lørdag 2. august 2014

Daletur i Dalsfjordveka






Sidan vi har besøk i helga vart det ein tur til Dale i dag med m.a. besøk i Jakob Sande-tunet og Lisa i Li krambu & bakeri (bilete). Deretter ei omvisning med guide til kyrkjegarden og gravstaden til Sande. Så vandra vi til bautaen og til bestefarsstaua der vi fekk eit innblikk i diktaren sitt liv. 

Men før dette var det sjølvsagt tid til kaffi og skillingsbollar på Almuen. Sidan eg er oppvaksen i Dalstunet hugsar eg alltid ferske skillingsbollar hjå Thomassen laurdagsmorningane. Veldig kjekt at dette er å få i same tunet den dag i dag. Lukta av nysteikte skillingsbollar høyrer tunet til...  Elles traff eg på veldig mykje kjentfolk, så i staden for den tradisjonelle fjellturen lørdagen, vart det i dag ei gedigen sosialiseringsrunde. Kanskje hadde eg like godt av det som ein tur på fjelltrimmen...:-)

Ingen kommentarer: