søndag 1. september 2013

Joggetur med barnevogn


Det vart ikkje så mykje fjell på meg i helga akkurat. Vèret har no heller ikkje vore særleg lageleg. I dag har det bøtta ned. Men sidan vi har hatt 3 små tullar på besøk frå fredag til i dag, vart det derimot trilleturar. Til ein forandring kan eg vel seie. Kjekt det. Kjekt med mykje kos. Og kjekt med små spirer som smiler tilbake når ein dullar med dei. Eg synest helga har gitt meg mykje meir med desse tre enn å ha sprunge på x-antal fjelltoppar. Fjella ligg no der til neste veke òg.... Her nokre bilder:

Ingen kommentarer: