Facebook

søndag 19. januar 2014

Heavy stuff


Det var reine rock`n roll partyet på Moldura og Størdalsstauren i dag. Vinden hylte og song i øyra, reiv og sleit i kropp og sjel. Og ikkje minst svei den noko grassat i ansiktet. Kva kjølefaktoren var i dei greiene kan eg no berre tippe, men bar hud vart til is med ein gong. Ja, det var temmeleg heavy stuff gitt. 

No var det sjølvsagt ikkje like gale heile vegen. Første biten opp frå Neset i Stongfjorden var ganske vindstille. (Dette er ruta frå nord for dei som ikkje er heilt lokalkjende). Men så snart eg kom over skoggrensa ved Langedalen, vart situasjonen ein heilt annan. Den isande sørausten kvein rundt øyra, og det var berre å pakke inn ansiktet. Heldigvis hadde eg med brillene. Dei er til veldig god hjelp i den stikkande vinden. Elles var det ingen problem med å komme seg opp sjølvsagt. 

Underlaget der oppe var for det meste beinfrose. Snøen knallhard. Men somme plassar hadde det foka seg til med flotte snøformer. Elles var det mykje snaublese. Hamrar og staup. Vilt og kaldt. Heilt perfekt å gå med broddar. 

Vinden røskar hardt på Moldura

Etter å ha spankulert bort på toppen i sør og i vest og knipsa nokre bilder og ein videosnutt, gjekk eg ned igjen til i toppen av Størdalen, og vidare vestover til Størdalsstauren. Med vinden i ryggen var det ein rein nytelse. Marka låg heilt bar utover. Men på Størdalsstauren bles det så kraftig at eg hadde store problem med å fòte meg. Full storm i kasta. Eg sette meg ned på lesida av toppen og tok opp ein snutt der òg. Så bar det ned igjen "standardruta" til bilen som stod parkert ved Ansgar Bjarne. Flott og luftig tur i dag òg.

Det bles bra nede ved fjorden òg....

...men jammen stakk sola litt fram før eg kom meg ned igjen!

Holmedal og Straumsnes i dag


Legg inn en kommentar