torsdag 1. mai 2014

Vind som av vinter









Utsikt heim igjen til Yndestad                                                                          Hurtigruta vest av Staveneset



 
Osland, Stongsvatnet og Oslandsvatnet. Stongstølen nærast.
På Skålefjellet

Eg tok meg ein liten roundabout i dag. Gjekk den vanlege rute opp frå Neset til Moldura først. Det viste seg med ein gong at det hadde vore kaldt i løpet av natta. Ja, ikkje berre i løpet av natta. Det var ikkje langt i frå minusgrader ved fjorden heller i dag tidleg. Vasspyttane var raskt frosne på, og lenger oppe var snøen som reine betongen. Snøen opp bakkane mot toppen var likevel heilt fin å gå på, og broddane vart liggjande ubrukte i sekken. Dei nye Meindl skorna er heilt supre. På toppen av Moldura måtte eg finne fram både vindtett og varmt. Trekken gjekk gjennom marg og bein. 

Eg gjekk deretter ned igjen mot nord til traversen mot Fanafjellet. Gjekk over toppen på sistenemnde og aust til Mannskaret. Deretter klauv eg opp på sørsida av Svarthamrane. Ein stegg heldt meg med selskap her oppe på toppen. Eller selskap og selskap fru Blom. Mogeleg han heller såg på meg som ein inntrengjar, for han heldt eit svara liv, og nekta å flytte seg særleg langt...

Ein villstyring av ein stegg
Dokka og Moldura frå Svarthamrane. Fanafjellet t.h.

Eg gjekk deretter nord til Skålefjellet i Stongfjorden. Sola kom og gjekk bak skyene. Vinden kald, men snøen omlag heilt vekke. På toppen av Skålefjellet bestemte eg meg for å gå ned igjen den vanlege ruta til Gjerdedalen. Eg var inne på tanken om å gå sør igjen til Hekkelfjellet og ned Svelia, men det vart med tanken sidan vi venta besøk frå Bergen. Flott tur !


Ingen kommentarer: