Facebook

tirsdag 29. oktober 2013

På hogg og belegg



Faderen brukte eit uttrykk i gamle dagar - på hogg og belegg. Eg tek det fram når eg tenkjer på alle nesten ulukkene eg har opplevd i møte med hjort langs pendleruta mi. Ja, antalet tòrer eg nesten ikkje tenkje på. Fingrar har eg iallefall ikkje nok av, hvis eg skulle bruke dei til å telje opp. Og då snakkar eg berre om møta som har vore heilt på håret. Best hugsar eg vel den hjorten som eg med ei hårsbreidd greidde å svinge unna og stoppe for, der han stod med auga i meg og eg i han på hi sida av sideruta, og eg i eit adrenalinets innfall sveiva ned ruta og sa god morgon hjort... Han berre prusta med frostrøyken or nasa, og labba ut or vegen same vegen han kom.. Dette var ovanfor krysset til Ervika. 

I dag er det heilt på hekta igjen. Brått står den digre kolla der. Midt i vegen. Nedanfor gruvene i Vågane. Akkurat der ho ikkje har gått før. (Men både ovanfor og nedanfor. Ja, for ikkje å snakke om gjennom Vågane og Flokeneset då). Bremsa i bånn. Bilen slepper. Men til alt hell greier eg akkurat å svinge unna på venstre sida. Puhh - eg skvett. Hjartet i halsen. Pulsen i hundre. Og nok ein gong går det bra. 

Det er sjølvsagt lett å seie at farten må ned. Eg tenkjer ofte på det. Men etter å ha køyrt denne vegen i mange år, er det lett for at det kan gå litt fort. Når det er sagt. Det er ikkje alltid hjelp i å køyre seint heller... Olaug heldt på å ta ein hin dagen på Stafsnes.... Og ho køyrer iallefall ikkje fort!

Heldigvis har eg unngått sjølve grillfesten til denne tid... Det er kjekkare å liggje i senga i ro og mak, og høyre hjorten brøle på hi sida av fjorden om natta, enn desse nær døden opplevingane...:-)
Legg inn en kommentar