Facebook

søndag 31. august 2014

Svelia

I Oslandsbotnen

Vardenova

Fortøyninga til denne båten levde i dag....




Eg gjekk meg ein morgontur til Svelia i dag. Med fiskestong i sekken. Fiskelukka vart det så som så med, men akkurat det betyr mindre og mindre. Slikt er no alltid berre litt av turen. Og i dag vart det i grunn andre ting som opptok meg enn fiske. Greitt å opptre som reddande engel av og til òg...

Dei første som trong hjelp var ein sau og tre lam som hadde kome seg inn på veirebeitet i Svelia. Dei stod å trykte på gjerdet på nordsida og ikkje kom seg ut. Etter opp og ned bakkane nokre gonger forstod dei endeleg at grinda var open. Merkeleg at det går an å springe forbi slik utan å forstå eller sjå...!! Men til slutt skjønte dei jo teikninga - etter at eg begynte å gøy - som ein fårehund ! 

Neste sau som trong hjelp, var eit lam som hadde ròta seg inn i eit tau frå båtane som ligg på land i enden av vatnet mot Botnastølen. Stakkars lammet held jo aldeles på å rive av seg halen i forsøket på å kome seg fri. Heldigvis hadde eg kniv med meg.  Så etter at eg heldt lammet godt under meg, fekk eg skore av tauet, så det fekk fridomen igjen. Det bræka nøgd, og slo følgje med nokre andre. 

Det hadde det ikkje heilt godt dette lammet ved  Svelivatnet

Jo jo det var den fisketuren. Eg tutla meg berre heim igjen. Undrande på uttrykket om å vere svinebunden, og om eit lam kan vere svinebunde? Vèret vart knallflott. For flott til fisking i allefall. Men trimmen inkl intervallar hadde eg iallefall fått. Nokre gode gjerningar og opplevingar rikare òg... Ikkje heilt vekkasta til ein søndagsføremiddag å vere....

lørdag 30. august 2014

Sikring

Utsikt mot Heileberget

Stongfjorden

Helleveien kor maroder eg var i kroppen i dag tidleg etter den silsveittande vedøkta heime hjå moderen i Dale i går. Sjeldan eg har skolve slik i føtene, men inn skulle alt i hop. Tørr oppkappa og fin ved. Og det gjekk. Eg kunne jo ikkje gje meg på det....

Eg låg difor frampå til klokka 07 i dag tidleg. Kræka meg på føtene. Fekk i meg grauten og kaffien, og brått kjendest kroppen mykje betre ut. 

Eg hadde vel egentleg tenkt meg avstad å fiske i fjellet i dag, men ombestemte meg, og ville sikra hammaren midtveges til Skålefjellet med tau i staden. Så då vart det Skålefjellet i dag. Og ei god økt med varding frå hammaren ved elva og opp. No er det blitt veldig bra. 


Tauet ved hammaren held fram opp t.v.

På toppen bles det frisk søraust vind. Og i aust såg eg drevet av regnbygene i fjella. Eg skreiv meg difor berre inn i boka, og tutla meg ned igjen til hammaren der eg strekt ut tau. Partiet her kan bli både isete og leitt til vinteren, så det kan vere ok å ha noko å halde seg i. Tauet skal tòle 250 kg. Festa skal halde om nokon dett. Men eg tek sjølvsagt ikkje på meg noko ansvar om det skulle gå gale med einkvan her i vinter. 



torsdag 28. august 2014

Ei lita runde

Stakk oppom Skylefjellet igjen i kveld, og traff Roger Grimelid og Vincent på hytta ved Svartevatnet. Kjekk passiar både opp og ned forbi att. Gutta kosa seg på altanen med ein god kopp te. (I kveld var eg sjølvsagt utan kamera og smarttelefon, så eg ikkje fekk teke bilde av karane). Eg sjølv kom heseblesande som med fanden i hælane...  Eg måtte berre få ut litt overskot. Heldigvis heldt foten ganske bra, sjølv om eg kjenner det. Satsar difor på ein litt lengre tur på lørdag. 


ved Skylefjellet

No news is good news?

Skålefjellet i vår

(skal oppdatere denne til ein nyare versjon ved høve)

Du lurer kanskje litt på fjellturane mine og nye oppdateringar her? Vel, det ligg fleire turar i planane mine framover. Men først og fremst har det vore veldig mykje anna i det siste - både privat og på jobben. Fjellturane har difor måtte vente. "Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå" likevel... 

I tillegg har eg slite med ein strekk eller ein senebetennelse i eine leggen. Den har vore veldig vond (fekk den i Holevika etter å ha jogga frå Yndestad tidlegare i sommar). Det er ikkje noko særleg å vandre i fjellet med smerter. Det tek vekk all gleda. Så ein pause har vore heilt påkrevjande. No til hausten er likevel planen min å gå ein god del meir enn no.... Har såleis handla inn noko tau for å sikre over hammaren på ruta til Skålefjellet i vinter (fjellet er fjelltrimpost neste sesong). Fjellet kan vere ganske tøft vinterstid....

Framover? Tja, eg får ta det som det kjem. Fredag må eg hjelpe foreldra mine med ved, og søndag er det barnedåp for åttande barnebarnet mitt. I tillegg til pendling, full jobb, ein 14 åring i huset og fruen vekke på kurs, fyk dagane ! Stay tuned !


mandag 25. august 2014

Bergen non private



Eg plukka ut nokre bilder frå Bergen i helga av ikkje privat art. Du finn dei på vedlagde link:

søndag 24. august 2014

Bergenshelg

Vel heime etter sosialt lag i Bergen i helga. 4 retters middag på SAS hotellet lørdag. Avslutta helga på Troldhaugen med den fantastiske pianisten Oda Hjertine Volstersvk sine tolkingar av Edvard Grieg ++ i dag. http://griegmuseum.no/konserter/1708-oda-voltersvik. Deretter tre retters lunsj på Trakteuren. Bilder frå helga blir denne gongen av privat art.



Foajeen på SAS hotellet



fredag 22. august 2014

Fin augustikveld

 
Skålefjellet i kveld i fint lys

Eg tok rundturen på Toreheia og Skylefjellet her heime
igjen i kveld. Det silregna då eg gjekk, men eg såg det an til at det kunne lette. Det stemde forbausande bra. Ja, det vart egentleg veldig fint då eg nådde opp til Krikavatna. Kveldssola laga havet til skinande sølv. Nokre kunstnariske skyer gjorde det ekstra fint. Flott trimtur !

Foto Toreheia og Skylefjellet


torsdag 21. august 2014

Fram og tilbake

Var ei stripe på Skylefjellet i går kveld. Hustrig, litt nordavind og skodde. Det haustast for kvar dag. Eg måtte fram med både hue og vindjakke. 

Ja, slik er årstidene. Dei skiftar fort. Og di eldre ein blir di fortare skiftar dei visst. Ikkje det - i sommar vart det nok både av sol og varme for min del. Såleis er eg veldig nøgd. Dette er aldri noko problem når eg sikrar meg 14 varme dagar i Tyrkia på førehand . Greitt det når ein berre har 3 veker til rådvelde. For det er ikkje nett kvar sommar vi er så heldige som i år. Alltid kjedeleg å bruke opp ferien i regn og skodde. Ja, det er langt fram til neste sommar når ein ser det på den måten. Heldigvis får eg seie - at det er lenger fram enn tilbake... Hmmm...:-)

Var det ikkje Ingebrigt Davik som song om fram og tilbake...!?

søndag 17. august 2014

Skålefjellet






Det er mykje erodert stein på Skålefjellet. I alle slags former. Det er difor lett å byggje vardar. Eg tok meg difor ei tutle med å sette opp nokre nye, og byggje på nokre andre, oppe ved toppen i dag. Det er først og fremst her det trengst pga skodda. Skålefjellet er òg post på fjelltrimmen til hausten, så det er greitt at det er godt merka. Kanskje vil eg òg sette opp nokre refleksstenger slik at det går an å gå etter at det er mørkt. 

Eg gjekk ned igjen på austsida i dag. I skaret ved toppen av Nipane. Og deretter nordsida av fjellet. Det er nok sjeldan det går folk og dyr her no, for du må nesten vere lokalkjend for å ta deg nokolunde greitt fram. Det er forresten ei god stund sidan eg sjølv har gått denne ruta. 

Under eit lag tidlegare i vår vart eg pratande med Even inne som er geolog, og om det er restar etter eit bogestille frå steinalderen i toppen av skaret (det er nemleg restar av eit bogestille i skaret på hi sida av fjellet ved Mannskaret). Eller om dette berre er ein steingard. Som eit grensemerke, eller til å ha hindra sauene i å ta seg ned på nordsida. Dei er veldig strategiske  begge plassane for avskyting av dyr. Interessant er det uansett med slike gamle merke i naturen. Her er eit par foto.




Enlightenment

Eg brukte lørdagskvelden til å sette i hop nokre bilder eg er glad i. Her er dei med musikk.



lørdag 16. august 2014

Moldura

Hello there...

Halvtamme sauer på Moldura

I dag tok eg turen til Moldura frå Stongfjorden, og vidare runda om Størdalsstauren og ned igjen på Neset. Vèret var delvis skya, litt sol til å begynne med, men det tjukna meir og meir til ut over dagen. Dei første regndråpane låg i lufta då eg kom ned igjen til fjorden. 

Det var ei veldig artig og spesiell oppleving å høyre kurring av ein orre oppe ved tregrensa. Eg kan ikkje minnast at eg har høyrt dette før midt på dagen i august. Eg tok opp ein liten snutt der ein kan høyre dette fenomenet hvis ein skrur opp lyden litt. 


Elles gjekk det mykje sauer på nordsida av Moldura. Også mange utover mot Størdalsstauren. Ei besetning var klårt meir sky enn den andre. Sauene på bildet ovanfor passerte eg på 10 meter avstand. Dei var veldig tillitsfulle.  

Hausten er på full fart i fjellet. Ja, det var ikkje akkurat nokon sommartemperatur i vinden der oppe i dag. Eg fekk fort av meg sommarhabitten på toppen. Ulltrøye, tynn vindjakke og jakke samt hue, var meir eigna påkledning. Også fargane er no i klår endring. Brunfargane er snart heilt dominerande. 

Fin trimtur !

Utsikt frå Moldura. Dokka t.h.

Størdalsstauren

Haukedalsvatnet

Utsikt vestover
Utsikt austover

Sigvard, regnbogen og fiskestonga
  
Det kveldast på Haukedalsvatnet.
Rørvika i bakgrunnen
(legg merke til pilkestong med 100 gram søkke og convoy...!)

Broderen slo følgje på ein fisketur til Haukedalsvatnet i går kveld. Vi vart tekne godt i mot av Terje Aarskaug på Haukedalen fiskeferie, der vi òg kjøpte fiskekort og fekk låne båt. Terje er ein sosial og kjekk fyr. 

Etter den særs spesielle sommaren i år, med sol og varmt vèr, har fisket ikkje vore det beste i det siste. Med det i bakhovudet, og at vi fekk høyre at nokre svenskar som hadde vore der tidlegare i sommar, hadde funne fisken på 40 meters djupne i følge ekkolodd, var forventningane til fisk ikkje særleg store. Og utbyttet vart diverre magert. Kanskje blir fisket betre når det haustar litt meir? Som eg har nemnt tidlegare, så trur eg fjellvatna er for varme til at det er noko liv i fisken. Dei står i koma på botnen. Eg er iallefall litt lei no etter å ha tråla diverse fjellvatn med fiskestonga, og frysen endå er bortimot tom (garn er ikkje heilt min stil!).Vel, vel vi har jo september òg... 

I går kveld fekk vi oppleve alt slags vèr: vind, stille, regnbyger og sol. Alt på ein gong - nesten. Landskapet skifta lys heile tida. Og med dei grøne velstelte gardane ikring, fjelltoppane og det nydelege landskapet, vart det ein flott tur. Haukedalen og Haukedalsvatnet er ei fantastisk perle. Litt vekkgøymd og litt utanfor allfarveg. Hit eg reiste å fiska mykje for ein del år sidan. 

Du lurer kanskje på fisken ? Du ser han på linken ovanfor. Den er blank, feit og raud i kjøtet - om du får han.... 

P.S. La det vere sagt - eg kjem att. Eg lèt meg ikkje vippe så lett av pinnen...:-) 

søndag 10. august 2014

3 bøker







I dag tok eg turen oppom dei tre turbøkene på Yndestadhøgeheia, Toreheia og Skylefjellet. Ekstremvèret "Lena", som røska skikkeleg i bedd og rundt husnòvene i natt, hadde ikkje heilt gitt seg. Men vinden hadde snudd frå søraust til sørvest, og då tek den langt mindre her i Stongfjorden. Friskt var det likevel oppe på fjellet til å begynne med, spesielt på toppane. 

Lyset var eit kapittel for seg i dag. Frå strålande sol til tjukke skyer. Og dermed var det omlag som å skru av og på ein lysbrytar. Så veldig mykje regn hadde det ikkje kome i løpet av natta, så det var heilt ok å gå i berre fjell-joggesko. 

Elles er dette ei runde eg har teke nokre gonger no. Og nærare beskrivelsar er vel ikkje nødvendig. Bilda talar for seg. Ein flott trimrunde dette som eg når frå dørstokken heime...




fredag 8. august 2014

Ein vanleg trimtur

Ved Mangevatna i kveld

Eg tok ein ny fin trimtur på kystarvposten på Skylefjellet i kveld. Heilt stille og fint i vèret, og passeleg temperatur til å springe i berre shortsen. Så mykje meir er det vel ikkje å seie som ikkje har vore sagt før. God trim iallefall !

torsdag 7. august 2014

Bakkevatnet


Tveit i midten - der kveldskonserten var hin kvelden. 
Dokka t.h.



Høgknolten på Heileberget i bakkant


Dette bildet er teke på Bakkevatnet på slutten
av barndomstida mi....

Som ei oppfølging til konserten på Nedre Tveit hin kvelden, der Kåre Tveit synte meg at det var utsikt til Bakkevatnet der i frå, tok eg ein tur i fotefara frå guteåra mine ved vatnet i kveld. 

Vi var nemleg mange somrar på Boge i Holmedal i barne- og ungdomsåra. Vi budde i ei hytte som heitte "Klippen" som er riven no. Vi gjekk ofte til Bakkevatnet for å fiske og bade. Dette er ei tid eg hugsar med stor glede. Eg synest difor det er ekstra hyggeleg å ta ein liten tur hit av og til. Så eg tralla avgarde frå Bakke - "med fiskestang i handa og regnfrakk og sydvest" ... 

Elles var det ikkje ein lyd - ikkje ein einaste. Det var dammande stilt på vatnet og ikkje ein knyst å høyre. Fantastisk ! Aldeles herleg å kunne nyte den fullstendige stilla...! Og faktisk ganske så nær både Holmedal, Dalsfjordbru og alt anna... Ei lita gøymd perle....

Fisk vart det ingenting av. Men det gjorde absolutt ingen verdens ting. Kjøa trur eg har gått i koma av minst 20 grader i vatnet. Det viktigaste var å syge inn minna frå tida då eg var kate. Men dette får eg heller kome tilbake til med ei bok når eg blir pensjonist...

P.S. Eg skreiv forresten eit dikt om gamlebåten eg sit i i bildet ovanfor i fjor. Her er det: 
"Fullbyrda reise"


Ja, her er forresten eitt til. Bildet er teke frå kammen på Dokka.








onsdag 6. august 2014

Musikkveld på Nedre Tveit i Holmedal













Omlag 70 menneske hadde møtt opp på uteområdet på Nedre Tveit i går for ein musikkveld. Personleg hadde eg aldri vore her før. Det vart såleis ei mektig oppleving. Ikkje minst då Kåre tok ei lita omvisning for Olaug, Odd, Ellen og underteikna, innandørs, i dei gamle og velhaldne bygningane 

Musikalsk var det "Havbrus" som underheldt med slåttar, vals og rheinlenderar med flott felespel til, og gitar av Jørgen Alisøy og på bass Sondre Haugen, son av Jan. Dessutan fleire flotte solonummer av Egil Furenes. Jan på Hogje spelte både einradar, toradar og fleirradar. Som om ikkje det var nok spelte han på bukkehorn, så ekkoet lydde i fjellsida på Dokka. Eg kjende meg nærast sett 1000 år tilbake i tid ! Vidare underheldt gardsfolket med flott solosong. Og alt dette vart halde styr på av Oddvar Vassliås som sjølv framførde fleire songar. Morosame og salmar. 

I den låge kveldssola, ved dei gamle og flotte bygningane, og det nydelege uteområdet, vart det ei fantastisk kjekk kveldsstund. Avslutta med kaffi, heimelaga kaker, lappar, natronkaker, rørt bringebærsyltetøy og heimelaga saft (for å nemne noko).  Og sjølvsagt ein god drøs. Ein fantastisk kveld ebba ut då sola forsvann bak den prektige Dokka. Takkar vertskapet for ei minnerik oppleving !