søndag 25. mai 2014

Shimano Beastmaster DX 270L

Krikavatna




I dag ville eg teste ut den nye fiskestanga eg fekk i helga. No har eg fleire lettspinnstenger, men ynskte meg ei 9 fots stang i to deler. Dei eg har frå før har tre og fire deler, og er litt kortare. For trimmen sin del tok eg med meg Toreheia og Skylefjellet på fisketuren, og prøvde så fisken i Krikavatna og Mangevatna. Olaug vart med til krysset mot Blåfjellet. Ho gjekk ut der, medan eg tok ruta oppover. 

Krikavatna er perfekte i den forstand at det alltid er fisk å få. Difor passar dette særskilt for småtroll og ungdommar som vil lære seg gleda av å fiske i fjellvatn. Dei største fiskane går an å grille på bålet, eller ta med seg heim, men som vanleg matfisk er fisken i minste laget. I dag sleppte eg alt ut att i. Eg prøvde meg òg i Mangevatna. Her veit eg det går større fisk. Men vèret var sjølvsagt alt for fint, og vatna alt for stille til å lure den vàre fjellkjøa. Så forhåpningar til fisk hadde eg ikkje. Stanga derimot innfridde heilt. Perfekt. 

Sjølve turen på Toreheia/Skylefjellet er vel ikkje så mykje å skrive om. Det var som sagt nydeleg vèr. Lett og fint. Og forma er bra, trass i nokre ekstra kilo siste året. Forresten traff eg folk frå Stavestranda på Toreheia i dag.  Ein liten prat med dei to vart det tid til òg. Det var jo hyggeleg. 

Ingen kommentarer: