Facebook

mandag 14. april 2014

Empty box

Staveneset i dag

Etter å ha studert vèret litt heime i dag tidleg, var det liten tvil om at det såg best ut ute ved kysten. Iallefall her i frå. Så eg tok ein rundtur på Stavenesodden.

Eg har funne meg ei ganske fin trimløype frå Holevika og ut på Furefjellet, og vidare austover til Høgeheia etterpå med retur Holevika. Ei liten fin tur på eit par, tre timar alt etter som. Her kan du anten springe eller ta det heilt piano. 

Ein strek i rekninga i dag var at batteriet på kameraet var fullstendig flatt. Det trur eg nesten må vere første gongen eg har opplevd. Slikt brukar eg å vere nøyen med. Likevel gjekk ladinga meg hus forbi i dag. Så nokre mobilbilder får gjere nytten som eit minne frå turen. 

Legg inn en kommentar