Facebook

lørdag 6. desember 2014

Soloppgang i rennefòkk

Toreheia i dag tidleg





I dag fekk eg lyst å gå på Toreheia igjen. Det var nemleg ei stund sidan eg hadde vore opp her. Og sidan det var meldt dårleg vèr ut over dagen, starta eg tidleg i grålysninga. I løpet av natta hadde det frose på, og i høgda låg det ein heil del snø. Ja, oppe ved toppen låg det sikker 3o cm der snøen hadde lege i ro. Somme ranar var sjølvsagt avblesne, medan andre plassar igjen låg der ganske tjukk fokksnø. 

Eg nådde akkurat opp på toppen då sola skar over toppen på Skålefjellet på motsett side av Stongfjorden. Men det var ganske heftig rennefòkk i den aukande vinden. Eg tok opp nokre bilder, ein snutt og fekk namnet i boka, før eg tok vestover retning Skylefjellet. Kjempefint ut igjen her ,sjølv om det bles og fauk snø rundt øyra. Friskt og herleg. Og ute på Skylefjellet fauk det skikkeleg. Eg fekk namnet i boka, og gjekk rett ned bakkane til Mangevatna. Deretter ned til Rinda og heim igjen. 

Tid for dusj. Deretter Dale-tur med Sander og Peter. Bollar, cola og kaffi på Almuen. Litt sosialisering med gamle kjende. Deretter besøk på sjukeheimen. To flotte turar i boks. 

Legg inn en kommentar