tirsdag 15. juli 2014

Alt har si tid...

Eg var ein tur oppom Myraplassen (Myrane) ved Oslandsvatnet. Som vi ser er det ikkje mykje att av denne husmannsplassen no.






Nedanfor er eit bilde som Paul Stang tok i 1908. Som vi ser er det restane av huset i midten som står att. Dei to andre husa er berre grunnen igjen av. På dette bildet sit Stranda-Lars berrføtt på steinen i framkant. i bakgrunnen ser vi mot Ytrevågefjellet.



I Myrane levde dei av nokre geiter og sauer. Dei spøta og sydde for folk. Og selde sopelimar av bjørkeris. Mange av dei som budde her vart gamle. Ane i Myra døydda i 1915, 97 år gamal. Søstera Anne Kristine Larsdotter døydde i 1922, 91 år gamal. Det seiest at livretten hennar var sterk kaffi og ein god røyk på kritpipa. Ane var kjend for å vere mykje nytta til å ta koppeblod av slike som kjende verkeknutar i ledd og lemer. 

Ane hadde ein son, Jakob Osland. Han jobba på jodfrabrikken i 1897 og seinare som boremeister på damanlegget på Osland då aluminiumsfabrikken tok til i 1907. 

Stranda-Lars var bror til kona til Jakob. Berrføtt bar han varer til fjells i anleggstida for utbygginga av elektrisitet til aluminiumsfabrikken. Han var både lese- og skrivefør. Av lesestoff hadde dei andaktsbøker og salmebøker, og bladet "Vestlandsposten". Lars heldt seg med maten sjølv. Ein person frå Stongfjorden som vitja Myraplassen ein 2.juledag har fortalt at Lars då stod og tinte på frosen graut. "Han er så hard at tolekniven ikkje står i han"vart det sagt...

Kjelde: Stangfjordalbumet

Det er alltid trasig når gamle kulturminne går tapt. Kanskje hadde Myraplassen fortent ei anna skjebne enn vist ovanfor? 

Ingen kommentarer: