Facebook

lørdag 5. april 2014

Vår på Fossedalshengenipa

 Markahengenipa
Fossedalshengenipa


Flott morgontur på Fossedalshengenipa i dag. Det gjekk faktisk veldig lett opp på fine forhold og på god sti. Snøen som låg på ryggen opp var fast og fin å gå på. Litt trekk på toppen. Sola stakk såvidt fram gjennom skylaget, men forsvann diverre fort igjen. Tydeleg vèrskifte på gang. 

Eg sprang ned igjen same vegen, køyrde heim igjen, og heldt fram med prosjektet å fjerne tre nedom huset. Nokre av dei sperrar litt av utsikta frå stova til sjøen. Fin trim - begge deler ! Ja, saginga tok ved egentleg ut meir sveitte enn Fossedalshengenipa...  


Legg inn en kommentar