tirsdag 15. oktober 2013

Haust og vinterturar

Det var fantastiske vinterturar på Eitrenipa i 2008/2009

Hausten og vinteren i år har eg som kjent tenkt å snu litt på flisa når det gjeld fjellvandringa mi. Eg vil ikkje binde meg opp til fjelltrimpostane til fjelltrimgruppa. Eg ser såleis føre meg å merke toppartia på Toreheia og Skålefjellet med nokre refleksstenger til bruk for hovudlykt. 

Vèret skiftar fort om vinteren. Og i mørket er det sjølvsagt vanskelegare å orientere seg når det fyk opp med snø eller tjuknar til med skodde. Etter å ha prøvd dette nokre år no, kan eg vel seie at eg har opparbeidd meg ei viss erfaring med korleis dette fungerer. Utan å rippe opp i turar som framleis sit godt i minnet, er det ikkje alltid berre berre å vandre i fjellet mørke vinterkveldar.... Åleine kjem ein tett på seg sjølv. 

Steinkaldt på Eitrenipa 4/1-09

Det fine med Toreheia og Skålefjellet er sjølvsagt at dei ligg her i Stongfjorden. Eg slepp å køyre nokon stad for å gå på fjellet (eg køyrer jo nok om dagane). Dessutan er spesielt det første eit av favorittmåla mine. Ikkje minst når det gjeld utsikt og terreng. Og så kan eg gå frå døra heime. 

I tillegg til desse to fjella satsar eg på nokre vinterturar på Eitrenipa. Det er òg ein av favorittane mine. I mørketida blir det helgeturar hit når vèret er nokolunde bra. Vidare har eit håp om ein skikkeleg tur eller to på Blegja i gnistrande kaldt vintervèr. Det set sjølvsagt ekstra krav til utstyr. Noko som eg no skal ha liggjande klart i kjellaren. 

Stay tuned!

Ingen kommentarer: