søndag 29. desember 2013

Rekognosering

Dale

Agnar og eg tok ei "synfaring" frå Otterstein til Fossevika i dag for å sjå etter den gamle stien som gjekk her. Og lat meg seie med ein gong - vi vart positivt overraska. 

Etter kva eg har høyrt frå Dale-gjengen skulle det vere vanskeleg med ein skapleg sti frå brua og til Fossevika. Og ok - her er ein låg hammar som er litt "tricky" - pr i dag. Denne hammaren må ein over. Men den er ikkje verre enn at ved å sette opp eit par tau til å halde seg i så skulle denne gå heilt greitt å kome seg over.... (Som ovanfor Markavatnet og Krokavatnet mot Fossedalshengenipa, og turstien til Nipebu). Sjølv om det var vått og sleipt i dag, kom vi oss fint over hammaren for det. Men det er sjølvsagt ein del arbeid som må gjerast utanom dette. Spesielt ryddding av trefall. Ein del ser ut til å vere etter nyttårsorkanen i -92 då ein god del av lia her vart lagt flatt. 

No er det sjølvsagt eit vurderingsspørsmål korleis ein sti skal sjå ut. Nokon kunne sikkert tenkt seg heller eller midtstripe for den del. Underteikna er av den oppfatning at di mindre inngrep ein gjer di betre er det.

Utsikt til nytt og gamalt i Fossevika

Vi hadde ein plan om å finne den gamle stien opp Eikeskora til Fossedalen òg i dag. Denne går opp på austsida av Vikafossen. No viste fossen seg så stor i dag at vi ikkje kom oss over. Så det får vi ta ein annan gong. I staden gjekk vi den vanlege stien opp i Fossedalen. 

Vikafossen

På veg opp måtte vi sjølvsagt ta turen nedom ELRAKI for å sjå etter husa her. Dei såg ut til å vere heilt i orden etter alt ruskevèret og vinden i haust. Det er ein nydeleg plass dette. Sjølv i slutten av desember. Men så mykje som minner om vinter akkurat kan vi sjå langt etter.... 

ELRAKI i slutten av desember
Fossedalselva ved ELRAKI

Agnar hadde gøymt ein godbit på innerlomma. I Fossedalen fiska han fram ei hjortepylse frå Matglede på Bakkebø. Herleg med ein slik smakebit her oppe. Niste på ein benk i Fossedalen ved årsskifte... Nesten surrealistisk...! 

Agnar i Fossedalen i dag

Etterpå stakk vi ein tur bortom Fossedalsfossen. Denne gjekk ganske så stor etter alt regnet i det siste. Praktfullt syn. Vill og ekte. Deretter rusla vi gjennom tunet. Utelyset stod på i hovudhuset, og alt såg greitt ut. Så gjekk turen ned igjen i Fossevika. 

Fossedalsfossen

Turen bort igjen til brua viste berre ein gong til at det skal gå greitt med ein tursti her. Som sagt så står det berre på ryddinga. Ein dugnad med nokre personar, litt merking slik at folk går same stien, og dette går heilt fint å få til. Det meste står på engasjement og initativ.

Flott tur - ja faktisk fekk vi sjå sola òg...

På veg heim igjen til Stongfjorden skin sola over Straumsnes.
Agnar feirar jul og nyttår på hytta her.

Ingen kommentarer: