Facebook

søndag 27. oktober 2013

Stavenesodden rundt

I motlys med mobil ser vi Granesundet mot Askvoll

Eg sette meg i bilen for køyre inn i fjorden og ta ein tur på Skålefjellet, då eg oppe i krysset her traff Roy, Arnljot og ein annan kar køyrande i retning Staveneset. Eg stoppa for å slå av nokre ord. Dei lurte så på om eg vart med å sjå etter nokre villsauer på Stavenesodden. Eg gjorde om på turplanane mine, snudde bilen og vart med. Dag Tore vart i tillegg med frå Mjåset. Han gjekk opp der i frå, Roy frå Oreskogen utanfor, og Arnljot, han andre karen og eg køyrde i Holevika og gjekk opp der. 

Eg gjekk føre oppover for å ta utover på sjølve Stavenespynten, då eg såg eit par horn over ein fjellnabbe. Etter litt klyving, og over nokre bakkekammar, fekk eg føre meg 5 stk. I stor bukk med flotte horn som var ganske sprek i fråsparket opp fjella og høgdene. Eg tok med meg desse inn mot Høgeheia, der Arnljot og Roy tok dei med vidare til Lia. 

Over myrar og hamrar på Stavenesodden i dag...

Så gjekk turen ut att same vegen for å ta med meg heile stykket vestover. Opp og ned hamrar og sva, over myrar og bakketoppar, nordover og sørover. Då eg nesten var komen ut på pynten av Stavenesodden i vest, såg eg heile flokken i dalen langt under meg ovanfor Underset. Det var umogeleg å klive ned. Eg måtte i tilfelle langt inn igjen i det kuperte landskapet. Noko som verken kroppen eller magen var lysten på. I tillegg var det faktisk lettare å gå opp frå Underset og hovudvegen. Så eg melde tilbake kvar sauene gjekk, og tok nordatt og ned i Holevika der bilen stod. 

Ytst på Stavenesodden ved Staveneset

Eg traff att karane i Staveneset, sidan dei hadde gått ned Oreskogen, der vi rådslo vidare taktikk. For meg var det uaktuelt å gå opp att ein gong til frå sørsida utan verken mat eller drikke, så eg reiste heim igjen med lovnaden om å gå opp att neste helg, då betre førebudd. For som kjent duger helten ikkje....:-)

"Wild sheep catchers..."

Mobilfoto Stavenesodden 271013

Kart over området


Eg observerte sauene på fjellkammen frå Gravarstitjørna.
Dei gjekk retning aust frå Skora eit par hundre meter under meg.
Det var umogeleg å gå ned fjellet her.
Legg inn en kommentar