fredag 18. april 2014

Feiring og nysnø



I dag var det den store gebursdagsfeiringa i Førde. Tre barnebarn + eldste dotter mi, og to svograr har nemleg dag no i midten av april, så då har vi ei felles feiring for alle på ein gong... Det er rimeleg praktisk for alle partar. 

Før kakekalaset og Førdeturen, gjekk eg meg ein tur på Moldura igjen. Som hin dagen. Berre at i dag var det som sikkert dei fleste veit eit fantastisk påskevèr. Ein annan ting var at det var kome 15-20 cm nysnø omlag halvveges i frå og opp. Noko som gjorde det blytungt å kome seg opp. Trugane låg sjølvsagt att heime. Og skia tenkte eg ikkje på. Fordi det er ganske så traurig å måtte bere dei opp halve vegen i dei blytunge og våte motabakkane. Men du verda kor fint det var i den drivande og kvite snøen. Ganske så vindstille var det òg. Sola derimot var det ikkje noko særleg fart i så tidleg på morgonen. 

Då eg ikkje hadde noko særleg tid på meg i dag, gjekk eg rett ned igjen same vegen til Neset, og var heime igjen i 12-tida. Og snart klar for Førde-tur.

Ingen kommentarer: