søndag 4. mai 2014

Travel helg

Olina nyt isen sin

Ein oter eg fann ligg no trygt i beddet heime
Tiril og meg


Ungane på haugen
Det vart ei ganske så travel helg i helga. Eg køyrde nemleg til Vinstra i konfirmasjon i går - og tilbake om kvelden. To gonger over Strynefjellet, og 76 mil seinare, var eg temmeleg utlada. Trøytt var eg i dag tidleg òg. 

Heime venta dessutan dei tre jentene til Håvard og Miriam som vi var barnevakt for i helga. Farmorjentene til Olaug - Tora, Tiril og Olina. Tripp trapp tresko. Så dagen i dag gjekk med til å avhjelpe Olaug med desse. Trilletur og utforsking i nærområdet. Tiril meinte forresten at vi hadde gått langt. Kanskje det for små bein (det måtte til ein del bering).. Eg hugsar Bakkevatnet i Holmedal som svært stort òg... Då eg kom tilbake 40 år seinare måtte eg fort revurdere det. Alt er relativt seiest det. Det har nok mykje å seie kva livsfase ein er i sjølv. 

Så det vart dårleg med fjellturar i helga. Eller det vil seie - det var i grunn nok med to gonger over Strynefjellet lørdag - sjølv om det var i bil.... 


 Fint på Jølster i går kveld
Ved Heilevang i går kveld



Ingen kommentarer: