Facebook

søndag 26. januar 2014

Glitrande på nordsida

Mangevatna i dag

Etter ein lørdag med snøvèr, rennefòk og sterk vind, heldt eg meg innahus og malte stovetak og lister. Andre strøket. Noko Olaug var særs nøgd med. Taket er visst så fint som det aldri har vore, så då so....:-) 

Men i dag var vèret mykje betre. Som meldt. Det røska jo litt i dag òg, men berre barnematen i forhold til det som har vore vanleg i det siste. Med søraustlege vindar, og avblese fjell på "heimebane", tok eg turen vestover frå Osland. Då fekk eg vinden frå sida og bakfrå tenkte eg. (Det passa perfekt viste det seg). Så eg fekk Olaug til å køyre meg på Osland, til den gamle gruvene ned mot Vågane, og tok oppover mot Ytrevågefjellet. 

Issvullar første delen i dag

Litt nysnø låg det lægst nede. Den var berre for strøsnø å rekne. Det låg òg ein heil del is i stien første delen oppover, men med broddar under skorna, gjekk det heilt problemfritt. 

Såg såvidt i sola....

Ovanfor første høgda var terrenget, som består av lyng og stein, heilt avblese. Du kjem fort over tregrensa denne vegen. Berre nett ovanfor fylkesvegen er det allereie så vèrhardt at all trevekst er borte vekk. Det gjer det lett å kome seg opp og fram. Enkelt, raskt og greitt opp på Ytrevågefjellet. Her tok eg ein videosnutt for å vise omgjevnadene. Eg har lagt på musikk på den då det bles ganske friskt her. Då forsvinn alt snakk i skurring. Flott utsikt ! 


Frå Ytrevågefjellet og vestover, var det berre å peise på til Toreheia. Varden står stor som ein bauta mot synsranda i vest. Autopilot vest og ned til elva frå Hjartebuvatnet, og opp den litt seige og lange stigninga til toppen. Frå nordsida oppover er det fin utsikt utfor fjellet mot Stavestranda, Svanøya, Førdefjorden, øyane i Florø og mot Bremanger. Høydalsnipa kneisa flott i nord. Ja, eg måtte ta eit bilde då sola skein på fjellet der. Og berre det. 

Flott nord om Førdefjorden

Forma var upåklageleg. Etter å ha gått mindre i haust og vinter enn før, har eg vore litt bekymra for sviktande form. Etter forrige helg, og i dag, legg eg det på is. For då eg kom opp på Toreheia, bestemte eg meg likegodt for å springe ut på Skylefjellet òg. Det er no ikkje så allverda langt, men likevel. Det var som om kroppen berre skreik etter meir. 

På nedstigninga av Toreheia i vest, spakna vinden. Heilt perfekt. Nydeleg utsikt til Skylefjellet, Krikavatna og Mangevatna, ja, og vidare vestover Stavenesodden. Ut Stongfjorden til Heggøyna, til Alden og perfekt sikt til Florøkanten og Bremangerlandet. Fantastisk! 

 Mangevatna
(legg merke til kor avblese det er her eg står...)

Fint mot øyane i Florøbassenget

Det gjekk som ein røyk ned i dalen til utløpet av Krikavatna i nord, og vidare opp stigninga til Skylefjellet. Ja så greitt gjekk det at eg lurte på å halde fram vidare vestover,.. Men eg valde likevel å gå ned igjen ruta til Mangevatna. Dei låg så innbydande der nede med stålis på. Så eg jumpa berre ned bakkane mot sør. Og isen den var tjukk den. Iallefall 15 cm ståis. Og då er det ingen problem med å ta seg ut på isen. Artig er det å studere botnen på vatna. Sjekke djupne som info til fiske med stong frå land om sommarsdagen. Ja, eg såg nokre grunner òg som eg ikkje var klar over. 

Stålis på Mangevatna

Etter å ha gått dei to vatna i sør til endes, gjekk eg inn igjen på den vanlege ruta frå Skylefjellet som går heim igjen til Yndestad. Piano og kjekk retur. Kjempeflott tur. Godt for sinn og skinn. Og ikkje minst kjekt å registrere at pust og form endå er intakt (trass i nokre kilo meir enn før....:-) Dei skal det forresten alltid bli ei råd med...:-)

Legg inn en kommentar