tirsdag 15. april 2014

You can`t win them all...

 Ein selfie under toppen
On the road to...

Det såg så fint ut på morgonen i dag at eg stakk på Moldura med planar om å gå både hit og dit etterpå. Turen starta som vanleg frå Neset ved Ansgar Bjarne. Eg likar veldig godt denne ruta opp. 

No vart det likevel berre til at eg tok med meg Nyken og Fanafjellet i same slengen. Det kom nemleg ei sulige snøbyge seglande inn frå havet då eg var oppe på toppen. Sikta vart minimal. I tillegg beit vinden godt i skrotten. Men for skams skuld gjekk eg traversen på nordvestkanten og bort på Fanafjellet/Nyken. Traversen var forresten ganske heftig, og halla sikkert 60 grader, men broddane beit seg bra fast i skaren. Eg tok det likevel heilt piano - det er kjedeleg, og ikkje heilt ufarleg, å segle ned heile skråningen til vatnet i botnen. 

Det jammen stor skilnad frå våren nede ved fjorden og vinteren på toppen av Moldura no.... 

Så mykje meir er det vel egentleg ikkje å seie om tunren, utanom at vèret vart adskilleg betre etter at eg var komen heim igjen i 12.30 tida.  Vel, vel no har eg bomma litt på akkurat det i det siste. Neste gong snur det sikkert. Og som han sa fyren - You can`t win them all.....:-) 


Det var fint på morgonen i dag...og seinare på dag...

Ingen kommentarer: