Facebook

onsdag 24. desember 2014

Skålefjellsnissen





Det vart litt av ein kraftanstrengelse å kome seg opp på Skålefjellet i dag. I låglandet var det veldig isete. Spesielt opp frå Gjerda og opp Gjerdedalen. Oppe i Brekka var det meir snø, men den var knallhard. Så første biten av turen gjekk med broddar under føtene. 

Frå omlag der eg gav meg hin dagen, sette eg på meg trugane. Det gjekk veldig greitt opp til elva. Men opp over hammaren var det styggbratt av snøen. Så eg forsøkte meg opp, men fann det tryggast å snu ved bjørka der tauet skulle hange. Men det såg eg ingenting igjen av. Her var det i tillegg så isete at eg ikkje fann det forsvarleg å gå over hammaren. Eg gjekk difor ned igjen bakken, og heldt fram opp mot Mannskaret til der ein tek av til Skålefjellsvatnet. Dette gjekk greitt. Likevel hadde eg aldri kome meg opp utan trugane. Det låg nemleg uhorvelege mengder med snø. Ja, så mykje har ikkje eg sett her før....

På toppen bles det godt frå aust. Eg bestemte meg likevel for å byte klede. Snøgòvet stod rundt øyra og fylte alle klede. Både det som måtte av og dei nye eg tok  på. Dei sveittevåte kleda vart stive som flatbrød på ein augneblink. Eg kan vel driste meg til å seie at dette var ei frisk avrivning......

Etter at eg hadde fått bytt klede på overkroppen, gjekk eg rimeleg raskt ned igjen same vegen. Litt bal blir det når ein skal ta av og på trugar, og av og på broddar fleire gonger. Så turen i dag tok sine 4 timar. 


Legg inn en kommentar