Facebook

torsdag 30. januar 2014

Nydeleg kveldstur

 Størdal og Eidsfjorden frå Rinda

Ytst ute i Stongfjorden frå toppen i kveld. 
Mjåset t.h.

Florø

Fantastisk flott kveldstur på Toreheia i kveld. Litt austatrekk på toppen. Lett å ta seg fram då det er frose godt på alle plassar. Tjukk stålis på Krikavatna. Absolutt ein fordel å ha broddar på føtene då det er ein heil del is og issvullar både i stien og elles. Snø er det minimalt av. Det ligg berre nokre gamle fonner opp på toppen, elles heilt snøfritt. 

mandag 27. januar 2014

Havlys


Sidan det var så flott lys ute i havet i ettermiddag, køyrde eg nedom kaia i Flokeneset 
på veg heim frå jobb. Knipsa bildet ovanfor med smarttelefonen...

søndag 26. januar 2014

Glitrande på nordsida

Mangevatna i dag

Etter ein lørdag med snøvèr, rennefòk og sterk vind, heldt eg meg innahus og malte stovetak og lister. Andre strøket. Noko Olaug var særs nøgd med. Taket er visst så fint som det aldri har vore, så då so....:-) 

Men i dag var vèret mykje betre. Som meldt. Det røska jo litt i dag òg, men berre barnematen i forhold til det som har vore vanleg i det siste. Med søraustlege vindar, og avblese fjell på "heimebane", tok eg turen vestover frå Osland. Då fekk eg vinden frå sida og bakfrå tenkte eg. (Det passa perfekt viste det seg). Så eg fekk Olaug til å køyre meg på Osland, til den gamle gruvene ned mot Vågane, og tok oppover mot Ytrevågefjellet. 

Issvullar første delen i dag

Litt nysnø låg det lægst nede. Den var berre for strøsnø å rekne. Det låg òg ein heil del is i stien første delen oppover, men med broddar under skorna, gjekk det heilt problemfritt. 

Såg såvidt i sola....

Ovanfor første høgda var terrenget, som består av lyng og stein, heilt avblese. Du kjem fort over tregrensa denne vegen. Berre nett ovanfor fylkesvegen er det allereie så vèrhardt at all trevekst er borte vekk. Det gjer det lett å kome seg opp og fram. Enkelt, raskt og greitt opp på Ytrevågefjellet. Her tok eg ein videosnutt for å vise omgjevnadene. Eg har lagt på musikk på den då det bles ganske friskt her. Då forsvinn alt snakk i skurring. Flott utsikt ! 


Frå Ytrevågefjellet og vestover, var det berre å peise på til Toreheia. Varden står stor som ein bauta mot synsranda i vest. Autopilot vest og ned til elva frå Hjartebuvatnet, og opp den litt seige og lange stigninga til toppen. Frå nordsida oppover er det fin utsikt utfor fjellet mot Stavestranda, Svanøya, Førdefjorden, øyane i Florø og mot Bremanger. Høydalsnipa kneisa flott i nord. Ja, eg måtte ta eit bilde då sola skein på fjellet der. Og berre det. 

Flott nord om Førdefjorden

Forma var upåklageleg. Etter å ha gått mindre i haust og vinter enn før, har eg vore litt bekymra for sviktande form. Etter forrige helg, og i dag, legg eg det på is. For då eg kom opp på Toreheia, bestemte eg meg likegodt for å springe ut på Skylefjellet òg. Det er no ikkje så allverda langt, men likevel. Det var som om kroppen berre skreik etter meir. 

På nedstigninga av Toreheia i vest, spakna vinden. Heilt perfekt. Nydeleg utsikt til Skylefjellet, Krikavatna og Mangevatna, ja, og vidare vestover Stavenesodden. Ut Stongfjorden til Heggøyna, til Alden og perfekt sikt til Florøkanten og Bremangerlandet. Fantastisk! 

 Mangevatna
(legg merke til kor avblese det er her eg står...)

Fint mot øyane i Florøbassenget

Det gjekk som ein røyk ned i dalen til utløpet av Krikavatna i nord, og vidare opp stigninga til Skylefjellet. Ja så greitt gjekk det at eg lurte på å halde fram vidare vestover,.. Men eg valde likevel å gå ned igjen ruta til Mangevatna. Dei låg så innbydande der nede med stålis på. Så eg jumpa berre ned bakkane mot sør. Og isen den var tjukk den. Iallefall 15 cm ståis. Og då er det ingen problem med å ta seg ut på isen. Artig er det å studere botnen på vatna. Sjekke djupne som info til fiske med stong frå land om sommarsdagen. Ja, eg såg nokre grunner òg som eg ikkje var klar over. 

Stålis på Mangevatna

Etter å ha gått dei to vatna i sør til endes, gjekk eg inn igjen på den vanlege ruta frå Skylefjellet som går heim igjen til Yndestad. Piano og kjekk retur. Kjempeflott tur. Godt for sinn og skinn. Og ikkje minst kjekt å registrere at pust og form endå er intakt (trass i nokre kilo meir enn før....:-) Dei skal det forresten alltid bli ei råd med...:-)

torsdag 23. januar 2014

To dikt

Eg laga to nye dikt i dag i påvente av helga og nye fjellturar. Bilda er tekne på Svarthamrane  i Stongfjorden under fullmåne. Dei viser mot Holmedal/Straumsnes i sør og Blegja i aust. 

Hat og eld


Vi søkjer til sanning der ute ein stad
i lufta er håpet vårt blått
Mot tida og lyset om dagar er bra
har alle ein draum om eit slott

I mørket er segnet at kattar er grå
om natta er livet so lett
Ja ingen ser skilnad på mennesker då
til grava har alle billett

Det lyser frå byar av lengtande folk
mot draumar i livet til død
Det knappast er enkelt å leva som tolk
når magane manglar sitt brød

Du elskar av lyset og natta so god
send lukke til folket i kveld
Du pumpar av glede i brusande blod
i kampen mot hatet og eld

Ja kjærleiken er som ein stor karusell
på reisa til lyset for to
Når andre ser hatet kryp vi under fell
i mørket vi kosar i ro

Tekst og foto G.Skaar

Is av kjærleik


Natta mi lyser eg dansar på blåne
Takksam eg hyller ein strålande måne
Hjarta mitt hamrar i lyster av brann
Kjærleiken blømer i kulden eg fann

Blodstraumen strøymer i pumpande glede
Tankane varmar til jenta der nede
Landskapet lyser av draumar for mann
Månen gir næring til gledene sann

Tekst og foto G.Skaar

tirsdag 21. januar 2014

Northern Lakes


Fotosamling Northern Lakes, Stongfjorden, haust/vinter.
 Musikk "Lucky" m/Halie Loren.
Hugs beste kvalitet.

søndag 19. januar 2014

Heavy stuff


Det var reine rock`n roll partyet på Moldura og Størdalsstauren i dag. Vinden hylte og song i øyra, reiv og sleit i kropp og sjel. Og ikkje minst svei den noko grassat i ansiktet. Kva kjølefaktoren var i dei greiene kan eg no berre tippe, men bar hud vart til is med ein gong. Ja, det var temmeleg heavy stuff gitt. 

No var det sjølvsagt ikkje like gale heile vegen. Første biten opp frå Neset i Stongfjorden var ganske vindstille. (Dette er ruta frå nord for dei som ikkje er heilt lokalkjende). Men så snart eg kom over skoggrensa ved Langedalen, vart situasjonen ein heilt annan. Den isande sørausten kvein rundt øyra, og det var berre å pakke inn ansiktet. Heldigvis hadde eg med brillene. Dei er til veldig god hjelp i den stikkande vinden. Elles var det ingen problem med å komme seg opp sjølvsagt. 

Underlaget der oppe var for det meste beinfrose. Snøen knallhard. Men somme plassar hadde det foka seg til med flotte snøformer. Elles var det mykje snaublese. Hamrar og staup. Vilt og kaldt. Heilt perfekt å gå med broddar. 

Vinden røskar hardt på Moldura

Etter å ha spankulert bort på toppen i sør og i vest og knipsa nokre bilder og ein videosnutt, gjekk eg ned igjen til i toppen av Størdalen, og vidare vestover til Størdalsstauren. Med vinden i ryggen var det ein rein nytelse. Marka låg heilt bar utover. Men på Størdalsstauren bles det så kraftig at eg hadde store problem med å fòte meg. Full storm i kasta. Eg sette meg ned på lesida av toppen og tok opp ein snutt der òg. Så bar det ned igjen "standardruta" til bilen som stod parkert ved Ansgar Bjarne. Flott og luftig tur i dag òg.

Det bles bra nede ved fjorden òg....

...men jammen stakk sola litt fram før eg kom meg ned igjen!

Holmedal og Straumsnes i dag


lørdag 18. januar 2014

Bombshell in icy wind

Krikavatna i dag


Eg malte taket i stova i dag tidleg. Sjølvsagt også taklistene. Litt putlearbeid dette. Og litt stiv nakke...Det tok vel sine cirka 3 timar. Men etterpå var eg moden for ein tur ut. 

Vinden er eit kapittel for seg sjølv om dagen. Den går gjennom marg og bein. Den søraustlege retningen tek godt her ute i fjorden. Så det gjekk eit kvitt gòv over fjordyta her nede. Eg bestemt meg likevel for ein trimtur på Toreheia. Er så greitt å gå frå døra heime utan noko om og men...

Eg tok broddane på skorne med det same. Det var fornuftig. For væta var frose på i stien oppover. I tillegg var det tele i det gjennomvåte lendet. Eg var litt spent på om det var trygt å gå over isen på Krikavatna. Det viste seg å ikkje vere noko problem med. Så tjukk var isen ikkje, men for det meste av stålis-konsistens.

Utsikt mot aust

Vinden var som nemnt ovanfor eit kapittel for seg. Ja hadde eg ikkje hatt broddar på meg, hadde eg ikkje hatt sjanse til å gå over vatnet. Vinden var faktisk så sterk midt i mot at eg heldt på å bli blesen over ende fleire gonger. Artig opp til eit visst punkt...Men faktisk litt nervepirrande òg.. Dette fekk meg sjølvsagt til å lure på korleis det var lenger oppe. Det gjekk forsåvidt greitt. Eg måtte stoppe opp i verste ròsene, som eg endå fekk midt i mot, men elles var det faktisk verre rett før nyttår. 

Det bles hardt på Toreheia i føremiddag

I dag tok eg med meg nokre byteklede pga den sterke vinden. Herleg å få på seg tørre og gode klede på toppen. Eg har ei jakke av merke Stoic som er fantastisk god. (Godt tilbod frå USA no, sjekk link). Fora og vindtett. Litt tyngre enn dun og gore-tex, men veldig god i kald vind. 

Eg gjekk så ned igjen på Krikavatna, men kryssa vest om Yndestadhøgeheia, og gjekk ned igjen Selda. Flott og vindfull affære dette. Gjorde godt etter alt malingsarbeidet. 

Foto Toreheia 180114

Video Toreheia 180114

fredag 17. januar 2014

Fandens leikestove

Hekkelfjellet i Holmedal t.v.
Foto ved Svarthamrane forrige helg....

Mykje på gang på heimebane om dagen. Nytt stovegolv, ny kjøkkeninnreiing, nye kvitevarer, nytt tak med spottar på kjøkkenet og alt malingsarbeidet ++ i tillegg. Ja, ja vi får sjå på det som ei innvestering i nye fjellturar...:-) I fjellet held jo fanden leikestove likevel. Ein kjølefaktor i vinden som kan skremme kven som helst. Får sjå om ikkje det blir ein tur for det...

torsdag 16. januar 2014

The Perfect touch





mandag 13. januar 2014

Kjekt og smart



Det er alltid kjekt å ha ein smarttelefon med brukbare kamera-eigenskapar for handa. Heldigvis fekk eg Olaug til å stogge bilen i Bogane på veg til Dale i går ettermiddag, så eg fekk knipsa det første bildet ovanfor. Som vi ser går sola ned over Gjølanger og Luteland-traktene. Det er andre bildet er frå Yksnebjør i Dale. Vi ser Dokka og Bakkefjellet ytst ute t.h.

søndag 12. januar 2014

Roundabout

Godt innpakka på Skålefjellet - Herleg...!
Foto i Mannskaret i dag tidleg
Stongfjorden der nede. Morgonsol på Toreheia og Ytrevågefjellet

I dag gjekk eg første delen av DNT-ruta frå Stongfjorden til Nipebu. Den går opp Gjerdedalen ved den gamle fotballbana, og opp Gjerdebrekka til Mannskaret. Denne stien merka eg eigenhendig for ein del år sidan (brukte ei veke av ferien). Og litt meir sjølvskryt - eg må nesten seie meg litt imponert over kor bra merkinga er endå etter alle desse åra. Vardane står, og målinga har helde seg forbausande bra. Ho er litt kronglut første delen denne brekka, men fordelen er at du tek fort høgde. 


"Andre-elva" før Mannskaret

Meininga frå starten av med dette "Hav til Bre" prosjektet, som eg no trur er parkert (?) av Indre Sunnfjord Turlag, var at løypa skulle gå opp Størdalen. Men der vart ein ikkje samde med grunneigarane. Likevel er det som vi ser på bildet ovanfor, og videoen inn under, utsikt til havet frå Mannskaret òg. 


Det var nokre får minusgrader i Stongfjorden då eg starta i dag. Eg tok difor på meg broddar av eldre årgang. Heilt frå starten av. Ein går litt tryggare då. Her er mykje frosne berg og steinar no med lite snø på som kan vere skumle. Og som eg nemnde i går - når ein går åleine bør ein vere litt ekstra obs. 

Det tok ein liten time å kome seg opp i Mannskaret. Her fekk eg første solstrålane for dagen i sør. Gjerdedalen ligg i skugge heile dagen no på denne tid, så det er alltid kjekt å kome opp på toppen å få møte sola. Her oppe var forholda fantastiske. Det er noko heilt spesielt med januarsol på fjellet... Med nokre centimeter nysnø var det lett å ta seg fram. Likevel var ikkje alt av vatn frose, så eg var obs på å ikkje trakke gjennom dei flate ytene med snø på som skjulte vatn inn under.... Hadde ikkje lyst å bli våt på føtene igjen som i går. 

Eg gjekk vidare austover her frå. Følgde DNT-ruta innover til Siklabergvatna. Eg tok ikkje sjansen på å gå over vatnet. Heller ikkje kloppa i mellom der ruta egentleg går. Framleis redd for å bli våt - ja endå lenger opp enn til føtene. Eg gjekk difor nordsida av vatnet rundt, og vidare opp dalen på nordsida av Hekkelfjellet. (Her går ruta til Nipebu vidare austover til Langevatnet (Holmedal) og over Smørskornova). Stakk så oppom Hekkelfjellet. Dette fjellet vart teke ut av fjelltrimprogrammet i fjor då Bakkefjellet kom inn. Det var difor ei stund sidan eg hadde vore her. Det er flott usikt her i frå - sjå video under.


Etter å ha fotografert litt her, tok eg så nordover igjen. Kryssa stien som går til Svelia og Svelivatna, og gjekk oppom Svarthamrane for ein kik. Deretter reint nord til Skålefjellet. Det er som kjent fin utsikt ned til Stongfjorden her og elles i alle himmelretningar (sjekk foto). 

No var eg glad for at eg hadde teke med meg byteklede. Trekken frå nord svei godt. Sveittevåte-klede vart stive som flatbrød i minusgradene. Herleg å få på seg tørre og varme klede. Dunjakka frå Rab er kanon. Ja, ho er nesten for varm når eg rører på meg igjen... 

Returen til bygda tok eg den vanlege ruta ned med første elva. Nedstigninga over hamrane her gjekk heilt fint, sjølv om det kan vere litt "tricky" på denne tid (litt bratt og isete). 

Kjempeflott tur igjen - og så bar det til Dale for feiring av gebursdag på Yksnebjør...:-)


Apropos desse to innlegga vedr. Nipebu. Her er kart over stiane:




lørdag 11. januar 2014

Hyggeleg møte

Janne Eikås og Ove Lotsberg 
en route Nipebu og diverse Askvollfjell

Eg gjekk meg ein nyårstur til Nipebu i dag. Første for året. Og første besøket på hytta for året òg viste det seg. No fekk likevel hytta meir besøk i dag, for Ove og Janne på bildet ovanfor traff eg nede under Krokavatnet på veg opp, då eg returnerte til Skjerlia i ettermiddag. 

Det snøa ein del då eg starta i 9-tida. Sikta oppe forbi Krokavatnet var dårleg. Men til Nipebu er det ingen problem å finne fram, godt merka som det er, og godt kjend som eg er. Når det er sagt var det ikkje så enkelt å halde presis stien i dag pga av snøen som var komen. Den viska stien vekk. Nokre av merka var òg vekke. Men sjølve terrenget er kjent. 

Det som var litt verre var at snøen dekka fint over vasspyttar, elvar og myrar som ikkje var tilfrosne. Og utanom stien steig eg difor i gjennom is og snø som ikkje heldt vekta mi. Etter å ha fått vatnet over støvleskafta nokre gonger vart eg til slutt kliss våt på føtene (skulle jo ha teke med meg gamasjane). 

Som sagt gjekk det heilt fint fram til Nipebu trass i våte sko, snøvèr og dårleg sikt. Eg stakk innom hytta og skreiv meg inn i boka. Alt såg ut til å vere heilt i orden etter alt skitvèret og stormane i vinter. Eg tok like godt opp ein videosnutt rundt omkring og inn i hytta for dei som kanskje ikkje har vore her (sjå under).


På Nipebu i dag
Sola stikk fram over Fløyen

No letta det så bra opp då eg starta returen at eg bestemte meg for å gå oppom Fossedalshengenipa heim igjen. Før skråberga oppover trakka eg skikkeleg igjennom noko is på ein dam med snø på. Til langt opp på leggen. Skikkeleg våt... Eg lurte ein augneblink på om eg skulle snu med det same, men heldt fram oppover.

Forholda eg hadde sett på motsett side av fjellet frå Nipebu, vart heilt annleis her oppe på austsida. Kanskje seig skodda på igjen. Veit ikkje. Og mot toppen såg eg ingen ting. Eg gjekk likevel opp på sjølve topplatået, men returnerte før varden sidan det ikkje var eit einaste merke å sjå. Eg lo litt med meg sjølv på veg nedover igjen - for hadde dette vore ein fjelltrimpost med bok på, hadde eg jo nesten teke min død av å kkje fått namnet i boka.... (Men då hadde eg vel heller ikkje snudd). Fint å sleppe det stresset iallefall...:-) Eg var vel på Fossedalshengenipa 50 gonger hitt året...:-) 

Svaberga nedover igjen var ikkje heilt ufarlege. Med snø opp igjen på frosne berg var ikkje det nokon spøk. Men det gjekk greitt med litt varsemd. Kjedeleg å skade seg her oppe åleine vinterdagen...

Nede forbi Krokavatnet igjen traff eg forsyne meg folk. Det hadde eg nesten ikkje trudd, sjølv om Markahengenipa er fjelltrimpost (den ligg lægre til og rett nord for Fossedalshengenipa). Gustav høyrde eg mannspersonen rope - då såg eg det var Ove Lotsberg som eg gjennom fellesinteresser har treft på Facebook. Utruleg artig. I følgje med han var Janne Eikås (sjå bilete). Dei hadde vore oppom eit par mindre toppar på veg ut her frå Jølster, ma.a Dyrehovden, og skulle vidare til Nipebu. Dei har visst eit slags "fjellprogram" dei går etter, der dei besøker flest mogeleg av toppane rundt omkring - (Toppomania trur eg) Artig sak det. Blir vel ei slags form for mani som med fjelltrimmen...:-) Fleire toppar hadde dei på programmet for i dag og i morgon. Vi fekk oss ein veldig hyggeleg og god prat. Men som det er når vi møtest på kryssande kursar, spesielt vinterdagen, så kryp kulden fort under huda. Eit adjø kjem difor nesten alltid for fort.... Men treng de overnatting her ute, er det berre å gi beskjed - der det er hjarterom er det husrom...!

Det var ikkje så lange biten ned igjen for mitt vedkommande. Kanskje like greitt. Føtene var nemleg iskalde etter å ha gått i snøen med våte sko i fleire timar. Flott tur likevel !


onsdag 8. januar 2014

Håp i hangande snøre...

Bildet er frå nedstigninga til Nordalen i Skorva. Teke 12/1-13.

Jammen ser den elendige vinteren so langt ut til å gå over i barfrost. Iallefall i følgje vèrmeldingane i dag. Heilt idèelt er sjølvsagt ikkje det. For så vått som det er i terrenget no, blir det vel klink is frå fjord til fjell. Men det er no trass alt betre det enn all denne væta. No ser eg iallefall fram til både lengre turar og turar med hovudlykt. 

Så skralt som det har vore med turgåing  i haust, er det mange år sidan det har vore for mitt vedkommande. Ikkje det at eg bryr meg så veldig mykje om at eg må slakke litt på beltet nokre månader. Forma forsvinn no heller ikkje så brått om. Og for å vere ærleg har det i grunn vore behageleg å teke livet litt meir med ro ei stund. Utan å kjenne på presset av fjelltrimmen eller at eg trene. Dette har nok heilt sikkert både kne og lemmer hatt godt av òg. (P.S. Eg er ikkje 20 år lenger...) 

Når det er sagt så er det klart at det kriblar både her og der når eg no ser slike flotte vèrmeldingar. Eg har gått igjennom fleire alternative turruter og toppar i mitt stille sinn. Spesielt etter leggetid. Desse gler eg meg skikkeleg til....:-) Ikkje minst når det no har opna seg med alternativ gjennom Dalsfjordsambandet òg ...  Om eg kan ta meg fri frå jobb er vel tvilsamt. Difor får eg satse på kveldsturar med hovudlykt med det første, og sjølvsagt til helga igjen. Apropos kveldsturar. Det er fullmåne neste torsdag... Stay tuned ! 

søndag 5. januar 2014

Ho saug

- myra - frå Neset til Moldura i dag. Søkk vått var det. Å gå klissvåt myr ganske bratt oppover er slitsomt. 


Holmedal og Straumsnes

No var det visst ikkje berre myrane som saug. Søraustkulingen midt i mot frå Langedalen og opp saug i skrotten òg. Så når stigninga med myr var unnagjort, var det vinden som auka på. 

No skal eg ikkje klage. Eg valde det jo sjølv...:-) Turen frå Neset i nord til Moldura i sør er berre knall. Ein eg likar veldig godt. Spesielt heim igjen, då eg får heile havstrekninga frå sør om Alden til Bremanger midt i mot. Øyane i Florø, ytst i Stongfjorden med Mjåset og Størdalen mot vest, og til nord mot Toreheia og Ytrevågefjellet. Flott utsikt kor du vender deg. Ok - det er noko lenger enn opp frå sørsida i Holmedal, men turen tykkjer eg er finare (muleg nokre holmedølingar blir sure no, men men...:-))

Trass i at det sikkert var varmegrader på toppen, var vinden kald nok (målaren i bilen viste faktisk 10 plussgrader då eg kom ned att til fjorden...) Eg gjekk likevel ned på kanten mot sør (bildet) og gjekk deretter bort på kanten i vest for ein kik. Ned igjen sprang eg mykje av vegen til vest om Nyken. Med vinden i ryggen gjekk det som ei kule...:-) Forma og tilhøva var rett så bra at eg like godt delvis sprang vestover til Størdalsstauren òg. 

Utover mot stauren var det snøfritt. Som ein haust- eller vårdag. Nydeleg. Raskt og enkelt. Til fjorden igjen tok eg den vanlege ruta ned vest om Langedalen og til bilen. Her traff er jammen Ansgar-Bjarne òg som nett kom ned igjen frå Nyken. Vi fekk oss ein liten god nyttårs-prat før turen bar heim igjen i dusjen. Kjempeflott tur !

(Xperia Z1)





lørdag 4. januar 2014

Stikkande nåler...

Tøffe forhold på Toreheia i dag òg....
(Look at the skull to the upper right....)

Eg gjekk trimløypa mi på Toreheia igjen i dag. Lørdag og greier. Den starta forresten med at eg køyrde Olaug til Førde, der eldste dotter mi, Margunn, køyrde til Bergen for å handle oss kjøkken. Margunn har ein viss peiling...( i motsetnad til faren) ! Olaug skal feire 70-årsdag til Arnt, svogeren i tillegg. To fluer i ein smekk. Eg for min del fekk min porsjon med regnbyger og sugande vind der oppe i fjellet. For i heile teke å kunne gå til fjells om dagen, lyt eg berre ta dette med på kjøpet. 

Eg har reimpregnert den gamle Arcteryx-jakke mi til føremålet. Den er litt tyngre enn dei andre jakkene mine, men held samtidig godt mot ruskevèret om dagen. Paramo-buksa er knall. Vasstett, vindtett og varm. Denne har eg to av...:-)

I dag gjekk eg inn Yndestadhøgeheia. Som om eg ikkje visste at det var her det blåste mest (eg høyrer duringa av vinden heime frå sofaen når vindretningen er som i dag frå sør). Men pytt - skal det vere så skal det vere. Eg tok opp ein snutt med den nye mobilen min her i frå. Det spørst likevel om eg ikkje får legge på noko musikk sidan det berre vart skraping av lyden. Eg prøvde forresten ikkje med kommentarar heller.... 

Nede ved Krikavatna igjen

På toppen var det vind, piskande regn og skodde. Regnet bles som stikkande nåler inn i ansiktet (hadde ikkje med brillene). Litt skjul er det av den store varden, men det blir sjølvsagt fort kaldt på denne tid. Varden var smykka med is på sørsida i dag. Som vanleg var her difor ingen verandes plass. Så då tok eg turen nedatt der eg har merka til Krikavatna. Deretter kryssa eg Yndestadhøgeheia på vestsida, og gjekk ned igjen Selda. 

Fin tur. Luftig og våt.

(OBS OBS Sterk musikk som står til vinden...:-))
Psycho

(litt forskjellige innstillingar)

torsdag 2. januar 2014

Godt nytt fjellår

Eg skryt av jule- og nyttårsvèret.
Perfekte forhold i fjellet 1/1 og 4/1-2009
"Sukk hjarte med brist ikke"
Var vèret mykje betre før ? Eller er det alderen ?

onsdag 1. januar 2014

Våt nyårsdag

Vadet på Krikavatna i dag 

Ja, den sedvanlege turen nyårsdag vart både våt og hustrig. Toreheia måtte jo sjølvsagt vitjast første dagen i det nye året. Så etter at Gofa-jentene til Håvard & Miriam var avhenta etter ei natt her, bar det oppover. Det regna. Ikkje akkurat noko overrasking. Men akkurat det må ein visst berre gløyme skal ein kome seg ut i det heile teke for tida. Å klage på vèret er bortkasta energi. Men det er alltid lov å håpe. Det er difor mitt nyårsynskje - HØGRE trykk..:-)

På toppen gjekk regnet over i vått vått sludd. I tillegg kom skodda sigande. Så etter å ha ynskt godt nytt år i boka, var det berre å kome seg ned igjen. Vått og godt !


Seinare på dag: Håp i vest...