tirsdag 3. juni 2014

Blodtørstige beist

Tiriltunge
Blåfjær




Eg tok meg ein springetur i berre shortsen ytst på Stavenesodden i kveld. Først ut på Furefjellet og deretter inn på Høgeheia. Skikkeleg sommartemperatur og blikk stille hav. Utruleg flott. Likevel med eit stort skår i gleda - ein sverm av blodtørstige fluger heldt aldeles på å ta livet av meg. Frå første stund oppover var eg omgitt av ein hærskare beist. Utruleg nok klarte eg å få fram nokre bilder det ikkje var fluger på, men sjekk selfien, der yra det. Og det er berre dei som var akkurat i kameravinkelen der og då. 

Flugene følgde meg heilt til bilen igjen. Eg veiva med armane det er var god for, og hoppa med full fart inn i bilen for ikkje å få heile flokken med meg inn. Mirakuløst nok klarte eg det. Det var nesten slik at eg geipa til heile flokken som formeleg angreip bilen. Ja, stanga på ruta gjorde dei iallefall. Hersens beist! 
Noko meir irriterande enn fluger skal du leite lenge etter....

Ingen kommentarer: