lørdag 11. januar 2014

Hyggeleg møte

Janne Eikås og Ove Lotsberg 
en route Nipebu og diverse Askvollfjell

Eg gjekk meg ein nyårstur til Nipebu i dag. Første for året. Og første besøket på hytta for året òg viste det seg. No fekk likevel hytta meir besøk i dag, for Ove og Janne på bildet ovanfor traff eg nede under Krokavatnet på veg opp, då eg returnerte til Skjerlia i ettermiddag. 

Det snøa ein del då eg starta i 9-tida. Sikta oppe forbi Krokavatnet var dårleg. Men til Nipebu er det ingen problem å finne fram, godt merka som det er, og godt kjend som eg er. Når det er sagt var det ikkje så enkelt å halde presis stien i dag pga av snøen som var komen. Den viska stien vekk. Nokre av merka var òg vekke. Men sjølve terrenget er kjent. 

Det som var litt verre var at snøen dekka fint over vasspyttar, elvar og myrar som ikkje var tilfrosne. Og utanom stien steig eg difor i gjennom is og snø som ikkje heldt vekta mi. Etter å ha fått vatnet over støvleskafta nokre gonger vart eg til slutt kliss våt på føtene (skulle jo ha teke med meg gamasjane). 

Som sagt gjekk det heilt fint fram til Nipebu trass i våte sko, snøvèr og dårleg sikt. Eg stakk innom hytta og skreiv meg inn i boka. Alt såg ut til å vere heilt i orden etter alt skitvèret og stormane i vinter. Eg tok like godt opp ein videosnutt rundt omkring og inn i hytta for dei som kanskje ikkje har vore her (sjå under).


På Nipebu i dag
Sola stikk fram over Fløyen

No letta det så bra opp då eg starta returen at eg bestemte meg for å gå oppom Fossedalshengenipa heim igjen. Før skråberga oppover trakka eg skikkeleg igjennom noko is på ein dam med snø på. Til langt opp på leggen. Skikkeleg våt... Eg lurte ein augneblink på om eg skulle snu med det same, men heldt fram oppover.

Forholda eg hadde sett på motsett side av fjellet frå Nipebu, vart heilt annleis her oppe på austsida. Kanskje seig skodda på igjen. Veit ikkje. Og mot toppen såg eg ingen ting. Eg gjekk likevel opp på sjølve topplatået, men returnerte før varden sidan det ikkje var eit einaste merke å sjå. Eg lo litt med meg sjølv på veg nedover igjen - for hadde dette vore ein fjelltrimpost med bok på, hadde eg jo nesten teke min død av å kkje fått namnet i boka.... (Men då hadde eg vel heller ikkje snudd). Fint å sleppe det stresset iallefall...:-) Eg var vel på Fossedalshengenipa 50 gonger hitt året...:-) 

Svaberga nedover igjen var ikkje heilt ufarlege. Med snø opp igjen på frosne berg var ikkje det nokon spøk. Men det gjekk greitt med litt varsemd. Kjedeleg å skade seg her oppe åleine vinterdagen...

Nede forbi Krokavatnet igjen traff eg forsyne meg folk. Det hadde eg nesten ikkje trudd, sjølv om Markahengenipa er fjelltrimpost (den ligg lægre til og rett nord for Fossedalshengenipa). Gustav høyrde eg mannspersonen rope - då såg eg det var Ove Lotsberg som eg gjennom fellesinteresser har treft på Facebook. Utruleg artig. I følgje med han var Janne Eikås (sjå bilete). Dei hadde vore oppom eit par mindre toppar på veg ut her frå Jølster, ma.a Dyrehovden, og skulle vidare til Nipebu. Dei har visst eit slags "fjellprogram" dei går etter, der dei besøker flest mogeleg av toppane rundt omkring - (Toppomania trur eg) Artig sak det. Blir vel ei slags form for mani som med fjelltrimmen...:-) Fleire toppar hadde dei på programmet for i dag og i morgon. Vi fekk oss ein veldig hyggeleg og god prat. Men som det er når vi møtest på kryssande kursar, spesielt vinterdagen, så kryp kulden fort under huda. Eit adjø kjem difor nesten alltid for fort.... Men treng de overnatting her ute, er det berre å gi beskjed - der det er hjarterom er det husrom...!

Det var ikkje så lange biten ned igjen for mitt vedkommande. Kanskje like greitt. Føtene var nemleg iskalde etter å ha gått i snøen med våte sko i fleire timar. Flott tur likevel !


Ingen kommentarer: