onsdag 16. juli 2014

Eit sabla fugleliv

 Skylefjellet i kveld
Det blømer i hagen...

Eg tok meg ein rask trimtur på Skylefjellet i kveld. Det var som om lufta var lettare å puste i etter regnet. Men så mykje har det ikkje kom ned her i ytre strok. Egentleg for lite. Men likevel har det nok gjort godt for vegetasjonen. 

I kveld var det eit sabla fugleliv ved Mangevatna. Eg trur det måtte vere to kull med heilo som var på vingene. Dei drog si melankolske strofe frå alle kantar. Ja, det flaksa opp frå kvar ein haug og topp. Ikkje nok med det - raudstilkparet som eg har observert her oppe tidlegare, drog også opp til konsert. Det er ikkje kvar dag det er eit skikkeleg orkester her oppe. Som regel er det berre nokre heipiplerker som skvett opp. Det vil seie, her låg ei stokkandmor med eit heilt kull med ungar tidlegare i sommar. 

Elles ser det ut som det er godvèr på gang igjen. Fint og lyst ute i havet. Sidan det er Skjærgårdstreff i helga er jo det hyggeleg. 

Ingen kommentarer: