Facebook

onsdag 5. februar 2014

Stongfjorden settefiskanlegg

'

Vedr. konsesjonshandsaming av ovannemde.

Etter kva ein ser er utsleppet frå det planlagde settefiskanlegget i Stongfjorden bestemt i reguleringsplanen. Denne seier at ureininga frå anlegget er tenkt sleppt ut inst inne i den grunne og smale fjordarmen. Når no søknaden skal konsesjonshandsamast må det vere grunn til å påpeike at det er fullstendig uakseptabelt å sleppe kloakken frå anlegget ut i den grunne vika . Med dei enorme mengdene med næringsstoff som vil bli pumpa ut, vil fjorden for all framtid bli øydelagd. Dette kan umogeleg vege opp for fordelen med nokre arbeidsplassar av ubestemt lengde.

I vår tid bør ein vere komen lenger enn at ein tillet ureinsa ”kloakk” frå slike anlegg å bli pumpa ut i fjordane våre. Med dei konsekvensar dette får for rekreasjon som båtliv, bading, fisking og det marine livet i fjordane. Minner om at det i Stongfjorden nyleg er lagt ned mykje dugnadsarbeid og offentleg midlar til badestrand i vika. Som ein veit vil slike ureinsa utslepp føre til algeoppblomstring som følgje av dei enorme mengdene med næringsstoff som blir tilført fjordsystemet.

Stongfjorden er smal og grunn og har to rev (tersklar). Eit minste krav til anlegget er difor at  det blir fullreinsa, og avløpsvatnet ført ut om siste revet ved Yndestad.

Underteikna er særs uroa over framtida til fjordsystemet i Stongfjorden om settefiskanlegget ikkje blir pålagde strenge restriksjonar for kvar avløpet skal ligge. Dessutan at det må stillast krav frå offentleg mynde at det blir fullreinsa. Det verdsleiiande og styrtrike selskapet Marine Harvest har råd til dette om dei absolutt vil ha dette gigantiske anlegget sitt i den idylliske fjorden vår. Uansett syn i denne saka må ”føre var prinsippet” gjelde.

Vennleg helsing
Gustav Skaar
Stongfjorden, 5/2-2013




Legg inn en kommentar