Facebook

tirsdag 29. juli 2014

Lett og nett 2

Smelværet i ettermiddagssol

På Furefjellet i ettermiddag
Etter middag i dag tok eg turen til Holevika på Staveneset og ein kjapp tur på Høgeheia. Delvis skya og 18 grader. På toppen traff eg eit tysk par og ei bikkje. Slo av nokre ord med dei. Deretter sprang eg vestover til Furefjellet ytst ute, og ned igjen i Holevika. Nydeleg !

mandag 28. juli 2014

Lett og nett




Nydeleg kveldstur opp fjelltrimløypa mi til Toreheia, via Krikavatna og ned att Yndestadhøgeheia. Lette skoddeslør, vindstille og god temperatur. Nok til å berre springe i shortsen. Aldeles herleg !



søndag 27. juli 2014

Det var den aller aller største gjedda....

 noen noensinne hadde sett....
 


I dag fann eg på noko nytt. Eg tok med med dykkermaska på fjellet ! Om det har vore folk å dykka i Mangevatna med dykkarmaske før, veit eg ikkje. Tvilsomt. Men etter å ha trakka her oppe i åresvis, og nesten kjenner kvar stein, fekk eg brått lyst til å sjå kva som var under vatn òg. Og det vart jo ei ny erfaring. 

Det var nesten sensasjonelt kor nær eg kom eit par smålom som låg på austsida av vatnet. Eg såg dei låg der då eg varsamt gjekk ut i vatnet ved den gamle muren. Men til slutt fann dei vel ut at det var skummelt likevel det som kom sigande etter vatnet....:-) 

Ja, og så såg eg brått det bleinkte nede på botnen. Eg pusta godt inn, kom meg ned på nokre meter, og drog opp ein gjeddesluk. Den kan sikkert brukast til kjø òg, men eg lo godt med meg sjølv då eg kom på songen til Øystein Sunde med den aller største gjedda. Større og tyngre gjedde enn den som tok sluken i Mangevatna i dag finst ikkje ! 

Kjø såg eg derimot ikkje snurten av. I det pisselunka vatnet låg dei vel og teva etter pusten på djupaste og kaldaste punkta. Som eg ikkje såg ned til. Kjø er her iallefall. Om det finst gjedder i djupna skal vere usagt. Eg stiller meg noko tvilande til det...! Med rette vil nok dei som har greie på innlandsfisk hevde...

Elles var botnforholda som ein kan forvente - siv, stein og gjørme. Eg prøvde å trakke i gjørma på botnen ein plass eg stod, men då seig eg gjennom til langt opp på leggen - eg fann ut det fekk halde med det ! 

Etter snorkelturen stakk eg ein tur oppom Skylefjellet for å få varmen i kroppen igjen. Ein halvtime i fjellvatn er no ein halvtime. Og sjølv om eg har hevda at den ultimate sommaroppleving er å bade naken i fjellvatn, så ligg Mangevatna så nær opp til fleire turstiar, og badinga denne gongen var av det langvarige slaget, at eg kan roe alle som går her oppe med at eg tok mennesklege omsyn...:-) Som regel gjer eg jo det....:-)


Seinare på dag var det tid for ein ny omgang med torèver. Om det kjem hit vil tida vise. Det dundrar noko voldsomt i aust iallefall. Bildet inn under viser litt av himmelen der inne...

Eventyrleg lys - bulder og brak...




Eit fantastisk lys og bulder og brak rulla innover Stongfjorden i går kveld....
Artig !

Video !


lørdag 26. juli 2014

Kringla N&S


Dette er siste bildeserien min frå fjella i Askvoll/Dale. Det står att nokre på øyane som eg kunne tenkt å hatt med òg. Vi får sjå ved høve. Alle bildeseriane ligg øvst oppe på boggen. 
Ha ei fin sommarhelg !


Blikkstilt

Skålefjellet i dag

Eg tok å mekka i hop ein ny film frå Kringla i Dale i dag tidleg. Medan eg venta på opplastninga til YouTube inkl. musikk, tok eg meg ein snartur på Skålefjellet heime. Det var varmt. Litt trykkande, sidan det var flatt hav så langt auga kunne sjå. Sola heldt seg heldigvis for det meste unna. Elles hadde det vorte steikande varmt. Utruleg tørt alle plassar no. Begge elvane ned på vestsida av fjellet var knusktørre. Eg håpar at det kjem regn snart, for no er det faktisk problem med å finne seg drikke rundt omkring. Veldig fin trimtur !

P.S. Videoen frå Kringla kjem som eige innlegg. 

onsdag 23. juli 2014

Gosh, det var varmt...

Alden flyt på skoddedis....

... på Toreheia/Yndestadhøgeheia i ettermiddag. Utan eit vindpust var det nesten som i Tyrkia. Skikkeleg tørst vart eg òg. No er jo alt som heiter elvar inntørka, og stilleståande vatn freistar ikkje så veldig. Då må det vere krise. 

Oppe under toppen begynte eg å tenke på kor mange gonger eg har helde på å fryse tærne mine forderva her om vinteren. I dag formeleg brann dei i staden. I same fotefara. Ja, det er eit herleg land. Og eit herleg liv.... Vi er heldige !

tirsdag 22. juli 2014

Strandliv

Holevika på Staveneset i dag

I går vart det eit strandmøte med dotter mi Kristine, mannen Rudi og dei tre barnebarna mine på stranda i Stongfjorden etter arbeid. Druer, is og bad. Koseleg !

Etter arbeid i dag tok Olaug, Peter og eg turen til Holevika. Grilling, dykking, bad og kos. Ja, det er ikkje måte på strandliv om dagen. Etter 14 dagar med strandliv i Tyrkia, hadde eg i grunn ikkje rekna med at det vart mykje av det same då eg kom heim igjen. Men jammen har godvèret og gode temperaturar halde fram her òg. Makalaus sommar ! Ikkje noko er betre enn det. Ein annan ting eg skulle hatt med meg heim frå Tyrkia var aircondition anlegget - det er litt for varmt om natta til å sove skikkeleg no.....!

søndag 20. juli 2014

Dei tre

Foto kl 04.21 i dag tidleg frå altanen...

Eitrenipa og Leknesvatna
Utsikt frå Eitrenipa


Dale
Dei tre


Motiv frå Krokavatnet

Egil og Sara med følgje


Eg gjekk tidleg turen Skjerlia/Leknesvatna/Eitrenipa/Nordre og Søndre Kringla/Skjerlia i dag tidleg. Sidan det var meldt så varmt, var det best å kome seg tidleg avgarde. Og for ein dag det vart! Praktfullt! Ja, utstyrt berre med ei rumpetaske med innhald kamera, mobil, drikkeflaske, solkrem, ein pose med mandlar, og joggesko og shorts i klesvegen, var det berre å kome seg avgarde. 

Ein laugande austleg fønvind, om eg skal kalle det det, var utruleg god å ha. Ja, takka vere den, vart hèten ikkje overveldande. Vinden følgde meg heile vegen, unnateke ned frå Kringla mot Øvre Fossedalen. 

Elles var det kjekt å treffe Egil L og Sara med følgje på Krokvassenden. Dei var på veg til Nipebu. Vi slo av ein liten prat med påfølgjande bilde ovanfor. 

Ruta i dag har eg beskrive nokre gonger før, så det lèt eg vere i denne omgang. Her er link til same turen 17/6. Vèret er no for fint til å sitte inne og skrive blogg.... Eg vil difor ut igjen ! 




lørdag 19. juli 2014

I pure messingen av pur glede...


Fantastisk flott trimtur i dag tidleg på Yndestadhøgeheia, Toreheia og Skylefjellet. Flatt hav, varmt og strålande solskin. Høgsommar og berre gaman...! Ja, eg vart så yr at eg tok meg ei naking på Toreheia. Tok sjansen sidan det visst berre er eg som går her - heilt uforståeleg - flottaste området i heile kommunen og det går skotår mellom kvar gong eg ser folk. 

I tillegg til nokre bilder tok eg opp eit par snuttar. Måtte ha nokre minner frå denne flotten sommarsdagen... Du ser dei her inn under. 





onsdag 16. juli 2014

Eit sabla fugleliv

 Skylefjellet i kveld
Det blømer i hagen...

Eg tok meg ein rask trimtur på Skylefjellet i kveld. Det var som om lufta var lettare å puste i etter regnet. Men så mykje har det ikkje kom ned her i ytre strok. Egentleg for lite. Men likevel har det nok gjort godt for vegetasjonen. 

I kveld var det eit sabla fugleliv ved Mangevatna. Eg trur det måtte vere to kull med heilo som var på vingene. Dei drog si melankolske strofe frå alle kantar. Ja, det flaksa opp frå kvar ein haug og topp. Ikkje nok med det - raudstilkparet som eg har observert her oppe tidlegare, drog også opp til konsert. Det er ikkje kvar dag det er eit skikkeleg orkester her oppe. Som regel er det berre nokre heipiplerker som skvett opp. Det vil seie, her låg ei stokkandmor med eit heilt kull med ungar tidlegare i sommar. 

Elles ser det ut som det er godvèr på gang igjen. Fint og lyst ute i havet. Sidan det er Skjærgårdstreff i helga er jo det hyggeleg. 

Some pics from Marbella Hotel, Marmaris




tirsdag 15. juli 2014

Leisure in Marmaris area summer of -14

Alt har si tid...

Eg var ein tur oppom Myraplassen (Myrane) ved Oslandsvatnet. Som vi ser er det ikkje mykje att av denne husmannsplassen no.






Nedanfor er eit bilde som Paul Stang tok i 1908. Som vi ser er det restane av huset i midten som står att. Dei to andre husa er berre grunnen igjen av. På dette bildet sit Stranda-Lars berrføtt på steinen i framkant. i bakgrunnen ser vi mot Ytrevågefjellet.



I Myrane levde dei av nokre geiter og sauer. Dei spøta og sydde for folk. Og selde sopelimar av bjørkeris. Mange av dei som budde her vart gamle. Ane i Myra døydda i 1915, 97 år gamal. Søstera Anne Kristine Larsdotter døydde i 1922, 91 år gamal. Det seiest at livretten hennar var sterk kaffi og ein god røyk på kritpipa. Ane var kjend for å vere mykje nytta til å ta koppeblod av slike som kjende verkeknutar i ledd og lemer. 

Ane hadde ein son, Jakob Osland. Han jobba på jodfrabrikken i 1897 og seinare som boremeister på damanlegget på Osland då aluminiumsfabrikken tok til i 1907. 

Stranda-Lars var bror til kona til Jakob. Berrføtt bar han varer til fjells i anleggstida for utbygginga av elektrisitet til aluminiumsfabrikken. Han var både lese- og skrivefør. Av lesestoff hadde dei andaktsbøker og salmebøker, og bladet "Vestlandsposten". Lars heldt seg med maten sjølv. Ein person frå Stongfjorden som vitja Myraplassen ein 2.juledag har fortalt at Lars då stod og tinte på frosen graut. "Han er så hard at tolekniven ikkje står i han"vart det sagt...

Kjelde: Stangfjordalbumet

Det er alltid trasig når gamle kulturminne går tapt. Kanskje hadde Myraplassen fortent ei anna skjebne enn vist ovanfor? 

søndag 13. juli 2014

Havluft


I dag tok eg rett og slett ein tur med båten ut i havgapet. Stilt og delvis skya etter kvart. Men fisk vart det ikkje. Ikkje i det heile teke. Iallefall ikkje til å ta med seg heim igjen. Fisket gav eg i røynda opp for fleire år sidan. Det er i grunn berre makrell å få når den kjem inn fjorden om sommaren. Kjekt og godt var det likevel med god og frisk havluft.  


lørdag 12. juli 2014

Utanlandske geologar i heimefjella

Utsikt mot aust frå Ytrevågefjellet
Stavestranda t.h.
Det er ikkje nett kvar dag eg treffe på geologar i fjella. Iallefall ikkje frå England og New Zealand. Men på veg på Ytrevågefjellet traff eg jammen to mannfolk av nemde kategori. Så eg slo av ein lengre prat med dei. Om gruvedrifta i Grimelia og i Vågane. Om fjella her. Om stein. Og om Nordic Mining sine planar i Vevring. Kjekt møte. 

Eg gjekk så vidare på Ytrevågefjellet, Toreheia og Skylefjellet og ned att heime på Yndestad. Den vanlege runda. Knall vèr og høg temperatur. Vindstille. Og i berre shortsen. Herleg trimtur !

Svanøy og Florø


onsdag 9. juli 2014

Fjelltrim i 30 pluss


Toreheia

Stongfjorden

Ein fjelltrimtur i 30 plussgrader høyrer vel med til den sjeldne typen trim. Iallefall på våre kantar. No trimma eg ein del i Tyrkia nyleg, så varmen var slett ingen problem. Det var nok 15 fleire grader på Amos-klippen hi veka. Men det var noko med omgjevnadane og den heite vinden som var rart. 

Ja, eg grunda litt på det på Toreheia i stad. Så mange gonger som eg har frose her oppe og no springe naken og likevel silsveitte. I vind. I varmande vind.... Grådig kjekt.

tirsdag 8. juli 2014

Sosialisering på Heileberget

Ein rumpetroll studie
Olaug i skaret ved Høgholten


Fin utsikt til bygdelaga ved Dalsfjorden

Eitrenipa, Kringla, Blegja og Storehesten
Kaffi ved Driveknolten


Tone, Olaug, underteikna, Bjørnar, Ida-Katrine og Sillan på Fløyen i dag.

Fossedalen
Sillan har merka mykje til Fløyen frå Dale





I dag vart Olaug og eg med Sigvard (bror min), Tone (svigerinne), Ida-Katrine, som eg er onkel til, og Bjørnar, sambuar til Ida-Katrine, på ovannemnde rute. Vi hadde ein utruleg flott dag i lag (sjølv om Sillan og eg vart beskulda for å tyte heile vegen...:-) I eit nydeleg og varmt sommarvèr. Denne ruta har eg beskrive ørten gonger før, så detaljar let eg vere no. Takkar for fin tur !

søndag 6. juli 2014

As close to paradise as...

First sunrays in Icmeler June 24. Time: 06.10 local

View from our hotel Marbella between Marmaris and Icmeler

Bathing party
Early rider


Kumlubuk

The world is in the eyes
Satisfied Olaug at Champagne Steak House in Icmeler

Exclusive part in Amos

Nice residence in Amos (guarded)

Peter returning to Icmeler


Matrix-surfing

Magni og Olaug

Returning to Norway late in the evening
I`m back home in Norway again after a perfect holiday in Marmaris/Icmeler. No great words now. I let the pictures and videoes tell our story. Maybe I`ll write some more from the stay later this week when all the impressions have sunk a little bit better. There`s so much to tell. 
The photographer



Videoar: