Facebook

lørdag 12. oktober 2013

Nydeleg haustdag






Meininga var å gå på Blegja i dag for å skifte ut trimboka der. Det ombestemte eg meg for i dag tidleg. Olaug har eit uttrykk ho brukar av og til - maroder. Sikkert eit Holmedals uttrykk. Men det var akkurat slik eg kjende meg i dag tidleg. Kroppen var ikkje heilt i form. Lysta var ikkje der. Så eg stulla på heime i kjellaren eit par timar og brende opp forskjellig på eit bål. 

I 10-tida tok eg meg eit par krus med kaffi og eit par skiver. Men etter å ha slappa av ei lita stund, bestemte eg meg for å gå på Moldura, om Størdalsstauren og heim igjen. 

Jammen hadde Ansgar Bjarne merka godt gjennom bjørkeskogen og opp i Langedalen sidan sist eg gjekk her. Veldig bra jobba! Og du verda kor fint det vart når eg kom opp på høgda og fekk att sola. Finare haustvèr gjekk det ikkje an å få. Fjorden og havet låg blank. Ikkje ei sky på himmelen. Rein luksus. 

Mange jubileum i sommar. Nokon som kjenner att denne....

Eg toppa greitt ut Moldura. Først på den vestlege toppen, og deretter bort på den austlege. Knipsa nokre bilder og naut stillheita. Fantastisk! 

Deretter bar det nedover igjen eit lite stykke, før eg tok vesteover til Størdalsstauren. Det var like fint. Og fullstendig stilt. 

Eg har hatt nokre merkestenger her oppe, etter at eg gjekk med hovudlykt i vinter. Eg tok med meg alt saman heim igjen, sidan det neppe blir noko særleg mørkevandring her i vinter. Truleg blir det Toreheia og Skålefjellet eg vil gå litt på med hovudlykt i vinter. Kjempeflott tur! 


Legg inn en kommentar