søndag 27. juli 2014

Det var den aller aller største gjedda....

 noen noensinne hadde sett....
 


I dag fann eg på noko nytt. Eg tok med med dykkermaska på fjellet ! Om det har vore folk å dykka i Mangevatna med dykkarmaske før, veit eg ikkje. Tvilsomt. Men etter å ha trakka her oppe i åresvis, og nesten kjenner kvar stein, fekk eg brått lyst til å sjå kva som var under vatn òg. Og det vart jo ei ny erfaring. 

Det var nesten sensasjonelt kor nær eg kom eit par smålom som låg på austsida av vatnet. Eg såg dei låg der då eg varsamt gjekk ut i vatnet ved den gamle muren. Men til slutt fann dei vel ut at det var skummelt likevel det som kom sigande etter vatnet....:-) 

Ja, og så såg eg brått det bleinkte nede på botnen. Eg pusta godt inn, kom meg ned på nokre meter, og drog opp ein gjeddesluk. Den kan sikkert brukast til kjø òg, men eg lo godt med meg sjølv då eg kom på songen til Øystein Sunde med den aller største gjedda. Større og tyngre gjedde enn den som tok sluken i Mangevatna i dag finst ikkje ! 

Kjø såg eg derimot ikkje snurten av. I det pisselunka vatnet låg dei vel og teva etter pusten på djupaste og kaldaste punkta. Som eg ikkje såg ned til. Kjø er her iallefall. Om det finst gjedder i djupna skal vere usagt. Eg stiller meg noko tvilande til det...! Med rette vil nok dei som har greie på innlandsfisk hevde...

Elles var botnforholda som ein kan forvente - siv, stein og gjørme. Eg prøvde å trakke i gjørma på botnen ein plass eg stod, men då seig eg gjennom til langt opp på leggen - eg fann ut det fekk halde med det ! 

Etter snorkelturen stakk eg ein tur oppom Skylefjellet for å få varmen i kroppen igjen. Ein halvtime i fjellvatn er no ein halvtime. Og sjølv om eg har hevda at den ultimate sommaroppleving er å bade naken i fjellvatn, så ligg Mangevatna så nær opp til fleire turstiar, og badinga denne gongen var av det langvarige slaget, at eg kan roe alle som går her oppe med at eg tok mennesklege omsyn...:-) Som regel gjer eg jo det....:-)


Seinare på dag var det tid for ein ny omgang med torèver. Om det kjem hit vil tida vise. Det dundrar noko voldsomt i aust iallefall. Bildet inn under viser litt av himmelen der inne...

Ingen kommentarer: