Facebook

lørdag 30. november 2013

Grått og flott


Krikavatna og Mangevatna

Eg gjekk den vanlege ruta heime i frå og på Toreheia og Skylefjellet i dag. Måtte sjå etter merkinga etter dagar med storm og uvèr. Alt såg heilt fint ut. 

Det kan ein diverre ikkje seie om vèret i den seinare tid. Eg ventar framleis på nokre fine kveldar då det passar med kveldsvandring her oppe. Men, men vinteren er lang endå, så det ordnar seg nok. Eg får berre passe på å halde forma so nokolunde vedlike. Fint var det iallefall her oppe i dag, sjølv om det kom både blåst og litt snødrev. 

Ei glipe i skylaget over Moldura


tirsdag 26. november 2013

Villveire i lekkjer og band 2

Haremet til rømlingen i Stong
Foto 3/11

Hugsar du historia om villveiren i Stong? Han som rømde? Eg ser no at det går laus ein mannesau i Os . Ikkje det at eg trur at "vår" villveir har gjort hordalending av seg, men det gav meg iallefall høve til å fortelje siste nytt. 

Veiren som eg var med å jakte på to helgar på rad, rømde som kjent frå Stong. Jakta var haustens flottaste eventyr. To ualminneleg flotte helgar på Stavenesodden tidleg i november. Villbassen skulle sendast til Hyllestad dagen etter at han tok rennafart og hoppa opp og ut gjennom vindauget i fjøsen. Med to karar i vilt firsprang etter. Dei måtte gi opp jakta då mørket seig på ! Som teke ut av den flottaste Mikkjel Fønhus forteljing (eller Jens von Bustenskjold - det nærmar seg jo jul...). Den siste kjende observasjonen av veiren vart gjort på Fjellagarden. Stadig på veg vestover. Liten tvil om at han søkte opp igjen  haremet sitt på Stavenesodden. 

Tenk å ha ein slik attraksjon i nabolaget. Vill og ekte. Styrt av indre krefter og impulsar som mange av oss toføttingar berre kan drøyme om. Eg meiner oppriktig talt at villveiren må vernast til han blir så gamal at han må rygge ned bakkane. Eg kan ikkje få sagt kor eg gler meg til å ta opp igjen jakta etter han. Og får eg inn eit bilde skal det jammen bli dikt...:-) Følg med følg med...! Joohooo - iiiiæææ..:-)

søndag 24. november 2013

Ein sann villskap

Snutt frå Skålefjellet i Stongfjorden i dag

Etter å ha sett blå himmel ute i havet i dag tidleg, fekk eg eit anfall av LysandeStemningar, og tok avgarde på Skålefjellet. Vel, det vart noko heilt anna enn det. 

Eg var ikkje ein gong begynt med oppstigninga opp Gjerdedalen, før det lava ned med snø. Ja, det var no det. For til og med her nede i bjørkeskogen fauk snøen rundt øyra på meg. Men eg heldt no fram oppover. I trua på betre tider. 

Opp over hammaren ved elva var det ganske isete. Her må du òg klatre litt, så du treng å vere ganske forsiktig no om vinteren. Det er bratt ut for. Likevel kom eg meg opp utan broddar. Største problemet er snøen opp på isen som du ikkje ser. Men i dag var snøen litt fuktig her oppe, då sit ein betre på. 

Hammaren ved elva
(på veg ned igjen)

Vèret vart berre verre og verre. Rimlegvis. Sidan eg no var over skoggrensa. Ein nordvest-kuling med snødrev gjorde forholda ganske ufyselege. Og på toppen av den bratte bakken ovanfor hammaren, var sikta så dårleg at eg måtte finne kvar einaste varde for å vere sikker på at eg traff rette slukta opp på toppen. For her er mange hamrar, bratt og ulendt. I dette vèret hadde det blitt rein texas om eg ikkje fann rette vegen ! Eg såg berre nokre få meter fram for meg... 

Vinden og rennefòket var no den biten. Like utfordrande var at snøen hadde fòka seg så grådig til på lesidene av hamrane. På lèsidene var eg litt i ly for drèvet. Aberet var at eg stod over knea i laussnø i dei bratte mòtabakkane. Ja, eg trudde nesten hjartet skullle hoppe ut av sitt gode skinn...! Pusten gjekk som ein blåsebelg. Eg måtte stoppe opp fleire gonger for å ffå kreftene att. 

Akkurat der og då var eg inne på tanken om å snu. Men det var no så fortærande òg då eg var komen så høgt opp. Så eg beit tennene i hop. Adrenalinkicket for å nå toppen bobla. ! Eg kosta snø av dei vardane eg fann, for lettare å finne nedatt. Og heldt fram oppover i det ville crescendoet! Hadde nokon sett meg der og då, hadde dei ikkje lenger lurt på den mentale tilstanden...:-) 

Ja, toppen nådde eg. Men hadde eg ikkje visst kvar eg var, kunne eg like godt stått på Nordpolen eller noko slikt. Vel, fullt så kaldt som der var det ikkje. Men jammen var det krevjande nok. Alt eg tok meg tid til var ein liten snutt. Ja, eg skreiv meg ikkje inn i boka heller (som det ikkje er så nøye med no...:-)) 

No tok det vel ikkje meir enn eit kvarters tid ned igjen, før det brått lysna, og eg kunne sjå litt meir av landskapet. Nokre foto vart det att på til (alle bilda er tekne på veg ned). Vel, så mykje å ta bilder av var det ikkje. Snø, is og stein er ikkje det mest spanande å sjå. Iallefall ikkje når det i tillegg er dårleg lys. Men nokre foto måtte eg no ha med meg heim igjen som minne. 

Snøvèret var nok diverre ikkje over med dette. For det kom ei skikkeleg byge nede i bjørkeskogen igjen. Men då var det berre å ile heim igjen i dusjen... Som i går. 

Fin tur? Tja, det gjorde no godt etterpå...:-)





lørdag 23. november 2013

Familie på 5 i skoddeheimen

Songsvanepar med tre store ungar av året

Vi er godt vane med songsvaner her om hausten og vinteren. I Hestvika ligg det fleire, likeeins i Solheimsdalen, og ikkje minst i Kyllaren, der eg for nokre år sidan talde 110 individ. Men at eg skulle treffe på songsvaner på Krikavatna hadde eg ikkje rekna med. Det er første gongen eg har sett dei her oppe. Truleg er dette berre ei mellomlanding, for vatna frys fort til. Det er dessutan lite vegetasjon i vatnet. Stort sett berre stein. Men grunt. Krikavatna ligg 471 moh. 

Eg var som de allereie sikkert skjønar ein morgontur på Toreheia (717 moh). Som før. Eg følgde med vèret ein times tid heime, før eg bestemte meg for å gå opp her. I utgangspunktet lurte eg på å sjå etter villsauene på Høgeheia/Lia, men gav meg på det då det kom så mykje skodde. Ingenting å sjå likevel. Så då tok eg like godt turen opp her heime. 

På Toreheia var det både blautt, vind, regn, snø og skodde. I tillegg var eg dum nok til å ta på meg dei høge joggeskorna. Dei tòlte sjølvsagt ikkje all væta, med det resultat at eg vart kald på føtene. Dermed palings heim igjen.... Fint med ein varm dusj og fyr i omnen då. Ja og så sjølvsagt kaffi....:-) God helg !




tirsdag 19. november 2013

Gravferd og solnedgang


Eg fekk meg ein fridag på jobb i dag for å gå i gravferda til Halldis Drøsdal i Holmedal. Halldis var fødd Sørebø, og var søskenbarn til mor mi. 

Kyrkja var heilt full av folk som ville ta avskjed med henne. Den var flott pynta med eit uttal kransar og blomar med helsingar frå slekt og vener. Presten las opp ein gripande minnetale frå livet hennar. Laga til av slekta. Kvil i fred kjære Halldis.



Etter gravferda nytta eg siste lyset for dagen til ein rask tur på Skylefjellet. Det var kome ein del snø, men ikkje verre enn at det gjekk flott å kome seg både opp og nordover. Etter snøvèr og vind i natt og på morgonen, vart det faktisk ganske så fint her oppe før sola gjekk ned. Og som de ser vart solnedgangen vakker. Hovudlykta hadde eg sprunge i frå heime, så då vart det ikkje så mykje tid å spele seg med før mørket seig på. Men eg gav meg såpass tida at det vart nokre bilder ut av det. Flott tur. Ja, det var som den var laga til for Halldis sin del. Eg var såleis glad for at eg gjekk... Minnerikt!

Toreheia i kveldssol frå Skylefjellet


Florø i ettermiddag


mandag 18. november 2013

Ny stillfilm


Eg samla i hop nokre bilder frå Krikavatna og Mangevatna i kveld. Serien la eg ut på YouTube saman med dei andre. Desse ligg med eiga fana øvst på bloggen. Musikken er kuttet "Long river West" med Josh Ellyson. Dei første bilda er nokre år gamle, men dei siste er frå i haust. Hugs å sette bilda på HD!

søndag 17. november 2013

One last goodbye...

Sola står lågt over Skålefjelelt no
Snøen på Toreheia er nesten borte

Etter uvèret dei siste dagane tok eg meg ein tur på Toreheia igjen for å sjå etter merkinga. Det var nesten forbausande å sjå kor godt alle stikkene stod. Ikkje ei einaste var vekke ! Positivt ! Men somme stod no litt skakkøyrde då.  No ser det visst ut til at det skal bli både betre og kaldare vèr, så då frys dei vel faste. Som planlagt. Det var greitt å sjekke av dette før tèlen kjem. Eg ser at det skal bli ekstremvinter (der kom det ordet igjen) i England i vinter. Sidan vi høyrer til det same vestabeltet vèrmessig skulle det vel blir det same her. Ja, ja den som lever får sjå.

Stongfjorden frå Yndestadhøgeheia i dag
Spesielt lys over Florø...


Turen i dag? Alt slags vèr. Frå hagl og regn til sol. Ja du las rett. Eg såg faktisk i sola i dag. Ikkje rare greiene då. Men ho stakk fram lågt over Skålefjellet (sjekk bilder). Så mykje elles er det vel ikkje å seie. Fin tur iallefall. Men no håpar eg på flotte og stille kveldar så eg kan bruke hovudlykta opp hit. Det skal bli fint ! 




lørdag 16. november 2013

Dropp unødige turar

Yndestad, Stongfjorden og Neset 18/10

Eg tok vegvesenet på alvor, og droppa unødige turar i dag. Eg har difor helde meg rundt nova. Og så har eg gjort Olaug glad ved å ha skifta til vinterdekk. Ja, for vinter ser det visst ut til å bli etter at lågtrykket no har gitt i frå seg. Kaldare med pent vèr frå onsdag av og "så langt auga kan sjå", seier meldingane... Akkurat det kosar eg meg med. Men meldingar er no ein gong meldingar - dei skifta visst fort på desse kantar. 

Elles var det litt av eit arbeid å få reingjort alumineumsfelgane på sommardekka. Pytonjobb. Men no er det heldigvis gjort. Ja, bilen fekk ein omgang med svampen i same slengen. No er vi klare for vinteren. 

fredag 15. november 2013

Stengt både bak og framme...

Regn og kø i Rivedal

Ekstremvèr? Tja, likar ikkje heilt ordet. For kva er då verre ein ekstremvèr? Som på Filippinane? Vel, i ettermiddag regna det iallefall cats and dogs som engelskmennene seier. Og som vanleg vart Hundsåna stengt. Då var alternativet å køyre frå jobb i Førde til Dale, for deretter å ta ferja til Eikenes. Og då blir det jo det vanlege krøllet med kø i Dale...

Eg avspasserte difor ein times tid for å nå ei tidlegare ferje og sleppe køa der. Eg tenkte som så at eg var ganke tidleg ute då eg kom til Dale vel kl 15.15, og ferja skulle gå 15.45. Men hallo i luken... Då eg kom til Dale stod køa nesten heilt opp til Esso. By by ferje. Den gjekk då eg kom ned på den allereie overfylte oppstillingsplassen. Ganske kjapt etterpå melde dei på lokalradioen at det var sett inn ekstraferje. Så letta kom eg meg med den ca 16.45 (Tòrer ikkje tenkje på alle dei som kom etter meg når den vanlege arbeidstida var slutt i Førde...) 

Men komplikasjonane med heimreisa var visst ikkje over med dette. For i Bogane, mellom Rivedal og Holmedal, var det full stopp igjen. Som ganske langt framme i køa fekk eg greie på at det hadde gått to jordras framfor oss, og at det ikkje var trygt å stå med bilane der vi stod. Så då var vi plent nøydde å snu att og køyre til Rivedal for å vente på maskiner for å rydde rasa. 

Joho dette var moro. Etter ei lang og slitsam veke var i grunn dette toppen på kransekaka. Men det var no slettes ingen annan ting å gjere enn å sitte der som eit mehe. Eg sjekka nettet for nye opplysningar, men der stod det sjølvsagt ingenting. Så eg tok likegodt og ringde NRK for å fortelje om stoda. Ja, i tilfelle det var folk både på Eikenes og i Dale som lurte på kva som skjedde. For ferjemannskapet hadde fått beskjed av folk ved rasstaden om ikkje å frakte fleire bilar over til Eikenes før rasa var rydda. Det kunne jo bli aldeles kork frå Eikenes til Bogane...! 


Eg var etterkvart begynt å bli både svolten og tørst, ja dotrengd attepå. Eg såg føre meg ein lang kveld i bilen. Silande regn og vind utanfor. Ein 25 kg sekk med fuglefrø var alt eg hadde med meg. Det såg ut som at "i nøden spiser fanden fluer" ville få ei vidare tyding... 

Men etter ein times tid kom det ei heil rekkje med bilar forbi oss der i Rivedal, så eg heiv meg ut av bilen og stoppa ein kar som kunne forteje at vegen var opna igjen. Så då var vi jo ikkje seine om å sette bilane i gir. 

No føregjekk ikkje turen der i frå til Stongfjorden heilt utan dramatikk heller. For det var overflatevatn, elvar, stein og røter overalt i vegbana frå Holmedal og gjennom Eidsfjorden. På Ringstadflata var det reine innsjøen i vegbana. Heime på Yndestad gjekk elvane over vegen nesten frå krysset i Stongfjorden og heim.... Jo, jo, 4 timar tok heimturen frå Førde i dag. I den store samanhengen er dette lite å klage over. Litt action i kvardagen tòler vi...! Det gjekk nok verre med andre enn meg...


Snart helg...

Utsikt mot Stongfjorden 3/11-13

Då var haustens blodtapping unnagjort. Kjekt med ei slik god gjerning. Sidan eg alltid har hatt høg blodprosent og høgt jernlager, er det godt å få "friske" opp att blodet òg. Ei vinn vinn handling heiter det visst. 

Etter mykje elendig vèr, og lite trim i det siste, håpar eg på betre dagar frå neste veke. Det ser faktisk litt lysare ut då. Eg likar best kaldt og fint vintervèr. Det er ikkje særleg motiverande å springe i fjellet i regn, sludd, skodde og vind. I tillegg er det jo mørkt som svarte natta når eg kjem heim klokka 17. Fjella ligg no der. Så turlivet tek eg oppatt når vèr og vind er høveleg. Satsar på eit par turar neste veke med hovudlykt. Det går mot fullmåne på søndag. I tillegg vil eg gå eit par turar i helga. Det skal bli bra! No problem...:-)

tirsdag 12. november 2013

Haustkos 2


Etter turen på Eitrenipa på søndag, tok eg meg ei kosestund i kroken heime i går kveld og såg gjennom nokre andre bilder her i frå. I same slengen sydde eg like godt i hop ein ny stillfilmserie, Eitrenipa 3. Eg skifta òg ut fana ovanfor med den nye serien. Det er mogeleg at enkelte bilder er brukte før, men dei fleste er iallefall nye. Også eit par, tre frå hin dagen.  Musikken er kuttet "Albatross" med Daniel Levi Goanes. Hugs beste oppløysing på YouTube. 

søndag 10. november 2013

Herlege Eitrenipa


I skoddedis og motsol ser vi Dalsfjordbrua...

I dag tok eg den flotte turen frå Skjerlia til Leknesvatna og opp på Eitrenipa. Turen ligg som eiga fane på bloggen min øvst oppe, kalla Eitrenipa routes. 

Forholda i dag var likevel utfordrande nok. Etter regnet i det siste var alt av hamrar og steinar glasert med eit tynt lag med is. Første varskoet fekk eg då eg tok beint opp hammaren ovanfor grinda, og føtene brått fauk i høgste lufta. Eg på ræva og sigla ned igjen. Hmm - når turar opnar med eit uhell, er det greitt å vere litt ekstra på vakt. Slike kjem som regel aldri åleine. 

Gjennom furuskogen til Eitrefossen

Vel, det gjorde ikkje det heller. For oppe under Eitrefossen, og strengen opp hammaren, trakka eg rett gjennom noko is så eg stod med høgre foten under vatn til opp under kneet. Sjølvsagt piss blaut på foten. Jojo, dette var moro. Godt det ikkje var mange minusgrader iallefall. Ja, og opp strengen etterpå, var det heller ikkje heilt enkelt. Hammaren var godt isa. Opp skulle eg no iallefall. Og det gjekk no med litt varsemd. Nei, det her blir mykje betre når det kjem litt meir snø og frost...!

Over kanten på fossen dukkar dei flotte lagunane ved utløpet av Leknesvatna opp. Praktfullt skue. No var eg så tidleg ute at sola ikkje var komen her i dag. For å få eit betre inntrykk enn bilda i dag, ligg det fleire bilder på linken ovanfor. At SFE har fått konsesjon til å lage ei "demning", eller kva det blir til, og "tørrlegge" fossen og elva nedanfor, er berre veldig synd. Men no har eg bestemt meg for å legge dette bak meg...! Denne "kampen" har diverre kosta meg mykje (både på den eine og det andre måten...) !

Rett ovanfor fossen får ein første synet av Blegja og Eitrenipa. Saman med dei praktfulle Leknesvatna. I dag låg det ei fint rosa skylag over Blegja. Det gjorde fjellet særs innbydande. Det var òg kome noko snø siste dagane. Opp skåra på Eitrenipa låg det bra med snø. Spanande å sjå kva forfatning denne var i. Skare, is?


Eitrenipa kneisar flott og mektig her frå Leknesvatna.
Ruta opp her frå nord går opp skåra t.h. i fjellet.

Slik såg Blegja og Eitrenipa ut frå Leknesvatna i dag tidleg

Då eg kom opp var resultatet at snøen var delvis frosen på fjellet, der snøen ikkje låg så djup, men for det meste trakka eg gjennom til opp forbi ankelen. Rimeleg tungt. Isen gjorde at eg valde å gå med broddar. Tok ikkje sjansen på noko anna. Og det gjekk i grunn heilt greitt. Med litt varsemd. Ja, slik sett var det skumlare lenger nede med dei isete hamrane...

Til mi store undring låg steinane til varden spreidd rundt omkring. Truleg lynet som hadde slege ned i den. Steinane var så frosne at dei ikkje gjekk an å flytte på. Men varden lyt iallefall byggjast opp igjen til våren.

Diverre kom det noko skoddedis drivande. Så dei heilt store bilda vart det ikkje denne gongen. Men eg satsar på fleire turar hit i vinter. Eitrenipa er nemleg eitt av dei fjella eg tykkjer best om på desse kantar. 

Eg hadde ein liten plan om å gå vidare på Kringla, men den skrinnla eg der oppe. Mest fordi det hadde kosta bra å kome meg opp hit, men òg fordi den våte foten var aldeles beinfrosen. Det siste var jo for rein idioti å rekna (skulle jo teke på meg gamasjane så hadde eg unngått dette). I den våte skoen hadde heller ikkje nok sokkebyte vore særleg hjelp i. Så eg såg meg nedatt same vegen eg hadde kome. Og det gjekk no heilt greitt. Ingen rundkast og blåmerke. Men kvar eg sette føtene var eg obs på...

 Utsikt vestover frå Eitrenipa i dag.
Fossedalshengenipa midt i bildet.

Utsikt mot utløpet av Leknesvatna midt i bildet.


lørdag 9. november 2013

Seinhaust på Toreheia


Lørdagstrimmen gjekk igjen på Toreheia. Den vanlege ruta. Mest for å sjekke merkinga. For jammen bles det godt her ute i går kveld. Eit par av kasta rista huset. No er dette berre forsmaken på korleis det ofte er her ved kysten om hausten, så det tek vi som det kjem. No problem her nede, men for merkinga sin del oppe på fjellet kan det gå hardt føre seg. Det var jo splintra det meste av stenger på Moldura hitt året. 

I dag tok eg i tillegg med meg Skylefjellet, Mangevatna og Langedalsegga. Både på sistnemnde, Toreheia og Yndestadhøgeheia er det bøker å skrive seg inn i. På Blåfjellet litt lenger vest har fjelltrimgruppa bok.



No var det både regn og grått i vèret då eg gjekk i dag tidleg, så eg la att kameraet heime. Det angra eg på etterpå, for det vart både flott og skiftande lys då eg kom opp på fjellet. Ja, etter ei lita byge oppe ved Krikavtna, stakk sola fram òg. Skikkeleg fint vart det. Så då laut mobilen fram og gjere nytte som kamera. Det blir diverre ikkje heilt det same som med Panasonicen. 

Kjempeflott tur i dette lettgådde, vakre og oversiktlege terrenget. Når sola skin på det brune landskapet no får det reiaste gullfargane.



fredag 8. november 2013

Villveire i lekkjer og band

(P.S. Dette er i Vågen ikkje i Stong)

Nei, skulle du ha sett - og høyrt--- 

Eg var nesten komen heim frå jobb og feiring av barnebarnet mitt Nikolai sin 6-årsdag i Førde i går kveld, då det dukka opp ein villveir framfor bilen min. Nesten ved vegskiftet ned på tunet på Yndestad. Ein villbukk på Yndestad. (Johoo - her hoppa metaforane opp i fleng...:-)) 

Etter historiene med villsauene dei siste helgane, trudde eg at dei ville var vortne tame - i fjøsen. Men her sprang vitterleg ein einsam grå ein. Raggete i pelsen av vèr og vind. Med nokre svære og krølla bukkehorn. Skikkeleg staseleg. I skinet frå lyset til bilen, likna han pinadeg på den galningen som i front stakk av med dei 4 andre villsauene den første sundagen under villsaujakta. Opp fjellsider og skårar som ingenting. Og når dei andre gav seg, stakk han likegodt avgarde på eiga hand.  Ja, for å kome seg unna no, skrensa han rett inn krysset til Lasse så singelen skvatt. 

Nei, dette var då banna bein ikkje ein hjort heller. Men såg eg syne? Hadde siste helgs hendingar gått aldeles til bukkeskallen på meg? Og ikkje låg eg i senga og talde sauer heller...  
Sauene på Yndestad er nok diverre ein saga blott. For fleire år sidan. Likeeins veirane. At det er ein og annan stabukk her ute kan vel gjerne spyrjast. Men om desse har horn får nok andre uttale seg om.  Men var villveiren oppe i vegen ein som hadde stukke seg unna frå resten av flokken? Som vi effektivt hadde hanka inne forrige søndag...!?  Eller ein etterlevning frå tidlegare år? Ja, for Halloween var vel òg ferdig for i år...? Nei, dette måtte eg ha klarheit i. 

Eg tok og sende ei melding til matmor av flokken som vi sanka på søndag, for å prøve og forvisse meg om at eg ikkje hadde sett skrømt oppe i vegen. Og melding fekk eg tilbake... Du store alpakka - som han sa lektor Tørdal. Trur du ikkje veiren, som hadde stått i fjøsen i Stong, hadde teke rennafart under matinga, og hoppa ut av glaset høgt oppe på veggen? Han hadde tydlegvis ant urård då det var snakk om å flytte han til Sogn (ja, kven hadde ikkje hoppa ut av glaset i Stongfjorden då...:-))   

Ja, nei, dette var nesten for vilt til å vere sant. Men villveire er no ein gong villveire. Dei trivst dårleg i lekkjer og band. Og sperra inne i hus, kan no det gå til skallen på alle og ein kvar. Så store bukkene bruse - du har min store sympati... Eg hadde heller ikkje ville flytta. Og best trivast vi nok begge på ville fjellet...! Ho ho eg kjem snart...:-)

torsdag 7. november 2013

Haustkos

Eg sat og kosa meg med nokre bilder frå Blegja i går kveld. Somme fleire år gamle. Så då vart det like godt til at eg sette i hop ein ny serie bilder her i frå. Denne gong bilder med folk på. Og berre det. Folk som eg har hatt med meg på tur, og folk som eg har møtt her. For ordens skuld er bilda tidlegare publiserte og godkjende lagt ut på bloggen min

No vart det likevel nesten ein slags "selfie" serie ut av dette. Dei aller aller fleste av turane mine hit har gått på eigahand. Men her dukkar no opp eitt og anna anna menneske òg. Eg har i tillegg lagt på noko høveleg musikk. Musikk-klippet er "High country" av Antar Sudhananda. 

Hvis det blir for mykje av meg dette her, så får de bytte til den andre serien eg har laga frå Blegja. Om de er interesserte. Den ligg her. Denne er ein del lenger og med meir naturbilder på.

søndag 3. november 2013

Eksotisk på Stavenesodden

Motiv frå Vågen i dag

Mot Stongfjorden

Askrova og Storebatalden

 Mission completed....

Vi tok opp igjen tråden med å sanke i hop villsauene på Stavenesodden frå forrige søndag i dag. Delvis med ny besetning. Eg var sjølvskriven...:-) Dette trigga meg. Både sosialt og nyttemessig. Sauene skulle i bås. 

Og ein ting hadde vi iallefall med oss i dag - vèrgudane! For maken til novemberdag skal du leite lenge etter. Mild søraustvind, mange varmegrader og jammen vart det ikkje litt sol att på alt saman. Fantastisk! Det er berre å takke og bukke for den handa vèrgudane gav oss. For ein ting skal eg berre seie - det å sanke sauer ute i området på Stavenesodden er ikkje berre berre om vèret hadde vore som i går. Så vèrhardt som her er. I regn og vind. I timesvis. Ja, det hadde blitt ein annan leik enn i dag. Dagen i dag var nemleg ein fornøyelse fra A til Å. 


På Furefjellet
 lengst vest på Stavenesodden fann eg første flokken i dag

Eg tjuvstarta vel litt frå Holevika. Roy måtte først sanke i hop folk inne i fjorden. Om det var saueskoltane frå Tipperary i går kveld som sat i kroppen,, eller noko anna, skal vere usagt...:-) Men eg ringde og sa at eg starta og gjekk ytst på toppen av Furefjellet. Og etter å ha gått opp forbi plantefeltet, og teke høgda utover på nordsida, opp og ned søkk og dalar, myrar og sva, dukka forsyne meg to par horn opp rett over varden. Klin på toppen. Og så langt som det gjekk an å komme der vest... (sjå video til slutt). 

Eg må seie eg vart litt forferda. Eg hadde gått rett på dei. Nett som forrige søndag med dei 5. No viste det seg at dette berre var 11 stk. Men det var no det det var. Eg gav melding tilbake og følgde flokken forsiktig austover mot Høgeheia. Her inne traff eg på resten av folket som var med. 

Truleg var det godvèret som gjorde det for her inne ved varden gjekk dei 5 som Arnljot og Roy miste forrige søndag då eg hadde gått ut att i Holevika. Begge flokkane på høgste punkta. Eg sa då til Arnljot at eg klauv opp fjellet på nordvestsida av Høgeheia og tok med meg nordsida innover her. Med litt lempe kom eg meg opp ei skår som var både bratt og lei... Og forsyne meg, for andre gong i dag, der midt i mot meg gjekk resten av flokken. Ja, det var nesten for godt til å vere sant. Eg melde tilbake, og kvarteret seinare var heile flokken samla. Bingo de luxe. Vi hadde heile stasen føre oss innover... Og sjølv om nokre prøvde å bryte ut undervegs, gjekk snart sauene som perler på ei snor. Fantastisk. 

Ok. Litt møye vart det då vi skulle få dei ned mot Lia. Vi traff vel ikkje akkurat beste plassen ned, og måtte gå på flokken for å få dei gjennom nokre einer og over ei elv. Men no var dyra så spake at det var null problem med litt tòl. 

Turen frå Lia og ut i Vågen til innhegninga og stekken var rein planke køyring. Ja, så fint gjekk dette at eg brukte det meste av tida til å fotografere. I Vågen var både store og små komne for å guide flokken i hus. Og Gunhild S stilte opp med bollar og kaffi til ein svolten gjeng. Det er både sosialt og kjekt å sanke sauer. Kjempe! 




I Vågen var store og små for å sjå... 
Gunhild stilte med kaffi og rosinbollar !

Nøgd gjeng i Vågen i ettermiddag

Det sørgelege er likevel at det er altfor få dyr som går her ute. Og i fjellet generelt. Kanskje -  når eg blir pensjonist.... Men det er vel ein annan skål...:-)





lørdag 2. november 2013

Hustrig på Toreheia

Vind, regn, hagl og skodde på Toreheia i dag...

For dei som har stussa litt over oppdateringane mine i det siste, så har det si naturlege forklaring... Som før nemnt har eg hoppa av "racet" på fjelltrimpostane og stressar difor mindre med å kome meg opp i fjellet. Med nesten to timar pendling for dagen, i tillegg til full jobb og familie, har eg no valt det slik. Dessutan er eg heller ikkje 20 år lenger. Kroppen krev difor meir restitusjon enn før. Når det er sagt vil eg framleis gå i fjellet. Heile året. Men meir etter lyst, vèr og motivasjon. Og dessutan får eg no meir tid til andre ting. Oppdateringane her vil såleis kome både fort og ujamnt. Alt etter som....

Men i dag var det endeleg tid for å løfte litt på rumpa igjen. Det har eg kjent på i fleire dagar skulle gjere godt. Og det kjendest nesten som ei overflod av overskot oppover til Toreheia. Lett og uanstrengt, fort og greitt. Men steik for eit utriveleg vèr det vart. Bra når eg starta. Men det kom ei saltande lang byge med vind, hagl, regn og skodde. Heldigvis vart det litt opplett akkurat på toppen. Og nede forbi Krikavatna igjen, stakk piskadeg sola fram òg. Ikkje så mange sekundane, men iallefall nok til at eg visste ho var der. 

Nede på Rinda igjen, med utsikt ut fjorden og til Alden, var det ei ny byge på gang frå vest. Hadde nett fått att følelsen i fingrane, boxeren var våt, og låra prikka av væte og kulde.... Så då var det berre å legge til palings heim igjen i dusjen. Herleg å få opp pulsen igjen...:-)


"Wearing the inside out"....