søndag 2. november 2014

Skoddevind...

I dag traff eg Eikeland-karane inne ved gapahuken og slo av ein prat med dei. Dei opplevde nok det same som meg i går på jakta. Ufyseleg vèr, kaldt og vått. I Gjerdedalen, på veg ned att frå Skålefjellet, traff eg Arild med geværet på skuldra. Han skulle ha seg ein liten trimtur... Eg kunne stadfeste at det var lite hjort å sjå. Etter det eg trur og har erfart, går det meir dyr lenger ute mot Størdalsstauren. Men dei vandrar vel gjerne litt hit og dit... (Jakt har eg ikkje greie på...!). 

Elles heldt det seg relativt opplett på turen i dag. Og iallefall noko heilt anna enn i går... 
Men skodde og vind var det likevel 
rikeleg av oppe ved toppen. 
Fin trimtur på Skålefjellet i dag òg...!

P.S. Hvis nokon i trimgruppa les dette, så skulle trimboka hatt ein boks ekstra. Metallboksen og plastikken held ikkje det ufyseleg vèret ute, og boka er no våt. Dette skulle vore fiksa...

Ingen kommentarer: