søndag 20. oktober 2013

Girls on Blegja

Eit flott knippe sporty jenter på Blegja i dag....

Eg måtte nesten sperre opp auga då eg traff på desse blide og pene jentene nett under Nipevatnet då eg var på veg ned igjen frå Blegja i dag. Ei fargerik og blomstrande oppleving i haustens første snø og kulde. I steinkalde ura! Ikkje hadde jentene vore her før heller. Så dei var jo rimeleg nysgjerrige på ruta vidare oppover urane. Ja, livet er jammen fullt av kontrastar. Vi vart no pratande litt der, såpass at eg fekk foreviga dei på bloggen òg..!  

På veg ned igjen ura under toppen traff eg forresten første ungdommen for dagen. Dette av det andre kjønn. Men han gjekk så fort at det vart berre hei. Det viste seg etterpå i samtale med jentene at han var med jentefølgjet, men hadde brote ut først oppover. 

Vèret var òg heilt flott. Eg gjekk som vanleg tidleg, så det var vel nokre få kuldegrader oppover. Men lite vind. Likevel var det godt å få av seg sveittevåte klede på toppen, og skifte til varm og god ull og dun. 

Dagens naking...

Elles gjekk turen egentleg heilt som forventa. Det er berre kome eit lite dryss med nysnø. Men det var ikkje noko særleg glatt i dag. Faktisk var det ganske så tørt. Ikkje noko særleg med is heller. Slik sett var det ganske ok forhold for jentene. Iallefall til snart å vere november...!



Ingen kommentarer: