fredag 20. september 2013

På gamle tomtar



I kveld sprang eg Kystarv-ruta frå Yndestad til Skylefjellet. I samen snuren tok eg med meg Blåfjellet lenger vest mot Grimelia. Fantastisk flott terreng å springe i.... Det var skikkeleg artig å springe denne ruta som eg vintermerka hitt året. Trassèen føl jo same stien som den gong. Ja, mange av vardane eg sette opp då står endå. Nokre turar i aldeles white-out i svarte kvelden sit godt i minnet endå. Ikkje minst då hovudlykta bles av meg inne på toppen, og ramle rett ned på hammaren, utan at eg hadde med meg reservelys. Eg takka høgare makter for at ho ikkje slokna...! Og ikkje minst hugsar eg den gongen i bèkmørket eg måtte krype fram til varden fordi eg ikkje klarte å halde meg på føtene på grunn av vinden (eg har desse turane på bloggen vinteren 07/08)...  Ja, eg kosa meg kosteleg då eg sprang inn ruta aust for Mangevatna i kveld... Down memory lane...;-)

Eg var så glad og lett til sinns at eg like godt sprang vestover til Blåfjellet òg. Det er ikkje så veldig lange biten då. Og fort gjekk det i det lette terrenget. Så det kosta berre ein karamell...;-)

Noko av terrenget rett aust for Blåfjellet.
Vi ser Toreheia lengst inne midt i bildet.

På veg inn att på sørsida av Magevatna sette eg opp igjen nokre av vardane eg sette opp for 7 år sidan då Blåfjellet sist var post på fjelltrimmen. Eg reknar med Blåfjellet står på programmet på fjelltrimmen frå hausten av. Og kanskje vil somme gå denne vegen òg. Ikkje  berre frå Grimelia. Eg satsar som tidlegare nemnt ikkje noko vidare på dette lenger, og vil stå meir fritt til å gå der eg vil. Ja, Agnar har visst fått det føre seg at det er mogeleg å få meg med på andre utflykter enn der det er fjelltrimbøker òg...:-)

Frå Mangevatna og til Yndestad igjen sprang eg på direkten. Kjempeherleg. Det er ein nytelse å bevege seg i området her på nordsida av Stongfjorden. Og ikkje minst er det herleg å berre kunne springe rett frå døra heime! 

Ingen kommentarer: