torsdag 31. oktober 2013

Instagram

Litt mekking i kveld. Har kopla opp Instagram-kontoen på bloggen.

onsdag 30. oktober 2013

I gudshuset

Eg gjer eit lite unntak i dag og legg ut eit privat opptak frå Førde Kyrkje på bloggen min. 
Sjølvsagt med løyve frå foreldre.
Teksten ligg òg på poesibloggen min "LysandeStemningar"


I gudshuset

Eg minnast ei glede i andakt og sang
med salmar som lydde frå stova
Eit orgel med trøer av særeigen klang
som tona når eg skulle sova

Og båten var liten og havet so stort
vår Jesus han sytte for alle
Ho besta vart engel av lysaste sort
eg endå kan høyre ho kalle

Min Gustav Min Gustav pass frelsa di no
bandittar ligg gøymde rundt nova
Les bibel syng salmar mot helvetes flo`
du freden i livet blir lova

Ja besta var trufast til døyande dag
men fråfall tok handa åt guten
Og evig ei miskunn ho fekk av eit slag
men eg famlar framleis i gruten

So tider skal kome og tider skal gå
dei unge lèt salmane bruse
Om boka er sanne veit aldri dei små
som lyser av glede i huset

Kamera Kristine Fauske Skaar
Opptak Tor Ivar Vallestad

Tekst G.Skaar

tirsdag 29. oktober 2013

Tragic death in Icmeler

Posted on Icmeler Lovers
facebook site today



I don`t know if this is right John, but it is something that has bothered me for months after coming back from Icmeler this summer (just delete this if you feel so). 

Just coming back from my early morning run to Marmaris on 26. July there was a tragic death just in front of my regular sunbed on the Coco Beach Icmeler. The couple that already had come to the beach should enjoy the first rays of the sun as they were going back to England this day. Unfortunately the woman fell dead on the waterline. Her husband was of course in shock. He was helped by the ambulance people and the police who came to help (some already there). But there was nothing to do with his wife. My neighbour on the beach these 14 days, Mr Dave Jones who later I`ve been aquainted with on Facebook, was also witness to this tragic event. 

My idea of posting this is if this british man by incident is on the Icmeler Lovers site, or anybody knows him, I would say i have felt so sorry for him for many months now. It really stroke me how easy life can turn upside down even in "paradise"... So really, take care everybody, and look forward to a new season in our beloved Icmeler.

På hogg og belegg



Faderen brukte eit uttrykk i gamle dagar - på hogg og belegg. Eg tek det fram når eg tenkjer på alle nesten ulukkene eg har opplevd i møte med hjort langs pendleruta mi. Ja, antalet tòrer eg nesten ikkje tenkje på. Fingrar har eg iallefall ikkje nok av, hvis eg skulle bruke dei til å telje opp. Og då snakkar eg berre om møta som har vore heilt på håret. Best hugsar eg vel den hjorten som eg med ei hårsbreidd greidde å svinge unna og stoppe for, der han stod med auga i meg og eg i han på hi sida av sideruta, og eg i eit adrenalinets innfall sveiva ned ruta og sa god morgon hjort... Han berre prusta med frostrøyken or nasa, og labba ut or vegen same vegen han kom.. Dette var ovanfor krysset til Ervika. 

I dag er det heilt på hekta igjen. Brått står den digre kolla der. Midt i vegen. Nedanfor gruvene i Vågane. Akkurat der ho ikkje har gått før. (Men både ovanfor og nedanfor. Ja, for ikkje å snakke om gjennom Vågane og Flokeneset då). Bremsa i bånn. Bilen slepper. Men til alt hell greier eg akkurat å svinge unna på venstre sida. Puhh - eg skvett. Hjartet i halsen. Pulsen i hundre. Og nok ein gong går det bra. 

Det er sjølvsagt lett å seie at farten må ned. Eg tenkjer ofte på det. Men etter å ha køyrt denne vegen i mange år, er det lett for at det kan gå litt fort. Når det er sagt. Det er ikkje alltid hjelp i å køyre seint heller... Olaug heldt på å ta ein hin dagen på Stafsnes.... Og ho køyrer iallefall ikkje fort!

Heldigvis har eg unngått sjølve grillfesten til denne tid... Det er kjekkare å liggje i senga i ro og mak, og høyre hjorten brøle på hi sida av fjorden om natta, enn desse nær døden opplevingane...:-)

søndag 27. oktober 2013

Stavenesodden rundt

I motlys med mobil ser vi Granesundet mot Askvoll

Eg sette meg i bilen for køyre inn i fjorden og ta ein tur på Skålefjellet, då eg oppe i krysset her traff Roy, Arnljot og ein annan kar køyrande i retning Staveneset. Eg stoppa for å slå av nokre ord. Dei lurte så på om eg vart med å sjå etter nokre villsauer på Stavenesodden. Eg gjorde om på turplanane mine, snudde bilen og vart med. Dag Tore vart i tillegg med frå Mjåset. Han gjekk opp der i frå, Roy frå Oreskogen utanfor, og Arnljot, han andre karen og eg køyrde i Holevika og gjekk opp der. 

Eg gjekk føre oppover for å ta utover på sjølve Stavenespynten, då eg såg eit par horn over ein fjellnabbe. Etter litt klyving, og over nokre bakkekammar, fekk eg føre meg 5 stk. I stor bukk med flotte horn som var ganske sprek i fråsparket opp fjella og høgdene. Eg tok med meg desse inn mot Høgeheia, der Arnljot og Roy tok dei med vidare til Lia. 

Over myrar og hamrar på Stavenesodden i dag...

Så gjekk turen ut att same vegen for å ta med meg heile stykket vestover. Opp og ned hamrar og sva, over myrar og bakketoppar, nordover og sørover. Då eg nesten var komen ut på pynten av Stavenesodden i vest, såg eg heile flokken i dalen langt under meg ovanfor Underset. Det var umogeleg å klive ned. Eg måtte i tilfelle langt inn igjen i det kuperte landskapet. Noko som verken kroppen eller magen var lysten på. I tillegg var det faktisk lettare å gå opp frå Underset og hovudvegen. Så eg melde tilbake kvar sauene gjekk, og tok nordatt og ned i Holevika der bilen stod. 

Ytst på Stavenesodden ved Staveneset

Eg traff att karane i Staveneset, sidan dei hadde gått ned Oreskogen, der vi rådslo vidare taktikk. For meg var det uaktuelt å gå opp att ein gong til frå sørsida utan verken mat eller drikke, så eg reiste heim igjen med lovnaden om å gå opp att neste helg, då betre førebudd. For som kjent duger helten ikkje....:-)

"Wild sheep catchers..."

Mobilfoto Stavenesodden 271013

Kart over området


Eg observerte sauene på fjellkammen frå Gravarstitjørna.
Dei gjekk retning aust frå Skora eit par hundre meter under meg.
Det var umogeleg å gå ned fjellet her.

lørdag 26. oktober 2013

Vått og atter vått


Ja, det blømer framleis oppe i marka her....

Etter ein del domestic ting i dag m.a. å få trampolina i hus (til sist), tok eg ein trimtur på Toreheia igjen. Skodde og regn. Og veldig vått! Rindaelva rann svær oppe, men eg kom meg over. Likeeins var elva frå Mangevatna diger. Ja, det rann egentleg vatn alle plassar. Det er slik her. Elvane veks fort opp, men minkar ganske fort ned igjen når nedbøren gjer seg. 

Skodda låg veldig tjukk omlag frå Krikavatna og opp. Men her har eg no merka så godt at det er ingen probem med å gå i tjukkaste skodda heller. Ganske surt på toppen med vind og kaldt regn. Så det var berre å peise på ned igjen. Eg knipsa nokre bilder med mobilen. Bilda ligg som vanleg på linken inn under. 


fredag 25. oktober 2013

Utsikt mot vest frå Blegja

 

På dette bildet ser vi m.a. Atløynipa og Alden ytst mot venstre. Framfor dei Dokka og Moldura med kvit hatt, Skålefjellet Stongfjorden den svarte spisse, Stavenesodden og Toreheia med snø t.h. I midtpariet t.v. ser vi Heileberget på nordsida av Dalsfjorden, Stølsfjellet i Rivedal, Sogn og Fjordane, Norway Fossedalshengenipa (lyse steinen) F.v. lengst framme ligg Søndre og Nordre Kringla og Eitreipa i midten. Heilt fremst t.v. SYnste Stauren, Blåegga i midten utover til Eitrenipa og t.h. i sol sørsida av Rørviknipa. Vatna vi ser t.h. er Bjørnastigvanet, Leknesvatna og Markavatnet i Skjerlia. Midt i bildet ser vi Langevatnet ved Nipebu t.v. for Fossedalshengenipa og ein bit av Stordalsvatnet t.h.Vardenova g, Portafjellet og Stordalsfjellet krinsar rundt dette. 
I midtpartiet av bildet ligg det fleire meir eller mindre kjende fjell på 6-700 moh.


Som vi ser det flott usikt vestover frå Blegja 1304 moh. Artig forresten å sjå den einaste grøne flekken på bilde i Skjerlia hjå Gunnar Osland.

Blue blue

..that`s the colour of my room where I now live...

Det nærmar seg bruopning i Dale...
Foto frå Blegja 20/10

Nei, det vart lite fjell denne veka. Dette skuldast fleire ting. Men mest eit bevisst val sidan eg fekk ei vridnng i kneet på veg heim frå turen søndag. Det posa seg opp på utsida og vart steikje vondt ved bevegelse. Og då er det berre ein ting å gjere - stay calm...! Nokre dagar med ro har allereie gjort underverk. Eg er mykje betre no. Kjenner faktisk berre antydningar av verken. Så dette fiksar kroppen sjølv. Alltid greiast slik. 

Ein annan ting er at vèret (heldigvis) har vore elendig. Har vore lettare å halde seg i ro då. Ja, og så har vi jo hatt "the domestic buisness", pendling, jobb, køyring på fotballtrening med katen etc. Og i tillegg kjøpte eg nytt Samsung smart-tv. Får bruke ordet steikje der òg - tøft. Jo, jo alt har si tid. Eg ser likevel fram til å kome meg til fjells igjen. Det må vel ordne seg med ein tur eller to i helga - trass elendige meldingar...

God helg !



søndag 20. oktober 2013

Girls on Blegja

Eit flott knippe sporty jenter på Blegja i dag....

Eg måtte nesten sperre opp auga då eg traff på desse blide og pene jentene nett under Nipevatnet då eg var på veg ned igjen frå Blegja i dag. Ei fargerik og blomstrande oppleving i haustens første snø og kulde. I steinkalde ura! Ikkje hadde jentene vore her før heller. Så dei var jo rimeleg nysgjerrige på ruta vidare oppover urane. Ja, livet er jammen fullt av kontrastar. Vi vart no pratande litt der, såpass at eg fekk foreviga dei på bloggen òg..!  

På veg ned igjen ura under toppen traff eg forresten første ungdommen for dagen. Dette av det andre kjønn. Men han gjekk så fort at det vart berre hei. Det viste seg etterpå i samtale med jentene at han var med jentefølgjet, men hadde brote ut først oppover. 

Vèret var òg heilt flott. Eg gjekk som vanleg tidleg, så det var vel nokre få kuldegrader oppover. Men lite vind. Likevel var det godt å få av seg sveittevåte klede på toppen, og skifte til varm og god ull og dun. 

Dagens naking...

Elles gjekk turen egentleg heilt som forventa. Det er berre kome eit lite dryss med nysnø. Men det var ikkje noko særleg glatt i dag. Faktisk var det ganske så tørt. Ikkje noko særleg med is heller. Slik sett var det ganske ok forhold for jentene. Iallefall til snart å vere november...!



lørdag 19. oktober 2013

Merketur Toreheia 2

Vadet på Krikavatna retning nord

Eg tok turen opp igjen på Toreheia (717moh) i dag òg, for å gjere ferdig vintermerkinga for hovudlyt. For dei som vil nytte seg av dette, er det å opplyse at det ikkje er merka over vadet og nordsida av vatnet, sidan isen snart legg seg her, og det då er snauare å gå over vatnet i staden for rundt. Merkinga med refleks startar eit stykke ovanfor hytta til Wilken Y. og vil bli teke ned når det lysnar ut på ettervinteren. 

Eg slo av nokre ord med Vincent og kompisen på hytta ved Svartevatnet i dag òg. Dei var i ferd med å fyre opp einerbålet igjen. Det rauk godt i går kveld, men såg meir smått ut i dag... Men karane tok kvarandre i nevane på at det skulle fate...:-)


På toppen var det kome nokre centimeter med snø i løpet av natta. Ja, faktisk var det ganske kvitt. Eg tok nokre bilder og gjekk ned igjen same vegen. Varda litt undervegs, før eg fann att sekken og stengene nede ovanfor Krikavatna. Så var det å stangsette det stykket eg hadde bestemt meg for.

Det var kome nokre centimeter med snø på toppen i løpet av natta

Ned ved hytta igjen traff eg Karen H. og Torunn Y. dei var på veg ned igjen etter ein tur oppe ved Mangevatna. Eg slo av nokre ord med dei, men tok førevegen til Yndestad igjen. 

Karen og Torgunn ved hytta ved Svartevatnet

Fin tur opp i dag òg. No skal alt vere klart for litt kveldstrim med hovudlykt på Toreheia. Håpar at andre òg vil nytte seg av dette. Det er fantastisk å gå her oppe under månen og stjernehimmelen utan anna forstyrrande lys. Vinterhimmelen er aldri så fin som her... 

fredag 18. oktober 2013

Merketur Toreheia



Nydeleg merketur for vintervandring med hovudlykt på Toreheia i ettermiddag. Veldig skiftande lys, snøbyger og sol. 

Eg traff først Torgunn Y nett nedom nedste grinda her opp, og slo av ein prat med ho. På hytta deira ved Svartevatnet var Vincent og ein kompis installerte, så eg fritta frampå med dei òg gjennom hytteglaset. Koseleg. Men eg hadde diverre ikkje så mykje tid å spele meg med sidan det mørknar jammen fort no. Så eg måtte berre gje på oppover. Det gjekk sjølvsagt heilt greitt opp på toppen, men det vart ei snøbyge og litt skodde der oppe. Ein liten forsmak på at det kan vere greitt å ha nokre merker å gå etter når mørkevandringa startar. Forholda skiftar fort her ute ved kysten...

Eg fekk merka godt ned igjen nesten til Krikavatnet. Det viktigaste partiet. Men eg får ta meg ein tur til i morgon eller så for å komplementere eit stykke til. Eg nådde akkurat ned igjen før det vart mørkt. 


onsdag 16. oktober 2013

Joggetur med smartphone


Vedlagt nokre bilder frå flott joggetur til Vågane i kveld.
Litt intervallar heim igjen då smartphonen måtte fram til litt bildeknipsing

Mosjon i ved...

Foto frå Svarthamrane mellom Stongfjorden og Holmedal 16/10-10 kl 07.20
(etter opptur med hovudlykt)
Vi ser Blegja og Storehesten i aust i første lyset for dagen.

Gårsdagens trim vart to svære lass med tørka og oppkappa fjellbjørk frå Osland som skulle i hus. P.G. Frøholm køyrde det til tuns for meg. Jau vart eg sveitt av det òg. Men mest trim vart det visst for korsryggen... Ei god natts søvn fiksa likevel den biffen. Med kjellaren full i god bjørkeved, ser eg fram til å kome heim igjen til varmt hus etter flotte kveldar og dagar på fjellet. Håpet er at vinteren blir både tørr og kald. Tørr og mild er nok utopi...:-)

tirsdag 15. oktober 2013

Haust og vinterturar

Det var fantastiske vinterturar på Eitrenipa i 2008/2009

Hausten og vinteren i år har eg som kjent tenkt å snu litt på flisa når det gjeld fjellvandringa mi. Eg vil ikkje binde meg opp til fjelltrimpostane til fjelltrimgruppa. Eg ser såleis føre meg å merke toppartia på Toreheia og Skålefjellet med nokre refleksstenger til bruk for hovudlykt. 

Vèret skiftar fort om vinteren. Og i mørket er det sjølvsagt vanskelegare å orientere seg når det fyk opp med snø eller tjuknar til med skodde. Etter å ha prøvd dette nokre år no, kan eg vel seie at eg har opparbeidd meg ei viss erfaring med korleis dette fungerer. Utan å rippe opp i turar som framleis sit godt i minnet, er det ikkje alltid berre berre å vandre i fjellet mørke vinterkveldar.... Åleine kjem ein tett på seg sjølv. 

Steinkaldt på Eitrenipa 4/1-09

Det fine med Toreheia og Skålefjellet er sjølvsagt at dei ligg her i Stongfjorden. Eg slepp å køyre nokon stad for å gå på fjellet (eg køyrer jo nok om dagane). Dessutan er spesielt det første eit av favorittmåla mine. Ikkje minst når det gjeld utsikt og terreng. Og så kan eg gå frå døra heime. 

I tillegg til desse to fjella satsar eg på nokre vinterturar på Eitrenipa. Det er òg ein av favorittane mine. I mørketida blir det helgeturar hit når vèret er nokolunde bra. Vidare har eit håp om ein skikkeleg tur eller to på Blegja i gnistrande kaldt vintervèr. Det set sjølvsagt ekstra krav til utstyr. Noko som eg no skal ha liggjande klart i kjellaren. 

Stay tuned!

mandag 14. oktober 2013

Govèrssøndag utan fjell...

Søndagen, då "alle andre" var på fjellet, var eg oppteken i barnedåp til det 7. barnebarnet mitt, Andreas, i Førde. Difor ingen blogg frå i går. Bilder o.a. frå denne dagen held eg utanfor denne bloggen. Ha ein fin dag! 

lørdag 12. oktober 2013

Nydeleg haustdag






Meininga var å gå på Blegja i dag for å skifte ut trimboka der. Det ombestemte eg meg for i dag tidleg. Olaug har eit uttrykk ho brukar av og til - maroder. Sikkert eit Holmedals uttrykk. Men det var akkurat slik eg kjende meg i dag tidleg. Kroppen var ikkje heilt i form. Lysta var ikkje der. Så eg stulla på heime i kjellaren eit par timar og brende opp forskjellig på eit bål. 

I 10-tida tok eg meg eit par krus med kaffi og eit par skiver. Men etter å ha slappa av ei lita stund, bestemte eg meg for å gå på Moldura, om Størdalsstauren og heim igjen. 

Jammen hadde Ansgar Bjarne merka godt gjennom bjørkeskogen og opp i Langedalen sidan sist eg gjekk her. Veldig bra jobba! Og du verda kor fint det vart når eg kom opp på høgda og fekk att sola. Finare haustvèr gjekk det ikkje an å få. Fjorden og havet låg blank. Ikkje ei sky på himmelen. Rein luksus. 

Mange jubileum i sommar. Nokon som kjenner att denne....

Eg toppa greitt ut Moldura. Først på den vestlege toppen, og deretter bort på den austlege. Knipsa nokre bilder og naut stillheita. Fantastisk! 

Deretter bar det nedover igjen eit lite stykke, før eg tok vesteover til Størdalsstauren. Det var like fint. Og fullstendig stilt. 

Eg har hatt nokre merkestenger her oppe, etter at eg gjekk med hovudlykt i vinter. Eg tok med meg alt saman heim igjen, sidan det neppe blir noko særleg mørkevandring her i vinter. Truleg blir det Toreheia og Skålefjellet eg vil gå litt på med hovudlykt i vinter. Kjempeflott tur! 


fredag 11. oktober 2013

Solnedgang frå Toreheia



Nydeleg trimtur på Toreheia i kveld. Fantastisk solnedgang nesten rett vest for Staveneset.
 Stille og herleg.

torsdag 10. oktober 2013

Joggetur mot havet i haustsol

Eg tok meg ein god joggetur til Underseth, nesten på Staveneset, og heim igjen i ettermiddag. Nydeleg haustsol og flotte fargar. Nedanfor er nokre bilder eg knipsa med mobilen der ute. Fantastisk flott spør du meg !










onsdag 9. oktober 2013

Triggande minner

Utsikt frå oppstigninga på sørvestsida av Blegja

Det har vore nokre fjellfrie dagar i det siste. Grunna vèret og nokre private forhold. Men endeleg kan det sjå ut som det blir ei lette i haustregnet og skodda, så det går an å nyte hausten i fjellet igjen for fullt.

Eg fann eit bilde til LysandeStemningar i går frå ein flott tur 10.10.10. Det er jo på dagen tre år sidan i morgon. Det trigga meg ekstra å sjå denne bloggen. 

Etter korleis vèrmeldingane framover ser ut pr i dag, satsar eg på ein reprise av denne turen på lørdag. Men då med ein svipp oppom Kringla og til Fossedalen, i staden for retur til Rørvika. Aberet er sjølvsagt transport over Dalsfjorden, sidan det endå er eit par månader til Dalsfjordbrua opnar. Eg får høyre med broderen eller ein kvan om dei framleis har båten ute...

See U

Eg traff Steinar B med familie på turen 10.10.10

lørdag 5. oktober 2013

Svart og hardt

Utsikt mot Stongstølen, Osland og Vågane frå Skålefjellet

Skodde og regn i dag gjorde til at eg tok jobben med å katalogisere bilda mine noko betre enn før. I tillegg flytta eg ein bròte frå pc`en og over på ekstern harddisk. Det skal visst gjere oppstarten av maskina raskare. Ein heil jobb på 4 timar. 

Etter at auga var firkanta og hovudet ganske så susete måtte eg berre komme meg ut. Eg fann difor fram igjen joggeskorna og sprang meg ein tur etter asfalten til Vågane (bildet) og heim igjen til Yndestad. Ei ganske fin runde det med ein del oppoverbakke. Vèret ja, som sagt, det var vått... Men turen gjorde godt både for sinn og skinn...:-)

onsdag 2. oktober 2013

A battle to the light....




Knall-tur på Skålefjellet etter arbeid i dag. Men det minkar på lyset. Det blir stadig mindre spelerom etter kl 17 når eg er heime. Det heldt greitt i dag òg. For å vere sikker gav eg på litt ekstra oppover. For då sola forsvann oppe i Gjerdedalen vart det ganske skymt allereie på veg oppover. Sola nådde eg igjen oppe mot toppen... Det vil seie når ho var framme. Det låg nemleg eit skylag der ute i vest og lurte... Elles var det sjølvsagt nydeleg på toppen. Flotte fargar og nydeleg utsikt i alle retningar. I kveld var det spesielt fint nedatt på Stongstølen og til Osland. Fint var det òg nede igjen ved fjorden....