Facebook

søndag 27. april 2014

April-glede



Utsikt ved Høgknolten




I dag ville eg sjå Dalsfjorden og bygdene ikring i bløming. Og for ein flott vårdag. For ikkje å seie sommardag. Men Stongfjorden ligg som ei perle og klar til å bli fotografert då eg køyrer forbi. Fantastisk. Blikkstille. Ikkje ei krusing på yta. Sola flott inn bak meg frå aust....Det må jo bli bra. (Første bildet er heime i frå før eg reiste. Det andre frå sentrum og ut fjorden).

Eg køyrer vidare til parkeringsplassen i Rivedal der ruta til Nipebu startar, og tek deretter opp kraftvegen mot demma. Morgonsola er allereie så varm at alle kleda på overkroppen blir skrelte av. Så over elva nedanfor demma - eller rettare sagt det som skulle vore ei elv - det er  knapt vassdropen i ho. Tydeleg at det har vore finvèr lenge. Som regel er det alltid litt vatn i elva sjølv om ho er regulert. 

Vidare oppover til Hundeheia der utsikta til bygdelaga ved fjorden åpenbarar seg. Grøne og flotte i morgonsola. Knallblå himmel. Dalsfjorden likeeins. Ja, det kan ikkje bli flottare. På Instagramkontoen min, der eg har følgjarar frå heile verda, skryt dei hemningslaust over kor flott vi har det. Vi er rett og slett bortskjemde vi som bur her. Eller kanskje litt beskjedne i vår omgang med omverda....? Vi blir iallefall aldri flinke nok til å selje naturen vi har rundt oss. 

Vidare går turen innover Heileberget mot Driveknolten. Eg må sjølvsagt oppom her òg ein tur. Toppen er egentleg to toppar. Ein med utsikt nordover, og ein med utsikt sørover. Til hausten reknar eg med Driveknolten kjem på programmet for fjelltrimmen i Askvoll igjen. 

 Dale frå aust om Driveknolten

Stegvis tek eg føre meg vardane innover Heileberget. Set opp nokre nye og byggjer opp nokre som har velta overende. Når tilgjenge til Fløyen og Heileberget no er blitt betre som ein følgje av Dalsfjordbrua, blir gjerne heile denne flotta ruta meir nytta. Det er meir til tur å gå heile Heileberget frå Fløyen til Rivedal, eller omvendt, enn å gå opp og ned frå Ottersteinen...!

På toppen av Fløyen ser eg der er folk. Ja, folk som eg kjenner. Han eine karen stikk ned igjen nesten med det same, men to stk Jorde karar blir eg sittande å prate med. Veldig kjekt. Lenge sidan eg har sett dei. Så under er det bilde med løyve for gjengiving... Dalingane har gjort ein flott jobb med skikkeleg Kystarvskilt og turbok i god boks (sjå bildeserie) på toppen her. I det eg er i ferd med å gå vestover igjen, kjem eit følgje med tre damer og ein mann. I tillegg hadde det vore opp folk før meg i dag, så Fløyen blir flittig brukt som turmål no. Kjempeflott!

 Jostein og Olav Jorde på Fløyen i dag
Med den flotte bygda i bakgrunnen

På veg vestover igjen tek eg meg ein tur på Nonsholten òg. Her er det fin utsikt til Fossedalen og Fossedalshengenipa, Eitrenipa, Kringla, Blegja og Storehesten (bilda inn under).

 Fossedalstraktene m/Eitrenipa, Kringla og Blegja bak
Markahengenipa og Fossedalshengenipa

Etter Nonsholten koplar eg berre inn autopiloten. Ein og annan ny varde kjem på plass. Men sjølv om det er kjekt å gå mot Dale og ha Dalsfjorden på høgre sida er det kanskje like fint å gå mot havet og ha fjorden på venstre sida? Ja, ja smak og behag - eg fekk no med meg begge deler i dag. Diverre gjekk ikkje fotballkampen eg måtte heim igjen til heilt etter forventningane... Men nye turar og fotballkampar ligg nok heldigvis i løypa ei stund til får vi tru....:-) YNWA !


Frå hagen i kveld

Legg inn en kommentar