Facebook

fredag 17. oktober 2014

Herleg fridag...




Eg gjekk to fantastiske turar i dag. Morgonturen gjekk til Skjerlia, og den nye fjelltrimposten på Kvamsnipa. Veldig artig å gå opp igjen bakkane her. Rart å tenke på at det er 7 år sidan sist det var post på denne toppen. Hugsa godt igjen mange av skjeringane i bakkane og berga eg gjekk opp då... 

Bilda ovanfor er frå Skjerlia. På det første bildet ser vi toppen av Kvamsnipa i midten. Markavatnet ser vi på alle tre bilda. 

Etter å ha ete nokre skiver, drukke kaffi og slappa av litt heime, gjekk eg opp den vanlege ruta på Skålefjellet frå Gjerdedalen. Oppe i Gjerdebrekka traff eg Vigdis og Arild K. på veg ned igjen. Eg slo av ein liten prat med dei. 

Elles var det fantastisk flott her opp òg. Men det var i grunn godt å ha med seg litt byteklede etter sveitteykta opp. Eg har alltid med meg byteklede i sekken om hausten og vinteren. Eg blir aldri kald når eg får skifta til tørre, varme og vindtette klede. Under er bilder frå denne turen. Som eg nemnde i bloggen i går - eg kunne aldri ha blitt heldigare med desse to feriedagane...






Legg inn en kommentar