Facebook

tirsdag 11. mars 2014

Magic sunset

Alden, Stavenesodden, Krikavatna og Mangevatna

Rett som det er kasserer eg inn løn ved å pendle til banken i Førde. Kor mykje løn eg får i Stongfjorden kan jo diskuterast. Lite av klingande mynt iallefall. Men så har eg i grunn aldri brydd meg så mykje om pengar heller. Tidleg skilt, med tre flotte jentungar, var ingen lukrativ start på voksenlivet, så det galdt å snu på skillingen. 

No er det vel kanskje rart at 30 år i banken har gjort til at pengar betyr lite for meg. Eg burde kanskje vere oppteken av pengar? Eg veit ikkje... Men kanskje er det berre rett og slett motsett? At eg har sett kva pengar gjer med folk? Eller sjølvsagt også korleis mangel på pengar pregar folk? Uansett - det er ikkje i pengar ein finn lukka. Slik ser iallefall eg på det...

Ja, den lukka den lukka. Kva er lukke her i livet? Det er sikkert så vidt og individuelt som det finst menneske på jorda. Men sjølvsagt må ein ha til salt i grauten. Maslows behovspyramide er kjend. Men noko av lukka mi iallefall, er å kunne parkere bilen heime på tunet i Stongfjorden etter ein flott dag på jobben med gode kollegaer, hive på meg fjellkleda, og ta beina fatt på Toreheia. Mi kjære Toreheia ! Krikavatna, Mangevatna, Skylefjellet. Så vilt og vèrhardt at du må krype langs lyngen i stormen. Sår i andletet av piskande regn, hagl og snø.Whiteout i rennefòk og skodde, utan å sjå neven framfor deg. Til stilla. Den endelause stilla. Det jomfruelege i det urørte landskapet. Der du kan spegle deg sjølv i vassyta i vatna. Sjå månen i botnen på Krikavatna. Eller få oppleve dei mest praktfulle solnedgangar som finst ved Staveneset. Nesten rett utanfor stovedøra. 

"Lykkeliten (nøtteliten) bor i toppen av eit tre" heiter ein barnesong. Kanskje eg skal gjer den til min? Med ei lita omdøyping?

 Månen i Krikavatna

Turen i går

Det har vore ein rar vinter. Plussgrader og null snø. Eg har vel berre hatt ein eller to skikkelege snøturar opp hit i vinter. Slik var det i går òg. Det ligg berre nokre spreidde snøfonner oppe på toppen. Elles ser landskapet ut som det gjorde i oktober/november. Påskesnøen kjem nok ikkje her oppe i år heller. Vinden bles det meste bort på ein augneblink. Og salt havluft tek seg av resten. Snøen er borte vekk med eit svupp. Kanskje like greitt. For fargane er berre av ei anna verd. Når sola står skrått inn frå vest i havet, blir alt som farga av gull. Ja, det er her gullpengane ligg. Eg trakkar i gullpengar ! Som onkel Skrue hoppar eg i pengebingen. Og eg kan skrike ut mi lukke utan at andre enn ei forskrekka fjellrype høyrer meg...! Snakk om rikdom...! Snakk om konge i eige liv...

One of theese nights

Varden på Toreheia

I går kveld var det nesten heil vindstille. Men sjølvsagt blir ein sveittevåt kropp fort nedkjølt. Det er verst med nevane. På denne tid har eg alltid med meg heite og gode klede, vottar o.a. til å byte på meg. Avrivninga i nettoen gjer berre godt eit minutt eller to. Så kan det kome kva vèr det berre måtte kome. Og eg får god anledning til å nyte utsikta før mørket kjem sigande på. 



Så ber det ned att bakkane til lyset i vest. Gjøa brenn gassflammen sin der ute. Lysa frå Follevåg på venstre handa. Lysa frå husa i Bulandet, Askrova og dei andre øyane ute i havet kjem meir og meir til syne etter som det mørknar. Og månen held meg med selskap. Heime ventar oppatthèta raspeballar og ein varm dusj. Ja, eg kan vel egentleg ikkje ha det betre...!? Ei enkel sjel og ei skjorte. Sjølv om Olaug heime meiner eg er så langt frå A4 som nokon kan kome...:-)

Pics

Legg inn en kommentar