Facebook

tirsdag 31. desember 2013

Godt nytt år

Skålefjellet i dag

Det vart både vått og vinterleg på ein gong på Skålefjellet i dag. Litt småregn under vegs vart til snødrèv mot toppen. Sikta var difor ingen ting å skryte av. Men, men eg kom no meg opp. Vèret kan ingen gjere noko med. Det får vi ta som det er. 

Med dette vil eg ynskje alle lesarar av bloggen min eit flott nytt år. 

Foto Nyttårsaftan Skålefjellet 311213


søndag 29. desember 2013

Rekognosering

Dale

Agnar og eg tok ei "synfaring" frå Otterstein til Fossevika i dag for å sjå etter den gamle stien som gjekk her. Og lat meg seie med ein gong - vi vart positivt overraska. 

Etter kva eg har høyrt frå Dale-gjengen skulle det vere vanskeleg med ein skapleg sti frå brua og til Fossevika. Og ok - her er ein låg hammar som er litt "tricky" - pr i dag. Denne hammaren må ein over. Men den er ikkje verre enn at ved å sette opp eit par tau til å halde seg i så skulle denne gå heilt greitt å kome seg over.... (Som ovanfor Markavatnet og Krokavatnet mot Fossedalshengenipa, og turstien til Nipebu). Sjølv om det var vått og sleipt i dag, kom vi oss fint over hammaren for det. Men det er sjølvsagt ein del arbeid som må gjerast utanom dette. Spesielt ryddding av trefall. Ein del ser ut til å vere etter nyttårsorkanen i -92 då ein god del av lia her vart lagt flatt. 

No er det sjølvsagt eit vurderingsspørsmål korleis ein sti skal sjå ut. Nokon kunne sikkert tenkt seg heller eller midtstripe for den del. Underteikna er av den oppfatning at di mindre inngrep ein gjer di betre er det.

Utsikt til nytt og gamalt i Fossevika

Vi hadde ein plan om å finne den gamle stien opp Eikeskora til Fossedalen òg i dag. Denne går opp på austsida av Vikafossen. No viste fossen seg så stor i dag at vi ikkje kom oss over. Så det får vi ta ein annan gong. I staden gjekk vi den vanlege stien opp i Fossedalen. 

Vikafossen

På veg opp måtte vi sjølvsagt ta turen nedom ELRAKI for å sjå etter husa her. Dei såg ut til å vere heilt i orden etter alt ruskevèret og vinden i haust. Det er ein nydeleg plass dette. Sjølv i slutten av desember. Men så mykje som minner om vinter akkurat kan vi sjå langt etter.... 

ELRAKI i slutten av desember
Fossedalselva ved ELRAKI

Agnar hadde gøymt ein godbit på innerlomma. I Fossedalen fiska han fram ei hjortepylse frå Matglede på Bakkebø. Herleg med ein slik smakebit her oppe. Niste på ein benk i Fossedalen ved årsskifte... Nesten surrealistisk...! 

Agnar i Fossedalen i dag

Etterpå stakk vi ein tur bortom Fossedalsfossen. Denne gjekk ganske så stor etter alt regnet i det siste. Praktfullt syn. Vill og ekte. Deretter rusla vi gjennom tunet. Utelyset stod på i hovudhuset, og alt såg greitt ut. Så gjekk turen ned igjen i Fossevika. 

Fossedalsfossen

Turen bort igjen til brua viste berre ein gong til at det skal gå greitt med ein tursti her. Som sagt så står det berre på ryddinga. Ein dugnad med nokre personar, litt merking slik at folk går same stien, og dette går heilt fint å få til. Det meste står på engasjement og initativ.

Flott tur - ja faktisk fekk vi sjå sola òg...

På veg heim igjen til Stongfjorden skin sola over Straumsnes.
Agnar feirar jul og nyttår på hytta her.

fredag 27. desember 2013

Best of 2013

Icmeler 20/7-13


Icmeler 21/7-13

Eg har teke eit gjennomsyn av bloggen min for 2013 og kome fram til ei lita "Best of" liste over turar som eg minnest med spesiell glede. Lista er basert på 14 hendingar i kalendaråret. Turane har eg linka opp nedanfor utan noko slags form for rangering. 


Februar: Sunshine reggae







September: I draumeland

Oktober: Girls on Blegja




Sjølvsagt kunne lista vore lenger. Eller kortare. Alt etter som. 
Men under arkiv ligg alt - om nokon skulle ta ein dukkert ned i det...:-)





torsdag 26. desember 2013

Blowin` free

Vindfullt i Holevika i dag

Eg gjekk meg ein god luftetur på Høgeheia på Stavenesodden i dag. Det bles nesten like mykje som på Toreheia hin dagen. Sjølve oppstigninga frå nord var piano, men du verda kor det bles då eg kom lenger opp. Med fri utsikt mot Granesundet og over Stongfjorden fekk vinden skikkeleg tak. Men heldigvis heldt det seg ganske opplett. Så mykje elles er det vel ikkje å seie. Ribbefeittet fekk iallefall lufta seg til gangs...







Liv og røre



Julaftan var Olaug, Peter og eg i Førde og feira julekvelden i lag med familien til eldste dotter mi Margunn og mannen hennear Tor Ivar. 

1. Juledag hadde vi den årvisse samlinga av jentene mine og borneborna her på Yndestad. 

Eg gjer eit lite unntak og legg ut nokre "skrytebilder" av meir privat art frå desse to dagane. 

tirsdag 24. desember 2013

Steintøft på Toreheia

På baksida av varden 24/12

Gu tryste og beire kor det bles på Toreheia i dag julaftan ! Ja, det var litt sprøtt (ekstremt er ein klisjè). Eg vart blåst ut av stien rett som det var. Stod bom fast i motavinden. Ja ganske strabasiøst får eg seie...! På toppen måtte eg ned på kne fleire gonger og halde meg fast. Det var ikkje heilt ufarleg å bli blåst overende der i alle hamrane og steinane. I tillegg kom det nokre solide skålebyger med isande kaldt regn. 

Hoohoo det var ein tøff nissetur i år. Men no er pakkane komne til bygds. Nissen har fått stelt seg, og ein tom mage skrik etter risengrynsgraut...:-) God jul !


mandag 23. desember 2013

God Jul

Kva nissane finn på veit vi aldri... 

Her er gamle nissemøter

Ynskjer alle ei strålande julefeiring 

 og eit

 Godt Nytt turår

lørdag 21. desember 2013

"En temmelig vill en..."

 Elvane "renn" dit dei kjem i frå...


 Rufsete heim til Yndestad i dag

I skjul bak varden...

Det er ikkje ofte eg ikkje har kome meg over Rindaelva. Men i dag gjekk elva over alle breidder. Trykket frå straumen i den smale slukta var altfor heftig. Eg torde ikkje ein gong å prøve på og gå over der oppe i hamrane under Rinda. Faren med å hamne i fossen rett ned under var overhengande. Og det er jo snart jul...:-) I staden snudde eg, og gjekk ned igjen under plantefeltet og opp Selda i staden. Det er desse to rutene som kan nyttast for å kome seg opp på fjellet her (det er eit par "villare" alternativ òg, men det er ikkje for "vanlege" folk....)

Det vart ein rufsete tur. Det bles avsindig opp på det opne fjellet. Og på veg austover Yndestadhøgeheia la eg merke til elvane som blåste opp igjen på platået av den sterke vinden. Eg prøvde å ta nokre bilder med mobilen, men det var kul umuleg å halde den i ro i den sterke vinden.  "Dusjen" frå dei oppadstigande elvane var i tillegg temmeleg kald av seg. Men det var litt av eit syn ! 

På toppen av Toreheia bles det sjølvsagt endå meir. Men eg kom meg i skjul bak varden og fekk knipsa eit bilde her òg. I skodda som kom og gjekk, valde eg å gå den merka ruta ned igjen. 

Det er sjeldan eg har sett vindròsene gå kvite nede på Krikavatna. Men i dag piska vinden vatnet til skumkvite bølgjer. På dette tidspunkt var eg allereie våt på føtene i dei relativt utgådde fjellskorna eg gjekk i. Men med Rindaelva friskt i minne, kryssa eg difor sørover igjen på vestsida av Yndestadhøgeheia, og gjekk ned igjen same vegen eg kom opp. 

Våt, vindfull og frisk tur. Eg kan ikkje gå heilt i frø heller, sjølv om denne hausten har vore avsindig dårleg vèrmessig... Men det er vel lov å håpe på skikkeleg vinter i det nye året...

torsdag 19. desember 2013

Jomfru fødsel


Ungdomsgleda fram eg tryllar
raude kjakars mor
Jomfru fødsel sola gyllar
song av engle kor

Kjøleg villskap vinter tanke
døden likar spel
Vindens sverd drep blåøygd blanke
dumdryg frys i hel

Einsam vandring kalde makter
skin av gleder kvit
Synet brusar bruredrakter
uskuldstankar hit

Mørk og lys er vinterdagen
bru mot haust og vår
Rypeknarr gjev sting i magen
solasnu vi får

Tekst og foto G.Skaar

Frå

onsdag 18. desember 2013

Den store julekonserten

Tysdag, 17. desember kl. 19.30, Dale kyrkje (Fjaler)

Dale kyrkje 
foto 10/5-09

Eg køyrde det nye Dalsfjordsambandet for å nyte den store julekonserten i Dale i går kveld. Turen tok under ein halvtime frå Stongfjordeen. Enkelt og greitt. Ja, nesten surrealistisk. 

Eg fekk meg likevel ein god latter, då eg utan å ha sett på skilta i rundkøyringa, kom ut av tunnelen på Sætenes... Det var eitt eller anna med retningssansen som svikta i æse væsa av å komme meg fram. Ja, og så var det noko med lengda på tunnelen som ikkje stemde undervegs inne i fjellet...:-) Morsomt!

Etter å ha kome fram til sentrum og kyrkja, slo det meg kor alvorleg med bilar det stod alle plassar. Så teikninga gjekk fort opp for meg.... Klokka 19.10 var visst i seinaste laget med å møte opp! Ja for kyrkja var stappfull. Til randa. Det var ikkje eit sete til overs. Ein vart oppmoda om å tryngje seg saman for tilstrøyminga. Men oppe på galleriet vart vi heldigvis tipsa av Taylor om å bruke galleriet ved alteret på hi sida av salen. Som sagt så gjort. Aberet med dette var sjølvsagt at vi fekk heile kyrkjafolket i glaninga, men musikarane bak i frå. Det siste var ikkje så interessant akkurat. Iallefall ikkje når eg ville ta nokre bilder. Så bilder vart det ikkje, men eg tok opp nokre videoar av heller dårleg kvalitet i staden. Eg vel likevel å legge dei ut. (Hugs HD på YouTube då blir dei iallefall litt betre) Om nokon meiner videoane bør liggje i det private arkivet mitt, og ikkje i det offentlege rom, får dei heller gi meg beskjed... For videoane vart visst meir av dei frammøtte enn musikarane. Det var ikkje heilt meininga....

Kyrkja var stappfull under julekonserten i går

Konserten og innslaga? Ja, det er berre eit ord som er dekkande - fantastisk. Likeenins julestemninga, varmen og gløden. Aktørane? Ingen nemnt ingen glemt. 


Og då var minnebrikka på kompakten min full. Det vart diverre ikkje plass til alle innslaga. Desse vart meir eller mindre tilfeldig valde ut. Kjempekveld !


mandag 16. desember 2013

Juleavslutning Byrkjehogjen



 








Takk til Steinar og Inger Helene for framifrå fredagskveld på Byrkjehogjen. 
Koseleg ! 
Nydeleg opptakt til laurdagen og opning av Dalsfjordsambandet!

søndag 15. desember 2013

God luftetur...

Utsikt frå Yndestadhøgeheia

Sjølvportrett på Toreheia i dag....
Etter at Kirsten og Arnt reiste til Bergen igjen, gjekk eg meg ein luftetur på Toreheia. Nestem løye å sjå forandringane sidan forrige lørdag. Berre ein og anna snøflekken som låg att. Og Krikavatna, der eg gjekk over isen for ei veke sidan. var no fullstendig isfritt. 

Elles bles det ganske friskt i høgda. Trass i nokre varmegrader, var det hustrig. I dag gjekk eg nedatt Yndestadhøgeheia og Selda. Kjekt med litt forandring på rutene. Fin tur !

Gleda er stor ved Dalsfjorden...

 Morgonstemning på Almuen
NHO-direktør Jan-Atle Stang gratulerer Rolf Kleiven

Helga var ein einaste stor fest. Korleis ein skal beskrive dette med ord, er gjerne ikkje så enkelt. Det er heller ikkje så nøye. I grunnen betyr slike ord lite. Gleda ein såg i auga til folk denne helga fortalde alt. Gledestårene som rann fortalde endå meir. Når ein blir rørd i sjela blir ord små. Det har vore sagt altfor mange ord om Dalsfjordsambandet....!

Media er nok full av stoff om feiringa. Biletmaterialet enormt. Det verka som alt av pressefolk, kjendisar, kjentfolk, utflytte kjenningar, og elles det som kunne krype og gå, var til stades under opninga. Kor mykje folk det var samla kjem vel fram i media. Eg veit ikkje. Minst eit par tusen. Vanskeleg å få oversikta inne i tunnelen. Men fellesnemnaren var glede. Glede over at dagen endeleg var komen for opninga av Dalsfjordsambandet. Verkebyllen i Dalsfjorden var kurert. Ein gong for alle. Ei ny sol skal skine. Ein ny vår skal kome. Ein ny ungdom skal bløme. Det gjer berre så hjartans godt ! 

Eg lèt biletserien og videosnuttane tale for seg. 






torsdag 12. desember 2013

News news

Flott og kald januar-morgon på Eitrenipa

Eg innrømmer gjerne at det har vore lite sprekt med fjellivet i det siste. Mest grunna mangel på tid, jobb, private ting og dårleg vèr. I haust har difor livet blitt meir ein kamp enn ein leik. Kveldane har såleis bestått av bilder, dikting, musikk, fotball-sjåing og elles høyre regnet og vinden riste huset.. Ikkje akkurat mykje mosjon i dette, men eg har ikkje gitt opp trua...:-) Og no kjem jo brua....:-) 

I morgon er det fredag. Den går med til jobb og juleavslutning på Sande hjå Steinar. Deretter går turen til Dale for overnatting. Lørdagen er så den store brudagen... Kanskje det kan bli fjell søndagen? Vèrmeldingan er diverre framleis dårlege, men som tidlegare nemnt - i år stressar eg ikkje med fjelltrimpostane, av fleire grunnar, so då so... Faktum er at eg faktisk er begynt å glede meg til neste oktober. Etter kva eg har registrert står då Eitrenipa, Driveknolten, Skylefjellet, Skålefjellet og Fristadfjellet på programmet (trur det er rett). Dette fell meg mykje meir inn enn årets program. I mellomtida får eg halde forma sånn nokolunde vedlike, og nyte livet utan at eg meir eller mindre på fjellet... 

Oppdateringar kjem. Førebels blir dei sjeldnare enn før. Så eg puttar på eitt og anna dikt frå LysandeStemningar. Som nedunder frå i går...! God førejulshelg!



Møtet med trollet


Eg sansa so snaraste vetten
det sokk gjennom mage og tå
Han gjorde meg undarleg skvetten
han hadde då jammen meg ljå

Eg tykte han veiva og hytte
med krafsande hender mot tak
Og fråden om kjeften sku` spytte
då bråast eg skoda han bak

Ja, mørket det narra min viten
for vetten var snillaste sort
I skorne eg kjende meg liten
då redsla dreiv skrikande bort

Moralen i møtet med alven
låg gøymd i min mørkaste krok
For trollskap vart bøtte med salven
av sanning i visdomens bok

Tekst og foto G.Skaar

lørdag 7. desember 2013

Harde tak

Yndestadhøgeheia
Stongfjorden t.v.

Kor mange gonger eg har vore på Toreheia veit eg ikkje. Første året eg budde i Stongfjorden var eg opp 113 gonger. I 2010, då det var fjelltrim, var eg opp 100 etter kva eg hugsar. Ikkje det at tala betyr så mykje, men i kveld kan eg aldri minnast at eg har slite slik for å komme meg opp på toppen nokon gong som i dag. Årsaka - mengder med snø på sørsida av fjellet!

På bildet ovanfor ser det slett ikkje så gale ut. Her har vinden sopt med seg det meste av snøen sør om fjellet mot Rinda. Det var først og fremst opp hit, og over kanten på fjellet her, det vart ei skikkeleg utfordring i å kome seg opp. Ja, over kanten botna ikkje stavane på 115 cm. Eit par vende klarte eg rett og slett ikkje å bevege meg. I berre skorna sokk eg til godt opp på magen opp over kanten her. I slike høve er det greitt å bruke leggene som støtte å krype på. Men det er sjølvsagt tungt då. Hadde det ikkje vore for at eg visste det såg annleis ut lenger oppe, der vinden hadde fått tak frå nord, hadde eg snudd på flekken. Etter mykje bal, om og men, kom eg meg over fjellet, og kunne raskt sjå at her lå mykje mindre snø. Puuhh. For eit slit!

Mykje snø opp på Rinda i dag
Kanten ovanfor Rinda i dag
(eg kraup opp på knærne i laussnøen)

Partiet forbi hytta til Skåren og Vincent/Wilken gjekk mykje lettare. Elles måtte eg ha snudd. Ja, her oppe var det så avblese at det knapt gjekk an å gå på ski heller. Så eg tok likegodt med meg Yndestadhøgeheia i same slengen sidan eg no hadde fått pusten igjen. 

Soloppgang over Moldura
(ja sola fekk eg sjå...)

Utfordringane var ikkje heilt over med dette. Må vite. Eg hadde sett på byga som kom inn frå vest ei stund. Lurte sjølvsagt på korleis dette utvikla seg. Men eg heldt fram. 

Eit godt stykke lenger aust bestemte eg meg for å halde nordsida av fjellet inn, slik at eg traff på merkinga mi. Ja faktisk nådde eg heilt inn før det verste sette i gong. Sola forsvann, og det begynte å snøe noko infernalsk. Sikta vart nesten heilt borte. Eg såg omtrent ingenting.... utanom dei svarte merkestengene som stod som perler på ei snor oppover! Jau var eg glad for at eg tok beslutninga der vest om å gå hit. For no kunne eg temmeleg trygt halde fram resten av stykket opp. Det vart likevel eit aldeles ork sidan det låg alvorleg med fòksnø opp dalen her merkinga går. Ikkje såg eg noko, og stod jamnt til livet i snø...  Men opp skulle eg sidan eg pinadeg hadde slite meg så langt opp ! Litt galskap må ein unne seg i kvardagen....!

Lite sikt på toppen....

Eg venta ikkje meir enn to-tre minuttar på toppen før eg snudde ned att same vegen. Her var ingen verandes plass. Gòv rundt øyra, intenst snøvèr og nesten inga sikt. Eg gav på ned igjen det beste eg vann.... Heldt meg konsekvent til merkinga. 

Nede ved Krikavatna var byga over. I denne omgang. Eg tok direkte over vatnet sidan isen virka heilt trygg. Det heldt stikk. Vatnet her frys fort til då det er ganske grunt. Men det vart ei bra utfordring å kom seg opp bakken på hi sida. Nytt parti med tjukk fòksnø. Ny pulsauke som svei innvortes... Likevel visst eg det var lettare på hi sida. Og her i frå var det berre å halde spora som eg sette på veg opp. Tjo og hei kor friskt og lett det er opp på fjellet. Vel, det siste kan eg nok sette spørsmålsteikn ved i dag....:-)

Byga på veg inn frå vest. 
Foto ved Yndestadhøgeheia.

torsdag 5. desember 2013

Smørskornova i Rivedal

I går kveld samla eg i hop nokre bilder frå Smørskornova i Rivedal. Dette er ein post på fjelltrimmen. Toppane her blir rotert med 7 års mellomrom. Smørskornova er ein grei topp for "folk flest", men vinterstid krevjande nok vèrhardt som han ligg til. Det blir også fort mykje is på og rundt toppen om vinteren og våren grunna skiftande temperaturar og vind. 

Som de ser av bilda har Smørskornova flott utsikt til Rivedal, Flekkefjorden og Leitet i sør. Og elles til dei andre himmelretningane. 

Musikklippet er "Comfort me" med Elvis Orbinson.

tirsdag 3. desember 2013

Elendige lågtrykk !

Som eg nemnde i går - mykje elendig vèr med mørke, storm, regn, sludd, skodde og you name it, har ført til lite fjellvandring i det siste. Veit ikkje om eg har blitt meir pysete med åra eller kva, men sidan eg hoppa av det som eg følte vart eit "åk" på fjelltrimmen, har eg teke livet litt meir med ro. Orda Olaug sa til meg for litt sidan, at når eg vart endå eldre, måtte eg hugse på kva eg hadde brukt all mi fritid på, har klunge i øyra... (Olaug er som kjent ei snill og fornuftig dame. Ho treng ikkje halde meg i øyra - ho treff som regel spikaren betre på hovudet utan !) Turlivet har difor avgrensa seg til helgane. Då er det godt å ha eit rikhaldig lager av naturbilder, fyr i omnen og god musikk i "bula" mi. Fjella ligg no der. Og den fine vinteren vi ventar på, kjem nok etter kvart. Tolmod my son, brukar eg å seie til Peter (13)... Vi som er nam te da eldre får vel tygge litt på dei same orda...:-) 

Her er iallefall ein serie bilder som eg sette i hop frå Leknesvatna i går kveld.  Musikken er "Indestructible Velvet Crush" med KP Devlin (likte den engelske metaforen...) Og p.s. nye fjellturar kjem... Snart blir det månelyst...:-)

mandag 2. desember 2013

Reir av orm


Eg har lenge sett meg både lei og forbanna på kvardagsrasisme. 
Nedlatande haldningar overfor utlendingar, og spesielt muslimar, gjer meg oppgidd og sint. 

No er dette turbloggen min... Ikkje nokon politisk arena. Men sidan vèret er elendig og oppdateringane sparsomme , så"pyntar" eg litt frå poesibloggen min LysandeStemningar.
 Her er difor:

Reir av orm
eller
 document.no

Eg vil skrive til den naive, - den blåøygde, ærlege, små
Som lever sitt liv heilt i live, utan tankar for dagen derpå
Som ler, - og som grin
Som blunkar til alle
Som dansar på line
Utan frykt for å falle

Eg vil kviskre eit Vivre! til den vare, 
som umerkande går meg forbi
Ho kjem aldri med vondord om andre, 
fordi ho – vel, berre fordi
Det siste ho ville
Var å såre ein venn
Og - ganske stille -
Let ho dører igjen

Eg vil trøyste og stelle den såra, som strevar med å forstå
At verda vår er ein jungel, der den sterkastes rett lyt få rå
Reis deg og stå!
Du er god som du er!
Treng du hjelp til å gå
Skal du finne ho her

I harme rettar eg pennen, 
mot han som er kynisk og kald
Som kalkulerande kviskrar og trugar, 
og planlegg sin medmann sitt fall
Som foraktar det svake
og ler av det vare
Som dyrkar det digre
Som myrdar det tandre
frå sitt Adlerreir av is
Som aldri ser seg tilbake
Som let godheita fare
Som let det lægste sigre
Som trakkar ned andre
på realistens grimme vis

Mitt selskap skal vere dei vare, 
- dei leande barn av i dag
Som ynskjer meg vèl, og vel aldri, 
vil drøyme om svik og bedrag
Min avsmak for orm skal eg skjule
og døming er ikkje mi sak
Eg kjenner dei stripete, gule
for baken blir alltid bak