Facebook

fredag 11. april 2014

Minner om kjærleik


Frå blømande havet du blunkar min veg
Med smil kring om munnen eg vinkar til deg
No pirrar du attrå av eggande lyst
Dei tenner ein flamme i kvelden so tyst

Du vakkert meg skodar med eggande blikk
med blonder kring bringa som magen min stikk
Og flagrande silke som tergar mitt sinn
du formfulle eros du vitèt mitt vinn


Eit lass ut av roser du skjenkjer mi famn
Men ei kan eg lesa ditt verklege namn
Eg undrast i kveldinga kvar er ditt bu
som strålar slik kjærleik som einaste du

Min dag er no omme eg lengjer til natt
Eg gøymer i hjarta min dyrbare skatt
Ho vaknar av mørke når natt går mot dag
med minner om kjærleik vi hadde i lag

Tekst og foto 
G.Skaar

God påske !
Legg inn en kommentar