mandag 4. august 2014

Leggmøye


Med utsikt til øyriket i Florø 

Fint heim igjen i kveld


Sola fell stadig lågare ned mot vest no
Eg drog truleg på meg ein strekk eller eit kvart bak i leggen på joggeturen til Staveneset i går morgon. Det same som eg fekk ute i Holevika hi veka, etter å ha jogga heime i frå. Dette var bra forrige veke, men no kom det altså igjen. Dette er det same som eg sleit med i Tyrkia i fjor sommar. Tydeleg at høgre leggmuskelen er lite begeistra for dette konstante og regelmessige trykket frå hardt underlag. Kva som gjer det må no fuglane vite...
Det stikk opp eit hovud over kanten...

No gjekk eg meg likevel ein rask tur på Skylefjellet i kveld. Følinga med smerten i leggen var jo der, men ikkje verre enn det gjekk ganske greitt. Eg får heller halde meg til fjellet og unngå asfalten ei stund. Kroppen gir alltid sine signal som ein må lytte til...

Ingen kommentarer: