torsdag 19. juni 2014

Holiday holiday

...Turkey here we come...
once again...






tirsdag 17. juni 2014

Skjerlia/Eitrenipa/Nordre og Søndre Kringla/Fossedalen

Eg fekk spørsmål på Facebook om å sette i hop nokre bilder frå ovannemnde rute. Sett frå Dale er Eitrenipa og Nordre og Søndre Kringla litt like. Det er dei forsåvidt når du går her oppe òg. Og det ber nok desse bilda litt preg av. Men eg skal gjere så godt eg kan. Eg vel dessutan motsett veg. Frå Skjerlia (Førdefjordsida) til Fossedalen. Dei fleste har vel gått til Øvre Fossedalen. Om ikkje er det svært god sti opp hit. Bilda er tekne no i vår/sommar.  


Frå Skjerlia er det bra sti opp ved elva frå Leknesvatna. Du tek av frå stien til Nipebu ved elva, og føl venstre sida oppover (sjølvsagt motsett når du kjem frå Fossedalen).... Frå omlag midtveges kjem du til denne strengen å halde deg i ved elva. 

Etter omlag ein halv times gange kjem du opp til Eitrefossen. Den ser du òg frå hovudvegen i Skjerlia. Opp hit har du då gått gjennom furuskog og over nokre hamrar. Her er sti og vardar. Ved Eitrefossen er det ein streng til å halde seg i. Opp skåra til venstre og grasbakken i øvre venstre kant. Vinterstid er det ofte glasert med is her pga fossen. Då treng du broddar/stegjern. På sommarstid er det problemfritt for "folk flest" å ta seg opp eller ned.

 Ved Eitrefossen er det flott utsikt ned igjen til Skjerlia og vegen du har gått.

Her er utsikt mot sør over lagunane ovanfor fossen. Fossen renn ut for i høgre biletkant.


Her er utsikt mot aust ved Leknesvatna. Vi ser Blegja og Eitrenipa t.h. Det er småkupert og lett terreng  innover hit. Ruta går over vadet mellom vatna midt i bildet. Det er god sti. Vidare går ruta opp grasbakken t.h. Skåra t.v. og opp skåra t.h. i øvre høgre biletkant (sjå bildet nedunder).  

 Motiv ved vadet mellom vatna. Her er ei god bru å gå over. 

Foto frå nemnde grasbakke. Vi ser skåra som går frå høgre mot venstre og venstre mot høgre ovanfor. Her er bra sti i oppgangen av skåra. Ingen problem med å ta seg opp i første skåra. I andre skåra som går motsett veg opp er det snaue fjellet. Om det er vått er det ein føremon med gode sko. Elles er skårane breie å gå, men sjølvsagt luftige ut på kanten....Om vinteren bør du ha litt erfaring med å gå i fjellet då det kan vere isete her oppe. 

Her er eit oversiktsbilde frå Eitrenipa med utsikt mot nordvest der du kom i frå (eller skal). Vi ser Markavatnet (Skjerlia) i øvre venstre kant. Leknesvatna strekkjer seg nesten over heile bildet. Lagunane og Eitrefossen ved utløpet. Og vi ser tydeleg vadet mellom vatna, og ruta på nordsida. Heilt oppe i venstre kant ser vi Svanøya og øyane i Florø. Gjelsvikestølane og Gjelsvikefjellet t.h.  

Mot sør ser vi no Dale og Fossedalsvatnet t.h. Nordre Kringla ligg beint i mot med Eitreskaret nedom føtene. Oppstigninga på Nordre Kringa ser vi i venstre kant. Underlaget er rein stein. Alle tre fjella består av rein konglomerat som gjev godt fotfeste.  

Her er utsikt nord igjen til Eitrenipa frå oppstigninga til Nordre Kringla. Vi ser skåra som går ned i Eitreskaret. Dette er greiaste vegen opp på Eitrenipa frå Øvre Fossedalen, men skal du på Nordre og Søndre Kringla, er det best å ta ned mot aust (eller gå opp frå aust når du kjem frå Nordre Kringla). 

Her ser vi nedstigninga frå Nordre Kringla frå oppstigninga til Søndre Kringla.

Her er foto frå Søndre Kringla mot Nordre Kringla i høgre biletkant. Eitrenipa bakom den igjen. Krokavatnet og mot Skjerlia midt i bildet.

Utsikt frå Søndre Kringla mot vest/nordvest. Vi ser Fossedalsvatnet og Øvre Fossedalen t.v. midt i bildet, og mot Krokavatnet og Skjerlia t.h. Fossedalshengenipa midt i bildet oppe. 

Frå nedstigninga mot skaret i vest på Søndre Kringla. Toppen oppe t.h. I skaret er det bra sti 

Her ser vi toppen av Søndre Kringla oppe t.v. og det nemnde skaret du går ned igjen mot Øvre Fossedalen. Foto frå Eitrenipa.


Nordre og Søndre Kringla frå Øvre Fossedalen. Skaret opp i øvre venstre biletkant. Stien føl først opp t.v. der du litt lenger oppe ser opp i nemnde skar. 

Frå Vassenden på Fossedalsvatnet ser vi her Eitrenipa 856 moh, Nordre Kringla 782 moh og Søndre Kringla 800 moh. Stien går inn med vatnet til Øvre Fossedalen midt i bildet. 

Foto frå Eitrenipa kan du sjå her. Eg held dessutan på med ein serie frå Kringla. Håpar dette kan vere til litt hjelp. Eg er dessutan lett å kontakte. 

P.S. Eg er klar over at det vart mykje skar og skårar dette her, men det står vel til namnet på bloggen....:-)


søndag 15. juni 2014

10 moh

Kva blomst er dette mon tru ?

Etter å ha site oppe og sett fotball VM til kl 02 i natt, var eg rimeleg maroder i kroppen i dag tidleg. Eg stod opp til vanleg tid, åt frukost og gjekk å la meg igjen. Fjell fekk vere fjell. Og ikkje minst - dei blodtørstige flugebeista der opp fekk finna anna å livnære seg på enn kroppen min.... Trimmen i dag vart såleis ein god joggetur utover mot Staveneset og heim igjen. Greitt nok det, sjølv om det var søndag og turdag...!

lørdag 14. juni 2014

Blodtørstige beist...

Eitrefossen

Lagunane

Blegja og Eitrenipa frå Leknesvatna

Leknesvatna

Selfie Eitrenipa

Dale frå Søndre Kringla

Mariann Karen og Marit. To kollegaer og ein x-kollega som eg traff. Eitrenipa bak.

Svartetjørna

Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla


Nordre og Søndre Kringla frå Krokavatnet
Eg gjekk oppatt akkurat same ruta i dag som for 14 dagar sidan. Skjerlia, Leknesvatna, Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla, før eg tok nordatt vestsida av Krokavatnet til Skjerlia. I joggesko og shorts gjekk det som ein leik...  

Einaste aberet var ein horde med fluger som følgde meg heile vegen. Eg fekk sprøyta på meg eit eller anna thailandsk stoff av ei av damene eg møtte ovanfor Øvre Føssedalen som skulle hjelpe. Det hadde umiddelbar virkning. Flugene forsvann som dogg for sol... Diverre heldt virkninga seg omlag 10 minutt. For etter at eg begynte å gå igjen angreip hordane av blodtørstige beist att. Det var så gale nordatt ved Krokavatnet at eg trudde dei skulle overmanne meg heilt - ja, og bli eten levande (sjekk videoklippet). 

Brødskivene eg hadde med meg i rumpetaska kom heile heim igjen...






tirsdag 10. juni 2014

Icmeler




Det nærmar seg avreise til Tyrkia igjen. Ovanfor ligg bilder frå Icmeler dei to siste åra. I år legg vi oss mellom Icmeler og Marmaris ved stranda. På hotell Marbella. Fine joggeturar hit og dit om morgonen....
Vi gler oss !


mandag 9. juni 2014

Early morning ride...

Stordalsfjellet t.h. T.v. bak ser vi Eitrenipa, N&S Kringla og Fossedalshengenipa framom.
Legg merke til dei heilt spesielle formasjonane på desse fjella. Slake opp frå nord og bratt utfor mot sør. Av det kjem ordet "nipe". Frå denne plassen er desse fjella og formasjonane veldig synbare. 

I dag tidleg sprang eg ruta frå Oslandsbotnen om Porten til Portafjellet, tok aust til Stordalsfjellet, og deretter oppom dei to toppane på nordre Portafjellet. Returen tok eg nord om mot Norddalen. I berre shortsen og joggesko var det ei kjempeflott tur. Veret var rett nok berre delvis, men det heldt seg iallefall opplett. Flott trimtur !


Portafjellet sør

Bratt utfor Portafjellet

Mot Stongfjorden

søndag 8. juni 2014

Kalderasnipa





 




Eg tok å følgde Olaug på Kalderasnipa i dag. Sidan det var 7 år sidan sist vi hadde gått opp frå Eidsfjorden. For dei som er litt kjende er det bratt opp første stykket. Du får bratta i fleisen direkte frå bilen. Stigning er det sjølvsagt heile tida oppover. Eg synest dette er ei flott rute. Du slepp å køyre heilt til Holmedal og heim igjen. Ok - ruta frå Holmedal er lettare med meir jamn stigning. Muleg Olaug føretrekkje den, men som alltid er det greitt med litt forandring i kosten. 

Elles var flugene ei sann mare i dag òg. Helsikes beist. 



1. Pinsedag

lørdag 7. juni 2014

Sosialisering

Idyllisk ved Fismavatnet Moldura og Dokka bak.

Steikje tilgrodd opp frå Fisma
Olaug og eg tok oss ein tur til Dale i føremiddag og helste på foreldra og systrene mine på Skaartun. Kjekt. I tillegg traff eg fleire gamle kjenningar på Almuen, og slo av ein prat med dei. 

Men eg hadde ein annen plan i bakhovudet òg. For eg hadde sett att bilen min på Nordeide med ryggsekk og fjellklede. Så på veg ut att gjekk eg turen om Fisma og til Fismavatnet for å prøve fiskelukka. Det vart ikkje det heilt store. Vèret vart altfor fint. Det er no vel ein gong so at ein ikkje får i pose og sekk her i livet. Heilt fritt for fisk var det ikkje. Uansett var det ein flott tur.

fredag 6. juni 2014

These old walking boots...

...were just to dare to throw away...



tirsdag 3. juni 2014

Blodtørstige beist

Tiriltunge
Blåfjær




Eg tok meg ein springetur i berre shortsen ytst på Stavenesodden i kveld. Først ut på Furefjellet og deretter inn på Høgeheia. Skikkeleg sommartemperatur og blikk stille hav. Utruleg flott. Likevel med eit stort skår i gleda - ein sverm av blodtørstige fluger heldt aldeles på å ta livet av meg. Frå første stund oppover var eg omgitt av ein hærskare beist. Utruleg nok klarte eg å få fram nokre bilder det ikkje var fluger på, men sjekk selfien, der yra det. Og det er berre dei som var akkurat i kameravinkelen der og då. 

Flugene følgde meg heilt til bilen igjen. Eg veiva med armane det er var god for, og hoppa med full fart inn i bilen for ikkje å få heile flokken med meg inn. Mirakuløst nok klarte eg det. Det var nesten slik at eg geipa til heile flokken som formeleg angreip bilen. Ja, stanga på ruta gjorde dei iallefall. Hersens beist! 
Noko meir irriterande enn fluger skal du leite lenge etter....