lørdag 29. mars 2014

Knall vårtur



Nydeleg lørdagstur på Moldura og Størdalsstauren i dag. Litt disig, men flott sol og herleg temperatur. Eg sat oppe på toppen og lurte på om eg nokon gong hadde vore her før då det var så stilt. Ikkje eit vindpust. Retteleg varmt i sola. Før vi endå skriv april. Ja, det var nesten ikkje til å tru...!

Eg gjekk som vanleg opp frå Stafsnes. Klokka var ikkje meir enn 08, men det var jo så lyst at det kjendest nesten som langt på dag. Sola hadde vi allereie fått på Yndestad. 

Tidleg sol på Yndestad no

Det var snøfritt heilt opp i Langedalen. Snøen som låg ovanfor, var av det ganske blaute slaget. I dei siste bakkane opp tok eg difor trugane på meg. Likevel hadde det gått heilt greitt utan. Eg var forbausa over kor lite snø det låg oppe ved toppen. Ein kan nytte ski dei første bakkane ned til der du går ned Størdalen. Om det er verdt bryet med å bere skia opp er ei anna sak... 

Eg tok den vanlege avstikkaren vestover til Størdalsstauren etter å ha kome ned igjen frå toppen. Kjempefint å gå vestover på høgda nord om Størdalen. Her var det fullstendig snøfritt heile vegen. 

Tilbakeblikk mot Moldura på vegen vestover.
Fanafjellet t.v.

Eg tok meg ei god påske-appelsin på grasbakken ytst på Størdalsstauren. Aldeles nydeleg og varmt. Havet låg blikkstille så langt auga rakk. Det var rett nok ikkje så langt i dag, sidan det var ganske disig ute i havet. Men eg såg no både Alden og Heggøyna. 

På veg ned igjen tok eg ei litt anna ruta enn vanleg og gjekk aust til i Langedalen igjen, og følgde første delen av ruta opp ned igjen òg... 

Størdalsstauren

På tunet nede på Neset heldt Ansgar Bjarne på med å kappe ved, så eg slo av ein god prat med han i sola. Om laust og fast. 

No hadde Olaug køyrt meg bort hit på morgonen sidan vi berre hadde ein bil disponibel i dag. (Torbjørn hadde den andre til Førde, og Olaug var på eit kvart). Så eg måtte gå vegen heim igjen. Ikkje at det akkurat gjorde noko. For eg fekk meg ein fin tur heim igjen òg. Og nokre fine bilder langs vegen til hi sida av fjorden. Knallflott lørdag !

Årets første primula

Ingen kommentarer: