fredag 28. februar 2014

Ny Facebook-gruppe

Fossedalsfossen ved årsskifte

Vi har i dag laga ny FB-gruppe kalla "NEI til kraftutbygging i Fossedalen". Vi ynskjer med dette å sende ut eit signal at vi ikkje vil ha denne utbygginga. Dette er eit verdival for framtida. Har du lyst og interesse for å engasjere deg i gruppa vår er du hjarteleg velkomen. 

Link gruppa

denne linken på Fjaler Origo vil du finne mykje stoff om Fossedalen.

Tidt eg minnest ein gamal gard her.


torsdag 27. februar 2014

Snøfritt

Utsikt mot Mangevatna i vest og øyane i Flora

Eg var i røynda så sliten etter jobb i dag at det einaste eg tenkte på då eg kom heim var sofaen og eit godt teppe. Men heldigvis tok eg meg såpass i nakken at eg kom meg ut gjennom dørene igjen før middag. (Etter middag er det alltid verre å kome seg på tur). Så då vart det den vanlege ruta på Toreheia. 

Det var jammen rart å sjå at all snøen var vekke. Ja, vekke heilt til topps. Nesten ikkje ein snøflekk igjen til over 700 moh. Dessutan var all isen på Krikavatna gått opp og låg berre i store flak. 

Eg synest denne vinteren har gått usedvanleg fort. På ein måte så er eg ikkje ferdig med han endå. Men ute er det jo unekteleg vår i lufta. Mange varmegrader, tøya vegar og snøfritt høgt til fjells. Vel, det kjem nok sikkert snø endå. Men det rare er at har du først fått vårkjensla så er det like godt at snøen held seg vekke òg. 

Og så er det lyset då... Eg kom meg faktisk heilt opp og ned igjen utan å tenne hovudlykta. Det vil seie eg testa lommelyktappen gjennom granskogen nesten heime igjen sidan det var heilt mørkt her. Den fungerte heilt topp. Fint hjelpemiddel. 


onsdag 26. februar 2014

Ny søknad om kraftutbygging i Fossedalen

Fossedalsvatnet med Øvre Fossedalen

Så må ein nok ein gong registrere at det ligg føre søknad om kraftutbygging i Fossedalen. Søknaden ligg no til handsaming i NVE. Det er ikkje nett første runde ein må gå om dette. Men vi er klare til å kjempe nok ein kamp for å halde området utbyggingsfritt. Ein håpar sjølvsagt på mest mogeleg støtte frå folkevalde og andre i denne kampen. 

Som ein veit blir det i desse dagar arbeidd med å forlenge stien frå Otterstein til Fossevikja Stien som er T-merka vidare gjennom Fossedalen til Nipebu. Ein håpar difor også på støtte frå Sogn og Fjordane turlag. 

Eg har i dag lagt inn eit notat om dette på facebook i Dale og Askvoll, i tillegg til Origo-Fjaler. I same høve har eg arbeidd om stillfilmen frå Fossedalen. Her ligg ein ny versjon:




tirsdag 25. februar 2014

Jakob`n og ein liten apekatt

Kom over eit artig klipp på avdukinga av Jakob Sande statua i Dale, der min santen det dukka opp eit kjent fjes. Det var så pass artig at eg jammen tek og blogga det...:-) 
Avdukinga av bysta var i 1966.


Jakob`n og ein liten apekatt med same mina...


søndag 23. februar 2014

Inferno 2



Ja, var det som eit inferno på fjellet i går så veit eg ikkje kva eg skal kalle det i dag. Det bles iallefall noko vanvittig. I tillegg bøtta det ned med regn. Eg kom meg sjølvsagt ikkje over elva ved Rinda, så då bar det opp Selda i staden, og fekk alt vèret og vinden i trynet (som vist ovanfor på bildet heime i frå før eg gjekk). Sjølvsagt kan ein seie at eg visste kva eg gjekk til. Men det er no kjekt å kjenne på vèr og vind òg. Det er aldri så langt heim igjen heller når eg går heime i frå...

I tillegg til storm og silregn låg skodda tjukk oppe ved vatna. Og snøen låg i gjennomvåte, blaute lag. Ja, det kunne knapt bli verre turforhold enn i dag.  

Eg må nesten skryte litt av Paramo-buksa mi i dag. Eg har to. Ei ganske utslita, som eg gjekk med i går, der eg vart søkkvåt (tek ikkje impregnering lenger). Men den relativt nye eg tok på meg i dag, heldt meg faktisk knusktørr opp etter føtene. I det vèret. Imponerande. Buksa er òg lett fora, behageleg, vindtett og akkurat passe varm til å ha på utan noko anna under. Eg går aldri med noko anna bukse no om vinteren. Stillongs er berre i heilt ekstreme tilfelle. Og Gore-tex buksene eg har blir eg våt i. Same kor eg impregnerer dei. Det same gjeld buksene med eVent-stoff. (Ingen merker nemnt). No vart eg våt i skorna i dag då, men det er no ikkje buksa sin feil. Eg må ha meg eit par nye, vanlege fjellsko. Sjølvsagt er La Sportiva skorna eg har brukt gått ut av produksjon...


Litt om forholda i dag på to snuttar


lørdag 22. februar 2014

Som eit inferno




Johoo, nok ein vill fjelltur opp trimløypa mi på Toreheia 717 moh. På toppen var det reine infernoet. Storm i kasta og rennefok. Avblesne og islagde hamrar. Ja, det må nesten opplevast kor vilt vèret kan vere her ute i havgapet. Ikkje minst i fjellet.

Mesteparten av vegen frå toppen og heim igjen sprang eg. Med broddar og fjellsko. Spesielt sidan det begynte å silregne nede om vatna. Sidevegs inn frå sør. Det heldt fram til eg kom heim. Med våt boxer...Frisk tur gitt...:-)



fredag 21. februar 2014

Fenix HP30


Jepp, då har eg fått mi nye Fenix HP30 som nyleg kom ut. Inklusive to18650 oppladbare batteri og ladar. Så nå ble det lys rai - rai...:-) 

Det lysnar forresten mykje om kveldane no. Så eg reknar med eg får meir utbytte av lykta til hausten igjen. Då har eg nemleg planar om å gå ein heil del meir enn no. 


onsdag 19. februar 2014

Heilage timar

Solnedgang over Stavenesodden i går kveld


Eg hadde venta litt på denne kvelden. For når det no lysnar om ettermiddagane, og vèret er fint, blir det fantastisk flott oppe på fjellet på nordsida av Stongfjorden. Medan sørsida og bygda ligg i skugge, får ein nydeleg utsikt til sola som går i havet her oppe. Lyset blir heilt eineståande i timen før det blir heilt mørkt. Å nyte denne stunda i landskapet ved Krikavatna og Toreheia er berre ein heilt spesiell opplevelse. 


Ja, når eg kom ned til Krikavatna rann denne underlege kjensla over meg som er vanskeleg å beskrive. Kanskje skuldast tankane ein kombinasjona av adrenalin og endorfinar som boblar i blodet, eg veit ikkje, men iallefall er det ei slags melankolsk lukkestemning som gjer det vanskeleg å halde tårene tilbake. Akkurat det gjer no ikkje så mykje då, her eg vandrar i mitt eige åleine, men roa, stilla, det ubesudla i naturen her gjer eit vanvittig sterkt inntrykk på sinnet. Det triste i å ikkje skulle kunne få oppleve naturen slik til evig tid er sterk. Livet går sin gang. Kroppen eldest - som solnedgangen, og snart, om ikkje nett endå, vil eg ikkje kunne få ha denne opplevinga lenger. Ikkje akkurat nokon dødstanke, snarare ei intens lukkekjensle av å leve her og no. Området vil ligge her like godt om ikkje eg er her. Filosofiske tankar som nesten er umogelege å ordsetje. Kjensla må berre opplevast. Naturen på nordsida av Stongfjorden kan kalle fram dei underlegaste inntrykk når timen er der....!

Tilbake til turen, så låg det ein heil del meir snø i bakkane opp frå vatna enn lenger nede. Litt meir enn berekna. Rabbane og hammarslaga var heller ikkje så avblesne som dei brukar å vere. Difor vart det ein relativ tung tørn å kome seg opp bakkane til toppen. Men utsikta bak meg trigga jo heldigvis til eit par stopp då... 


Det var ikkje heilt mørkt då eg kom opp. Snøen skimra i rosa fargar av lyset i vest. Stjernehimmelen i aust viste seg fram meir og meir. Lysa frå øyane i Flora, Svanøya, Florø og Bremanger i nord openbare seg etterkvart tydeleg. Men av erfaring veit eg at å få vrengt av seg sveittevåte klede til herleg varm ull og dun, gjer opplevinga av naturen og utsikta mykje sterkare enn når kulden kjem sigande på med kjenslelause nevar (knappane på kameraet blir heilt uhandterlege når fingrane blir valne....). Difor er nesten alltid første bud på denne tid - få på byteklede... 

Svanøy og Florø frå Toreheia i går kveld 
(foto teke med nattinnstillling, sjølvutløysar og 15 sekund lukketid)

Eg tutla meg ned igjen etter kvart. Og følgde spora eg hadde sett av opp. Var greiast det i kveld. Det nesten utrulege var at ved hjelp av stjernene og nysnøen kom eg meg heilt ned igjen på Rinda utan å tenne hovudlykta. Ja, stjernehimmelen, spesielt i sør over Moldura, var utruleg flott. Men frå Rinda og heim måtte eg ha ekstra lys. 

Fantastisk kveld !




Foto Toreheia 180214
(nokre av bilda er tekne med  nattinnstillling, sjølvutløysar og 15 sekund lukketid)

tirsdag 18. februar 2014

Ønskjer å frede fleire minne om småkårsfylket

Nedre Fossedalen

Etter mitt syn har Fossedalen alle ingrediensar som skal til for å bli freda etter kulturminnelova. 





søndag 16. februar 2014

Solnedgang






Solnedgang på Staveneset og heime 16/2-14


Etter den voldsomme vinden oppe på fjellet i går, roa det seg heilt ned i dag. Det vart så flott ute i havet at eg tok meg ein liten biltur på Staveneset for å ande inn havlufta, kombinert med solnedgangen. Fantastisk ! Fjorårsgraset vart glødande i den låge sola. Ja, det var skikkeleg vår i lufta. Midt i februar. Det er tidleg dette, men kanskje kjem våren ekstra tidleg i år ? Ingenting hadde vore betre enn det.....


Opptatt

 Skålefjellet i dag


Skålefjellet ville ikkje ha meg i dag. Ikkje i dag heller. Eg skjønte det vel sånn halvveges i utgangspunktet. For eg såg ikkje toppen heime i frå då eg starta. Likevel tok eg avgarde med friskt mot. 

Men etter å ha gått opp Gjerdedalen og Gjerdebrekka, snudde eg ovanfor hamrane ved elva. Ein halv meter blytung og våt nysnø pumpa all luft ut av meg. Eg miste rett og slett lysta på å slite meg heselaus opp på toppen. I staden sprang eg heim att til herrestafetten i OL. Nett som det var nokon vits. Burde jo ha skjønt teikninga her òg. Frå erfaringane med damene i går. 

Ja, ja slik er det. Eg vart iallefall gjennomvåt av sveitte i forsøket! You can`t win them all...:-) Men grattis Skålefjellet, og grattis Sverige...:-)


lørdag 15. februar 2014

Knallhard blåst



Eg var meint å ta turen på Skålefjellet igjen i dag tidleg, men då eg kom ut på tunet og skulle gå, kom det ei slik forferdeleg regn- og sluttbyge kombinert med voldsomme vindkast at eg ikkje såg at fjellet. Eg ombestemte meg då på flekken, og gjekk den vanlege turruta på Toreheia. No vart det til at eg tok med meg Skylefjellet i vest på returen òg, sidan vèret faktisk letta litt etter kvart. 

Men du verda kor det bles der oppe. Igjen. Fantastisk. Rett som det var måtte eg berre stoppe opp. Og rett som det var måtte eg ned på kne. Hadde nokon sett meg så kunne dei jo ha lurt på kva slags fluidium eg hadde i kroppen. Ja, eg fòr no sjanglande oppover ovanfor vatna. Med vinden rett i mot. Sjølvsagt var det blytungt. Men opp skulle eg... Heldigvis heldt det seg opplett då den verste vinden sette til. 

På toppen skifa eg klede. Heldigvis for det. Så eg kjende meg såpass vèl etterpå at eg like godt tok runda om Skylefjellet og Mangevatna òg. Med vinden i ryggen gjekk jo det adskillege lettare. Men sjølvsagt litt skummelt. Men turen utover gjekk heilt flott. 

Du verda for nokre fargar det var ute i havet. Knallblått. I lag med dei vindpiska, brune rabbane var det flotte fargespel og kontrastar. Nydeleg. 

(Alle foto smarttelefon)

Video Skylefjellet

onsdag 12. februar 2014

Berre ein hund


Det vart i grunn ein litt annleis dag i går på fleire måtar. Tragisk med alle desse ulukkene. Sjølvsagt ekstra tragisk når det er folk du kjenner som fell frå. Altfor tidleg. Men det lyt liggje her....

Dagens andre overrasking var hunden eg kom over i den mørke parken i Førde på veg til jobb. Eg går alltid gjennom parken frå Utstillingsplassen, der eg har bilen parkert, og til banken. Først trudde eg det var ein rev som sat ved elvekanten i silhuett med øyra og hovudet stikkande opp i gjenskinet av rådhuset i elva. Men det skjønte eg ganske fort det ikkje kunne vere. Det var derimot ein halvvoksen schæfer av blandingsrase? Nokon eigar såg eg ikkje, så eg kalla no til meg hunden og tok meg ei runde for å sjå om eg såg folk. Det gjorde eg ikkje. Ingen hundeeigar var å sjå. Så etter å ha teke med meg hunden ein snur innom banken, tok eg meg ei ny runde for å sjå etter ein eigar. Men nei. Eg stakk så innom NRK med hunden, sidan eg no var der. Han vart avfotografert, og lagt ut som funnen på Facebook-sida deira. Deretter sprang eg meg ei ny runde bort att i banken. 

Her var gode råd dyre. Hunden kunne ikkje deponerast i hvelvet heller. Eg ringde difor politiet. Så etter at hunden hadde fått seg ei skive med fullkorna, grovt dansk rugbrød, ein god søvn ved kontorpulten min, kom politiet og henta han. 

I dag tidleg fekk eg greie på at hunden var komen vekk frå eigaren under lufting. Om det var mi skuld eller ikkje tek eg ikkje så nøye. Eg føler eg gjorde mi plikt. Lufte hunder er flott. I mørkna i parken i Førde utan tilsyn, synest eg er meir betenkeleg. Iallefall når ein veit at folk ikkje tòrer å gå her pga lause hundar. Kanskje ei grei påminning "after all"...:-) 

tirsdag 11. februar 2014

Frisk kveldsglede

 Florø
Stongfjorden i måneskin

Super fjelltrim opp trimløypa på Toreheia (717moh) i kveld. Måneskin, men ein frisk bris med kulingkast og snøføyke på toppen svei godt i kjakane....:-)

I kveld tok eg ikkje sjansen på å gå over Krikavatna. Isen var gådd opp inne ved land enkelte plassar, og elles låg det mykje vatn på isen. Det hadde vore ein litt for kald fornøyelse å gå gjennom, då det er nesten timen heim igjen. Elles er det vel ikkje så mykje å fortelje heim om. Kjekk tur !

søndag 9. februar 2014

Medaljar og kalde vindar

 Svarthamrane og Dokka i sør
 Kjende fjell i aust
Kåken min i vinterskrud


I dag gjekk turen på Skålefjellet. Etter to spanande øvingar i OL bar turen opp dit. 

Ved fjorden var det mange varmegrader og snøfritt. Men det var ein vesensskilnad både på vind og temperatur når eg nådde opp på toppen. Så mykje snø ligg her ikkje. I grunn ikkje så mykje is heller. Så det gjekk heilt fint å kome seg både opp og ned med broddar under skorne. Vinden var temmeleg hard i kantane. Litt rennefòk var det òg, men det heldt seg stort sett opplett. Godt var det å ha nokre tørre og vame klede å kle seg om i. 

I Gjerdedalen har vinden teke godt i det siste. Også oppe i Brekka. Det ligg no ein heil del trefall som må ryddast til våren. Elles er det fantastisk å sjå kor godt merkinga har helde seg oppover. Dei gamle T-ane står visst stødig. Eitt og anna malingstrøk trengst no. Eg får sjå om eg finn motivasjon til å ta meg ein omgang med malingskosten når det vårast. 


Trefall i Gjerdedalen






lørdag 8. februar 2014

Is og bål

 Kontrastar frå nedstigninga...
Krikavatna i dag.
Isen er endå trygg...

I dag var det tid for å brenne opp emballasje og kartonger etter den nye kjøkkeninnreiinga. I same snuren brende vi opp den gamle innreiinga òg. Eg sette fyr på heile stasen i søkket vest om huset. Ja, det har absolutt sine fordeler å bu fritt og landleg. "Sånt no hakke vi i byn"...:-) Så då var hus og kjellar og utearealet under altanen reinska. 2 timar effektiv jobb. Som fot i hanske passe dette med sendinga av damenes løp i OL. 

M.a. den gamle kjøkkeninnreiinga fær opp i flammar i dag tidleg...

Men etter at dette var unnagjort, stakk eg meg ein tur på Toreheia. Eg fann ut at eg klarte å time dette inn til sprinten i skiskyting starta. Det gjekk òg nydeleg, Fantastisk med Bjørndalen !

Sjølve turen på Toreheia er vel ikkje så mykje å seie om. Men isen på Krikavatna er framleis heilt trygg. Som vanleg var det sur vind der oppe. Faktisk litt snøfòk og av den vesle snøen som låg der. I dag gjekk eg forresten opp Selda over Yndestadhøgeheia. Heim igjen om Krikavatna og sør til Selda. Fin trimtur ! 

Video Yndestadhøgeheia

fredag 7. februar 2014

Sola stig...

Solnedgang kl 16.51 i dag.
Bildet er teke frå kaia på Yndestad med smartphone

torsdag 6. februar 2014

Hundsåna, what`s next ?

Slik såg det ut på FV 609
ved Hundsåna mandagskvelden

Lesarinnlegg i Firda

I det siste har FV 609 ved Hundsåna vore stengd mange gonger fordi ein har reinska fjellet.Til stort tolmod for oss som dagleg ferdast her. Kor mykje midlar ein har lagt ned i dette, kan ein berre spekulere i. Seinast forrige veke sa ein seg ferdige med reinskinga (for denne gong). Problemet med fjellet er at det er heilt porøst. Med vekslande temperatur, nedbør og vind, smell det stadig ut nye steinsprang. Dette ser det ut til at det er umogeleg å få gjort noko med. Det einaste som difor nyttar er TUNNEL
Eg har ikkje statistikk over rasa her inne. Men for meg virkar dei å kome hyppigare og hyppigare etter som ein legg meir og meir pengar i reinskinga av fjellsida. Ikkje som ein konsekvens, men pga av klimaendringane. (Eg har pendla gjennom Hundsåna kvar dag i 15 år. Om det har vore nære på å få fjellet i hovudet nokre gonger, prisar eg meg i dag lukkeleg over at eg er like heil). For alle til å sjå så fungerer ikkje naudsarbeidet med denne reinskinga godt nok. Kranen ein nyttar rekk minimalt oppover det bratte fjellet. Så 3 dagar tok det før det ramla frå fjellet igjen (om ikkje akkurat frå same plassen dei skifta nett no) Spør du meg er det hol i hovudet å legge ned så mykje midlar på dette. Hadde ein brukt kronene til tunnel i staden, hadde ein kome langt på veg allereie. Ansvarleg mynde må no ta tak og forsere fram ei tunnelløysing vi kan leve med. Eg reknar med ordføraren er på saka igjen….
Dotter mi, som kom frå oss i Stongfjorden med barnebarnet mitt i bilen på veg til Førde igjen mandagskvelden, hamne nesten midt opp i det nye raset. Eg ba ho kome seg der i frå. Vi fekk så ringt og gitt beskjed til vegvesenet som stengde vegen. Vi kan igjen prise oss lukkelege over at det ikkje gjekk menneskeliv tapt … Men kva med neste gong det rasar….? Og kor mange gonger må vi skrike opp om denne vanvittige situasjonen…? Eg synest det er ganske utruleg at dette rike landet vårt ikkje har råd til å sikre liv og helse for oss som bur her. Sikre oss frå eit så openbart farleg fjell.
Gustav Skaar
Stongfjorden

onsdag 5. februar 2014

Stongfjorden settefiskanlegg

'

Vedr. konsesjonshandsaming av ovannemde.

Etter kva ein ser er utsleppet frå det planlagde settefiskanlegget i Stongfjorden bestemt i reguleringsplanen. Denne seier at ureininga frå anlegget er tenkt sleppt ut inst inne i den grunne og smale fjordarmen. Når no søknaden skal konsesjonshandsamast må det vere grunn til å påpeike at det er fullstendig uakseptabelt å sleppe kloakken frå anlegget ut i den grunne vika . Med dei enorme mengdene med næringsstoff som vil bli pumpa ut, vil fjorden for all framtid bli øydelagd. Dette kan umogeleg vege opp for fordelen med nokre arbeidsplassar av ubestemt lengde.

I vår tid bør ein vere komen lenger enn at ein tillet ureinsa ”kloakk” frå slike anlegg å bli pumpa ut i fjordane våre. Med dei konsekvensar dette får for rekreasjon som båtliv, bading, fisking og det marine livet i fjordane. Minner om at det i Stongfjorden nyleg er lagt ned mykje dugnadsarbeid og offentleg midlar til badestrand i vika. Som ein veit vil slike ureinsa utslepp føre til algeoppblomstring som følgje av dei enorme mengdene med næringsstoff som blir tilført fjordsystemet.

Stongfjorden er smal og grunn og har to rev (tersklar). Eit minste krav til anlegget er difor at  det blir fullreinsa, og avløpsvatnet ført ut om siste revet ved Yndestad.

Underteikna er særs uroa over framtida til fjordsystemet i Stongfjorden om settefiskanlegget ikkje blir pålagde strenge restriksjonar for kvar avløpet skal ligge. Dessutan at det må stillast krav frå offentleg mynde at det blir fullreinsa. Det verdsleiiande og styrtrike selskapet Marine Harvest har råd til dette om dei absolutt vil ha dette gigantiske anlegget sitt i den idylliske fjorden vår. Uansett syn i denne saka må ”føre var prinsippet” gjelde.

Vennleg helsing
Gustav Skaar
Stongfjorden, 5/2-2013




mandag 3. februar 2014

Solnedgang heime

Foto kl 16.47 i dag.
Ja, sola har snudd og er på veg nordover....
Kjekt å sjå !
Foto med Sony Xperia Z1 smartphone.

Superdugnad

Heime 1. februar 2014

Det vart lite fjell i helga. På den anna side vart det sikkert trakka like mykje fram og tilbake, opp og ned, som på ein kva slags fjelltur. For i løpet av helga har vi fått på plass nye stovegolv, nytt kjøkkengolv, nytt kjøkkentak med spotlights og delvis på plass ny kjøkkeninnreiing. 

Alt det elektriske er eit kapittel for seg. Det meste viser jo ikkje heller. Men eg må seie meg veldig imponert av Torbjørn (mellomste til Olaug, el-ingeniør og jobbar i Nordsjøen) som heldt orden på alt av leidningar i tak og vegger. I tillegg røska vekk ein del gamalt leidnings-opplegg som ikkje var i bruk. Alt er ikkje ferdig endå, m.a. står det att å få lys i kjøkkeninnreiinga når den er komen heilt på plass. Men tusen takk Torbjørn ! Du har gjort ein kjempejobb ! Og takk for at du kjem att neste helg ! 

Ei stor takk til Tor Ivar òg, mannen til Margunn, eldste dotter mi, som var primus motor for golvlegginga. Utruleg effektiv og flink. Og sjølvsagt takk til Margunn som kom tidleg frå Førde laurdags-morgonen for å styre monteringa av kjøkken. Takk til Marie (jenta til Olaug) og Adrian (kjærast) som kom frå Bergen for å skru kjøkken. Og sjølvsagt til Håvard for god hjelp til listing og golv. Som om ikkje det var nok hoppa nabo Kjell inn av fri vilje og skrudde kjøkken i garasjen som vi hadde fått låne til berget av kolli! Sjefen for det heile var som seg hør og bør fruen i huset.. Min innsats er vel ikkje så mykje å skrike opp om, men eg kokte no kaffi og rydda...:-) 

I løpet av veka vil snekkar, murar og rørleggar legge nest siste hand på verket. M.a. montering av oppvaskmaskin, servant, og vedomnen i stova. I tillegg til litt foringar og lister. 

Etter at vi fekk flytta på plass det meste av innreiinga i stova i går kveld, inkludert bøker og pø, og ei ommøblering, var både Olaug, Peter og underteikna rimeleg trøtte etter helga. 

Takk til alle for fantastisk innsats !


Home sweet home


lørdag 1. februar 2014

Spanande på Toreheia

  
Florø frå Toreheia

I går kveld svikta hovudlykta mi. Overgangen frå ledningen til batterikassen hadde fått seg ein trøkk for mykje. Det toskne var jo at eg merka det på Toreheia kvelden før òg, men tok med meg backuplykta som låg i sekken. Utan at eg testa ho. Lykta var sjølvsagt tom for batteri. Amatørfakter i stresset med å kome seg avgarde etter jobb. Så på Krikavatna stod eg brått utan lys i det heile. Hei og hå - her var gode råd dyre. 

Men det fanst sjølvsagt ikkje anna råd enn å springe det beste eg vann, i konturane av det vesle eg såg - "Å hei og hå hvordan det måtte gå"... over is og frost tuer og stein. Og hadde det ikkje vore for at eg sette på autopiloten, så er det ikkje godt å seie om eg måtte ha ringt heim etter Olaug - med lys ! 

No greidde eg faktisk å kome meg heilt ned igjen på Rinda utan lys. Nattsynet er ein fantastisk reiskap når du ein sjeldan gong får bruk for det... 

Frå Rinda og ned igjen til Yndestad er det god sti. Det er eit stykke ned då, men eg ser lysa heime. Så eg kom meg heilt heim igjen berre frå lyset av mobilen (sjølv om eg rota litt oppe i granskogen). 

Puhhh - det hadde vore eit sviande nederlag og ha måtte ringe om hjelp...:-) Ny Fenix HP20 er undervegs. Kontakten mellom ledning og batterikasse ser ikkje ut til å kunne reparerast. Har nok mista ned denne kassen for siste gong.... Og så må eg laste ned ein lommelykt-app til smarttelefonen !