torsdag 17. april 2014

Enno er det vinter...





...ja slik kjendest det iallefall ut oppe på Toreheia i dag. Full vinter. Snø, rennefòk og skodde. Kvitt i kvitt. Og jammen var det godt å ha stikkene å gå etter, sidan vardane igjen var gøymde i snø. Ved fjorden derimot regna det godt. Så det vart ein tur frå våren og regnet, gjennom sludd og til full vinter. 

Men utruleg nok heldt eg meg heilt tørr. Paramobuksa er knall. Varm og god og heilt tørr. I dag brukte eg den gamle Arcteryx-jakka i gore-tex. Den er òg god i skikkeleg regn. Og på føtene brukte eg dei nye Meindl skoa. Dei fekk seg ein skikkeleg test i dag. For det fløymde vatn overalt. Og etter ca tre timar i elvar, myrar og søkk vått lende, var eg akkurat like tørr på beina då eg stod i kjellaren igjen. Bra! 

I morgon er det spådd mykje betre vèr. Kva det blir til då får eg sjå. Vi har ei felles gebursdagssamling i Førde på ettermiddagen for barn og barnebarn, så nokre større sprell lyt vente til i over i morgon eller så. Avhengig av vèret. Framleis god påske...!


Ingen kommentarer: