Facebook

torsdag 15. mai 2014

Frisk havluft 2




 Det skin fint i vindauga på hytta til Wilken/Vincent


Nydeleg på Skylefjellet igjen i går kveld. Rask og frisk "joggetur" i lette sko. Ein litt kvass nordatrekk kjølte meg rett nok fort ned der på toppen. Vinden kom rett inn frå Florø, Stavfjorden og Svanøya. Vèrskiftet som var på gang var tydeleg å sjå. Disen og skyene frå vest auka berre på, og sola var ein skugge av seg sjølv. Likevel - flott trimtur! 
Legg inn en kommentar