje så veldig lyst opp igjen i snøen i dag. Same kva ein seier så er det no trivlegare med vår. Eg valde difor å ta turen opp her heime. På nordsida av Stongfjorden er det omlag snøfritt heile vinteren. Her er så verhardt at det meste av snøen bles vekk. Den milde og salte havlufta tek seg av resten. Difor blir det òg tidleg vår. I dag vart det i tillegg veldig fint vèr. Ja, sola skein det meste av dagen. 

Nokre detaljar om ruta er vel ikkje nødvendig. Men eg gjekk opp Selda, inn Yndestadhøgeheia,  opp på Toreheia, og tok den nordlege kanten mot Førdefjorden vest igjen til Skylefjellet. Derifrå til Mangevatna og ned igjen til Svartevatnet og Yndestad. Sjølv om det bles litt var det kjempeflott. 

Herleg vårtur!

YouTube Skjerlia Eitrenipa Fossedalen


Eg laga ein YouTube film med musikk av bilda frå i går

lørdag 1. mars 2014

Ein vellukka dag...

Soloppgang ved Eitenipa i dag

I dag gjekk turen frå Førdefjordsida til Dalsfjordsida med innlagt topptur til Eitrenipa. Kanskje er dette favorittfjellet mitt her ute. Det er berre så flott utsikt her i frå. Ja, i alle retningar. Panoramautsikt til alle fjella vestover i Askvoll. Nydeleg utsikt til Blegja og austover Blåegga. Og nordover til Florøkanten med øyane i nordvest. Mot Vevring ser ein òg. Og så gjer det heller ikkje noko å sjå sørover til Fossedalsvatnet, Dalsfjordbrua og Dale. 

Nokon spesielt enkel tur vart det ikkje i dag. Av fleire grunnar. Berga og hamrane opp første stykket frå Markavatnet var lettare polerte av is frå nokre få minusgrader. Snøfritt som det var her nede ville eg ikkje spandere broddane på dette. Difor tok det litt tid å kome seg opp forbi fossen til Leknesvatna. 
Eitrefossen, klokke er 8.20

Utfordring nr 2 var at skaren ikkje heldt opp bakkane frå Leknesvatna. Det kravde nokre kaloriar. Eg gjekk så mykje eg kunne på berg og mose som stakk opp av snøen, men det gjekk ikkje heile tida sjølvsagt. Det som nesten var verre, var at broddane som eg no hadde teke på meg klabba. Dette var eg ikkje plaga med på den andre typen eg har brukt. Dei i dag var nemleg nye. Såleis vart det ekstra tungt å først sige gjennom skaren for så å dra klabbane under skorna med meg. Kunne ikkje slå dei av heile tida heller.... Men no høyrest det visst ut som eg syter noko grådig. Utsikta som åpenbare seg etter kvart som eg åt opp meterane oppover døyva alt slit. Og at sola stakk fram no og då gjorde det i grunn ikkje verre....:-)

Men neste utfordring heldt på å skrinnlegge resten av turen. I traversen rett under toppen var snøen knallhard, polert og isete. Den som er kjend veit at det bratt. Fjellet skrånar bratt utfor heile vestsida. Her er fleire hundre meter rett utfor. Det meste i fritt fall. Eg prøvde meg ut på skråningen to gonger. Sparka det eg vann i isen for å lage spor. Men eg var faktisk litt redd for å verken kome meg fram eller tilbake ut på der. Nedanfor var det lukst til helvete om eg så skal seie. Så etter å ha fått trygg grunn under føtene igjen, tilbake der eg kom i frå andre gongen, gav eg meg på heile greia. Til høglytt banning (glad ingen høyrde meg). Eg gjekk deretter fram på kanten og tok meg eit bilde av Dale. I trygg forvissing om at turen var slutt. Berre å returnere til Skjerlia. 


Men etter å ha teke dette bildet, fekk eg tilfeldigvis auge på eit par lovande skårar opp kanten bak meg. Opp her hadde eg aldri gått før. Det såg faktisk ut til å vere mogeleg å kome seg opp, for deretter å treffe varden meir frå nordsida. Eg bestemte meg for å prøve. Slo all snø av broddane og starta å klyve. Det var steikje bratt. Men eg hadde skåra eg kom opp under meg. Eg ramla iallefall ikkje ut for heile fjellet om eg miste fotfestet (her skulle eg så gjerne hatt stegjarne som låg att i kjellaren heime). 

Dette stuntet slo fullstendig pusten ut av meg. Eg var heilt i kjellaren. Måtte stoppe opp fleire gonger for å få att pusten. Men det gjekk. På broddar, knær og fingrar. Utan å sjå meg tilbake. Og jublande stod eg på toppen. I svingande, jammen kom eg meg opp. Veldig glad for at eg slapp ned igjen...! 

Det første eg gjorde var å skifte sveittevåte klede på overkroppen. Ny Brynje alpine-pulley og dunjakke. Og sjølvsagt verdens beste vottar frå Outdoor Research. Herleg! Så kunne eg nyte utsikta....:-)

Vi ser f.v. Krokavatnet, Markavatnet, Øyravatnet og Leknesvatna t.h. 
Svanøya i midten bak, øyane i Florø, Førdefjorden og Svortevik

Eg hadde egentleg i bakhovudet om å gå Nordre og Søndre Kringla i same rennet i dag. For så å returnere ned skåra på vestsida av Kringla til Øvre Fossedalen. No hadde eg ein avtale med bror min om å køyre meg heim igjen, og var litt usikker på tidsbruken. Men mest var det fordi det hadde kosta skikkeleg med krefter å kome meg opp hit at eg no skrinnla dette. Eg var rett og slett redd for å bite over for mykje. Spesielt med vestkanten opp hit rett nedom føtene mine no i tankane.... Så eg bestemte meg for "the easy way out" - ned Eitreskaret. 

Etter eit par skliseglasar som følgje av klabbing av broddane, og nedom tjørna, var eg veldig glad for at eg hadde skippa skaret på Kringla ned. Snøen, eller rettare sagt isen, hadde nesten lagt seg loddrett i nederste delen av skaret. Og berre for å ha sagt det - det er nokre meter utfor fjellet her òg... Nei, no var eg på trygg grunn. Til reine våren i Øvre Fossedalen. For ein skilnad frå fjellet ovanfor. Ikkje eit snøfnugg. Og sola varma i dei sørvende hellingane. Fantastisk !

 På trygg grunn i Øvre Fossedalen
Kringla har litt anna form sett frå Øvre Fossedalen enn i Dale
Ganske spektakulær...
Den kvite randa ned t.v er øverste delen av skaret ned.


Ja, no kunne eg verkeleg slappe av igjen. Eg tok meg ein liten pause. Sola skein. Flott utsikt til Fossedalsvatnet. SÅ stilt. Ikkje eit menneske. Ikkje ein lyd. Berre litt fossespel i det fjerne. Det var om eg var i ein ny dimmensjon. Eg lurte så på om eg skulle ta meg ei skive, men det hadde eg i grunn tenkt å ta på vassenden mot Fossedalsfossen. Så eg lunta ned bakkane til vatnet, og tok fatt på stykket sørover langs vatnet. 

Øvre Fossedalen med Eitrenipa

Eg stoppa rett som det var og tok nokre bilder. Kjempeflott. Isen var gått opp. Men på nordsida av vatnet låg han att i store flak. Lenger sør var det heilt isfritt. Vinden hadde effektivt ført alt saman nordover. 1. mars og verkeleg vår i lufta. Storkos. 

I enden av vatnet, der den flotte Fossedalsfossen pregar landskapet, var det endeleg tid for matpause. Skikkeleg svolten no. Og tørst. Det smakte fortreffeleg med nokre grove danske rugbrød-skiver her vatnet sildra nedover berga og utfor hammaren. Her eg har hatt pause så mange gonger før. 

  Matykt ovanfor Fossedalsfossen

Etter å ha kula han ei stund, gjekk eg ned langs elva og lonane nedom fossen. Ville ta nokre bilder her nede. Det er jo verkeleg dette partiet og til fjorden som får svi hvis det blir ei kraftutbygging. Stilleståande pølar med vatn midt i flottaste landskapet, og langs den mykje nytta turruta til fjellheimen og turlagshytta Nipebu. Ei ruta som i framtida vil bli mykje meir nytta etter som Dalsfjordbrua kom, og opparbeidinga av stien frå Ottersteinen til Fossevikja snart er ferdig. Ja, fisk er her òg...

Frå lonane i Fossedalen
I enden her ligg hytta Elraki med fleire bygg

Då eg gjekk ned bakken ved fossen, såg eg det var folk i Fossedalen. Eg vart litt overraska av det. Men så vårleg og flott som det var, var det vel ikkje noko overrasking likevel. Eg gjekk difor opp bøen igjen, då eg såg eit menneske der oppe, for å helse på. Det viste seg å vere Tor Øystein og madamen. Like kjekt å treffe på dei. Sist var under bruopninga. Dei hadde sett i gang ei skikkeleg vårreingjering. Ut på tunet var det kome både møblar, tepper o.a. Og fruen i huset var i gang med malearbeid i tillegg. God arbeidslyst der i garden. Vi fretta ei stund i lag, og sjølvsagt måtte eg ha med eit bilde (gjengjeve med løyve...:-)


Så bar det vidare til fjorden og Fossevikja. Men først måtte eg ha turen bortom Elraki. Her er det så fredeleg og vakkert. Ja, på ein eller annan måte får eg ei slags "heilag" stemning over meg her. Trur elva spelar ei veldig viktig rolle. 


Elva og lona ved Elraki

Det er ikkje så langt frå Fossedalen til fjorden. Ein god halvtime eller noko slikt. Alt etter som. Det same kan ein vel rekne frå Fossevikja til Ottersteinen. Det overraska meg ganske mykje kor oppgådd stien på dette stykket allereie var. Rolf K og Agnar har merka med kjeppar og raud måling, så no går allereie folk i same trakket. Akkurat det er viktig. Men det gjenstår sjølvsagt både rydding og ei trapp over ein liten hammarnakke. Nokre personar ein lørdag og dette skal bli bra. 

Utsikt mot Fossevikja frå stien til Dalsfjordbrua

No hadde eg faktisk såpass tid til broderen skulle hente meg at det vart ein tur til Dale òg. Innom Almuen og helste på ordførararen og diverse kjentfolk. Men eg såg ille ut, og lukta sikkert endå verre, så det vart berre med ein rask visitt, før turen bar oppom foreldra mine for å helse på. Etter ei stund kom så Sillan og skyssa meg til Stongfjorden igjen. Takk Sillan. 

Ja, dette kan vel seiast å vere ein vellukka dag...:-)