lørdag 31. mai 2014

Eldorado og mannskit

Eitrefossen
Lonane, Fossedalshengenipa t.v.


Vårleg ved Leknesvatna

Ved Leknesvatna
Blegja i morgonskodde







På Eitrenipa
Rypa tok nok ikkje heilt til Storehesten

Dale i morgonstemning

Motiv ved Krokavatnet


Eitrenipa

Eitrenipa og Nordre og Søndre Kringa eg var oppom i dag

I dag tok eg den kjempeflotte turen til Eitrenipa og nordre og søndre Kringla. Eg var tidleg ute. Allereie klokka 06 var eg på plass i Skjerlia. Kan ikkje sove bort sommarmorgonen - så lyst og fint som det er ute. Vakne gjer eg likevel. 

For å begynne med det negative først så ser det ikkje ut ved Markavatnet no etter at Sogn og Fjordane Energi byggjer veg til Grunnevatnet. Siristien er øydelagd. Likeeins den flotte fureskogen. Plankane vi la ut for turlaget over myra går visst ein ublid skjebne i møte. Røska opp og hivne bak nokre steinar. Somme kallar dette framsteg - eg kallar det rasering av natur ! Mykje godt dugnadsarbeid fåfengt. Men eg får la dette liggje endå ein gong - bilder ser de iallefall på vedlagde bildefil. 

Då blir det noko heilt anna å komme opp til Leknesvatna. Aldeles nydeleg i det tidlege morgonlyset. Fantastisk morgonstund. Sola står jo opp nesten i nord ! 

Eg topp greitt ut Eitrenipa. Klokka viste akkurat 08. Litt skodde sveva avgarde i den kalde morgontrekken. Men nydeleg utsikt til Dale i sør, Blegja og Storehesten i aust, heile eldoradoet i vest og mot øyane i Florø i nordvest. Fantastisk. 

Deretter tok eg ned austsida av Eitrenipa og svinga så sørover til Nordre Kringla. Opp ryggen her, og fekk mykje av den same utsikta frå ein annan vinkel. 

Så bar det ned på sørsida og opp igjen på Søndre Kringla. Toppa greitt ut her òg. Til den enorme utsikta her i frå. Rett ned til Dale, til Sætenes og inn fjorden, Laukelandshesten nett nedom i aust, Storeelva som renn ned i Laukelandsfossen, Krokavatnet og Eitrenipa i nord. Og sjølvsagt heille området i vest. (Sjekk bilder og video).


Eg gjekk så ned den vanlege stien mot Øvre Fossedalen. No gjekk eg ikkje heilt ned i Øvre, men tok over myra og kom inn på DNT-løypa til Nipebu. Ved vadet på Krokavatnet tok eg så nord att vestsida av Krokavatnet. Følgde den eldgamle ferdselsåra sør/nord. Der eg fann ho... Det hadde jo vore eit flott prosjekt å rydda og sett i stand stien langs Krokavatnet igjen. Ein del av stien føl ein dessutan til Fossedalshengenipa frå sør. I nordenden av vatnet kjem ein inn på den vanlege stien frå Markavatnet til Nipebu. Eg følgde den ned igjen til bilen. Og måtte nok ein gong gjennom rasert natur...! 

Aldeles nydeleg tur, sjølv om begynnelse og slutt var eit kapittel for seg... No får vi berre håpe og trur at det ikkje skjer noko liknande i Fossedalen. 


Ingen kommentarer: