onsdag 26. november 2014

Fossedalen truga av kraftutbyggjing for n`te gong







Minner frå Fossedalens Dag



Fossedalen er eit ynda turområde med fleire stinett. Her på veg til Eitrenipa og Blegja.


Småkraft søkjer igjen NVE om konsesjon til kraftutbyggjing i Fossedalen. Dei vil bygge kraftstasjon i Fossevikja med innslag av tunnel/sjakt til Fossedalsvatnet. Vatnet skal så førast i tunnel til kraftstasjonen i Fossevikja. Ved vatnet skal det lagast inntak ved det gamle naustet. Vidare skal det byggjast ein halvmeter høg demning på 20-25 meter i lengde over svaberga ved utløpet av Fossedalsvatnet.  Utbygginga er rekna til 18,6 GWh eller straum til ca 930 husstandar (som truleg har straum frå før...) 


Ved utløpet av Fossedalsvatnet skal det byggjast ein demning på ein halv meter i 20-25 meters lengde


I 2006 leverte Fossedalens Vener inn over 1500 underskrifter (seriøse) mot kraftutbyggjing i Fossedalen til ordføraren i Askvoll. Samtidig sa kommunestyra i Askvoll og Fjaler nei til utbyggjinga. Deretter avslo Norges Vassdrags og Energiverk søknaden.  

Denne gongen er søknaden sukre med tilretteleggjing for turisme i Fossevikja ved å bidra til restaurering av bygningsmassen og andre kulturminner (slå den). I det høve skal det lagast molo og kai for fritidsbåtar i vikja. (P.S. God tursti dit no...).

Ja då spørst det om kommunepolitikarane vil bite på denne gongen? Ongulen med agn er lagt ut...

Fossedalsfossen

Eit av dei viktigaste poenga i dag i høve til den forrige søknaden, er at det er kome bru over Dalsfjorden. Det er difor laga forlenging av DNT-ruta frå brua til Fossevikja, og vidare til turlagshytta Nipebu. Såleis er dette unike turområdet på nordsida av fjorden mykje meir tilgjengeleg/meir nytta/blir meir nytta no enn før då ein måtte over fjorden i båt. Dette for å sette saka og området litt meir i perspektiv. Nedslagsfeltet er heilt fritt for tekniske inngrep utanom sjølve kraftlinja som går nord/sør frå Skorva og over Dalsfjorden (Småkraft brukar uttrykket "betydelig påvirket av kraftlinjer" i søknaden). (Den eldste skulle forøvrig ha vore teken vekk for lenge sidan, men den har no òg si historie....).


Det er laga forlenging av DNT-ruta frå Dalsfjordbrua til Fossevikja og vidare til Nipebu

Lite vatn
Mykje vatn







Utviklinga av turlagshytta Nipebu i år er interessant. Auken i overnattingsbesøk er på 101 (frå 296 til 397) og dagsbesøka har auka med 32 (frå 87 til 119). (Rekna frå 1/10-13 til 1/10-14. Tala er henta frå Årsmeldinga til Indre Sunnfjord Turlag). Sett på bakgrunn av tidlegare års tal, er det heilt klart at auken skuldast den nye tilkomsten over Dalsfjorden. 


DNT-hytta Nipebu


Som vi veit føl deler av stien til Nipebu Fossedalselva. Denne vil i lag med Fossedalsfossen og Vikafossen bli gjort om til knapt sildrande vatn (planlagt 400 l/s om sommaren og 120 l/s om vinteren) om Småkraft og fallrettshavarane får det som dei vil. (Gjennomstrøyminga er ein illusjon sidan vassdraget er ekstremt på og av, og dei naturlege svingningane i elva, lonane og vatnet blir forstyrra). Mest sannsynleg, og som ein ser andre stadar med småkraftutbyggjingar, blir elvane/ lonane der vatnet blir teke vekk, reduserte til stilleståande varme vasspyttar om sommaren. Illeluktande og fritt for liv. Vil vi dette? Kva vil framtidige generasjonar seie? 

Fossedalselva 
Lonane ovanfor Elraki

På dugnad i DNT- regi vart det laga ny bru over Fossedalselva ved Elraki



Bruer nedanfor Fossedalsfossen laga på dugnad i regi av turlaget 

For dei som ynskjer å lese sakspapira finn du dei på Facebook-sida vår eller her. Høyringsfristen er sett til 27/2-2015. Meld deg gjerne inn og vis at du vil ha Fossedalen fri for kraftutbyggjing i framtida. Det står om opplevinga av frie fosselandskap og fossar. Turar og inntrykk som styrkjer fysisk og psykisk helse. Dette er indrefilèten til dalingane. Inngangsporten til eit eldorado av flotte turar og fjell. Rett utanfor eiga stovedør... 



Sjå elles høgremeny


som alle ligg innanfor influensområde/nedbørsfelt for utbygginga.

P.S. Vedr. stykket om Fossedalen i Firda hin dagen. Der såg ein at ho dama frå Småkraft som var referert sa at den forrige søknaden vart lagt vekk pga stor lokal motstand. Det er feil. Eller det er sjølvsagt rett at det var stor lokal motstand, men det var NVE som avslo søknaden.


Ingen kommentarer: