mandag 30. september 2013

Tett på meg sjølv...


Eg vart nesten litt satt ut på veg på Toreheia i ettermiddag. Ein slags haustleg melankoli iblanda ei lukkekjensle. Litt spesielt kan eg nesten seie. Sikkert eit tema for ein psykolog eller noko slikt. Faktum var likevel at heile fjellet låg bada i gull og glimmer. Den låge kveldssola, som til slutt gjekk ned, forgylte alt. Vatna og havet låg blikkstille så langt auga rakk. Ikkje ein lyd var å høyre. Åleine. Ja, det var ein av desse haustkveldane på fjellet som går inn i minneboka. Ikkje minst at det akkurat var på Yndestadhøgeheia og Toreheia. Området som eg er så glad i. 

Vel, nye haustar kjem, og forhåpentlegvis mange nye år. Uansett er det fantastisk å kunne nyte slike kveldar på fjellet. Kveldar som gjer at ein kjem så tett innpå seg sjølv.... 




Hausthelg i København


Eg hadde ei superhelg i København denne helga i lag med kjekke kollegaer på jobb. Fly frå Flesland til Kastrup fredag ettermiddag med retur søndag. Nydeleg vèr, kjempegod mat og mykje liv og røre. Eg kan med handa på hjartet seie at eg neppe har sett så mykje folk på ein gong ei helg. Strøget og Nyhavn var full i folk i det nydelege haustvèret. Dei kosa seg på fortausrestaurantane og i handlegatene. Herleg!  

Eg går ikkje nærare inn på "gjøren og laden" her. Det blir meir av privat karakter. Kjempekjekt var det iallefall. 

Nokre foto. Men vil samle mange fleire bilder av dei som ikkje er av privat art i eige album i kveld.  



















torsdag 26. september 2013

Haustlys og farga liv


Herleg trimtur på Skylefjellet og Blåfjellet igjen i kveld. Så lett og greitt å springe her oppe. Fantastisk lys og nydelege haustfargar. Rein idyll! 

No står pakking til København for tur. Eg skal dit med jobben i helga. Det er difor tvilsomt om det blir oppdatering av bloggen før etter helga. Til Danmark er det vel ikkje så mykje vits i å ta med seg fjellsko heller....:-)



tirsdag 24. september 2013

Herlege Skålefjellet





Nydeleg trimtur på Skålefjellet i kveld. Stilt og fint. Og ganske tørt. Terrenget er ikkje så myrlendt oppover Gjerdedalen og opp på sjøve fjellet. Eg går no ruta opp ved første elva. Her er litt brattare enn ruta om Skålefjellsvatnet lenger oppe. Men det er ofte kjekt å ta eine vegen opp og den andre ned igjen. 

Det har vore etterlyst trimbok, så eg tok med meg ei og la i den austre varden. Her er nemleg ikkje mindre enn 4 vardar. 

Det mørknar fort om kveldane no. Veldig viktig å vere obs på. Eg tok med meg hovudlykt i kveld, men nådde akkurat ned igjen før det vart mørkt. Greitt å ha litt fart i beina når du skal springe om kapp med mørket...:-)

søndag 22. september 2013

Dagen der på...


Atløy, Alden og Staveneset i vest frå Toreheia

Eg kjende meg ganske transjakla etter å ha køyrt heim igjen frå 40-års jubilèet i Dale i natt. Eg er egentleg eit typisk A-menneske, så slik rangling blir eg både øren og trøtt av. Eg tok det difor heilt piano i føremiddag. Men etter ein god middagskvil, tok eg meg ei fjelltrimrunde på Toreheia over Yndestadhøgeheia, ned igjen på Krikavatna og springmarsj heim igjen. Berre nydeleg. Ja, sola stakk fram over Alden vest i havet òg...

Det gamle havørnparet som held til her oppe kosa seg på den blå ettermiddagshimmelen. Litt rundkast for å gripe kvarandre i føtene høyrer til. Elles var det ganske blautt oppe i dag. Tydeleg at det hadde regna bra dei par siste døgna. 

I dag tok eg forresten med meg ei fjelltrimbok som besøkande kan skrive seg inn i. Alltid kjekt med ei bok på ein fjelltopp. Eg vil ta med meg ei på Skålefjellet òg med det første. 

Krikavatna

fredag 20. september 2013

På gamle tomtar



I kveld sprang eg Kystarv-ruta frå Yndestad til Skylefjellet. I samen snuren tok eg med meg Blåfjellet lenger vest mot Grimelia. Fantastisk flott terreng å springe i.... Det var skikkeleg artig å springe denne ruta som eg vintermerka hitt året. Trassèen føl jo same stien som den gong. Ja, mange av vardane eg sette opp då står endå. Nokre turar i aldeles white-out i svarte kvelden sit godt i minnet endå. Ikkje minst då hovudlykta bles av meg inne på toppen, og ramle rett ned på hammaren, utan at eg hadde med meg reservelys. Eg takka høgare makter for at ho ikkje slokna...! Og ikkje minst hugsar eg den gongen i bèkmørket eg måtte krype fram til varden fordi eg ikkje klarte å halde meg på føtene på grunn av vinden (eg har desse turane på bloggen vinteren 07/08)...  Ja, eg kosa meg kosteleg då eg sprang inn ruta aust for Mangevatna i kveld... Down memory lane...;-)

Eg var så glad og lett til sinns at eg like godt sprang vestover til Blåfjellet òg. Det er ikkje så veldig lange biten då. Og fort gjekk det i det lette terrenget. Så det kosta berre ein karamell...;-)

Noko av terrenget rett aust for Blåfjellet.
Vi ser Toreheia lengst inne midt i bildet.

På veg inn att på sørsida av Magevatna sette eg opp igjen nokre av vardane eg sette opp for 7 år sidan då Blåfjellet sist var post på fjelltrimmen. Eg reknar med Blåfjellet står på programmet på fjelltrimmen frå hausten av. Og kanskje vil somme gå denne vegen òg. Ikkje  berre frå Grimelia. Eg satsar som tidlegare nemnt ikkje noko vidare på dette lenger, og vil stå meir fritt til å gå der eg vil. Ja, Agnar har visst fått det føre seg at det er mogeleg å få meg med på andre utflykter enn der det er fjelltrimbøker òg...:-)

Frå Mangevatna og til Yndestad igjen sprang eg på direkten. Kjempeherleg. Det er ein nytelse å bevege seg i området her på nordsida av Stongfjorden. Og ikkje minst er det herleg å berre kunne springe rett frå døra heime! 

torsdag 19. september 2013

Ein "gratistur"




I dag var dagen komen for gravferda til Elsa på Yndestad. I det høve fekk eg heile dagen fri på jobb i Førde. Så i staden for å køyre til Førde før klokka 07 sprang eg ein tur på Toreheia før gravferda. Det var nemleg ein fantastisk flott morgon. 

Eg nådde omlag opp på Yndestadhøgeheia då sola stod opp. Nydeleg. At skinet stod midt i auga på meg austover fjellet, var berre noko eg måtte ta med meg (eg gløymer alltid caps...som eg ikkje er noko glad i...). Ein austleg trekk var ganske frisk i kantane. Men slikt gløymer eg berre heilt når eg kan nyte den nydelege utsikta oppe på fjellet. Dei låge solstrålane laga landskapet om til reinaste gullteppet....! Havet og vatna i azurblått. 

På denne tid av året har eg fleire gonger sett svermar med snøsporv som på trekket sitt rastar på Toreheia. Så i dag òg. No fekk eg ikkje opp kameraet i dag, og fekk teke bilde (har frå før), men utruleg kjekt å sjå så mykje snøsporv på ein gong. Det er nemleg lite av den i fjellet. Dei er ikkje så lette å få auge på til vanleg heller. 

I dag var eg så tidleg ute at sola endå ikkje var komen på Krikavatna då eg sprang ned igjen. Så noko særleg bilder var det ikkje her i frå. Ikkje det, eg har no rikeleg frå før av då, men du verda for ei flott naturoppleving det er her. Elles sprang eg for det meste ned igjen heile vegen til Yndestad frå hytta til Lasse. Flott start på dagen ! 


Krikavatna før soloppgang. 

tirsdag 17. september 2013

Svipptur på Staveneset




Eg prøvekøyrde ein bil på Staveneset i stad og tok nokre bilder medan eg var utom.
Veldig skiftande vèr. 
På veg heim igjen styrteregna det eit par kilometer, før det igjen var fint.


Toreheia

Eg tok å laga ein heilt ny film av bilder frå Toreheia. Mest av bilder frå tidlegare, men òg nokre frå i år. Den gamle filmen var fin den. Likevel vart den i lengste laget. 11 minutt er for lang tid i våre dagar. Så den nye er på det halve. Kanskje ei meir høveleg lengde. Så her er den:

Septembermorgon


Fin morgon i Løvika i dag. Mobilfoto kl 07.05

søndag 15. september 2013

Skålefjellet

Stongfjorden frå Skålefjellet i ettermiddag.
Regnet kjem sigande inn frå havet...

Etter at eg gav meg med fjelltrimmen til trimgruppa, for å stå friare til å gå på dei fjella eg vil gå på og når eg vil gå, tok eg i ettermiddag treningsturen min på Skålefjellet. Long time no see. Ja, det er ei stund sidan eg har vore opp, men men det gamle huset mitt stod endå....


Vel, noko skeivt og skakt er det. Likevel - betre utsikt er det ingen som har i Stongfjorden. 

No var det ikkje allverda til vèr i dag då. Regnet kom sigande inn fjorden, og vinden tok skikkeleg i kroppen. Men jammen var det kjekt å ta turen opp igjen Gjerdedalen og sjå at stien framleis viser godt. Ja, faktisk overraskande godt. Likeeins den gamle merkinga. Positivt!

Vi ser bort på Nipane frå toppen. 
Vatna vi ser er Botnastølsvatnet og Svelivatna.
Lengst aust ligg Blegja og Storehesten.

Vi ser ned på Stongstølen og Stongstølsvatnet.
Oppe i bildet ligg Stongsvatnet og Oslandsvatnet.
(alle foto mobil)

lørdag 14. september 2013

Haustbløyte




Sjølv om det var både regn, kaldt og rikeleg med skodde fekk eg meg ein flott fisketur i Leknesvatna i dag. Det kjem godt med at eg har investert i nye sko, for det var steikje sleipt og glatt. Hamrane og svaene var skumle. Elles var det søkk gjennomvått alle plassar. Og til slutt heldt ikkje skorna væta ute lenger. Vel, kanskje ikkje så rart. 6 timar i myr og øs, pøs

Fisken beit ganske bra. Eg tok med meg dei største heim til eit par, tre middagar. 

torsdag 12. september 2013

Det haustast ved Nipebu




Eg vart med Agnar på ein tilsyns-tur på Nipebu i ettermiddag/kveld. Vèret var bra. Opplett, men grått. Ikkje akkurat dei beste fotoforholda. Eg prøvde fiskestonga ei stund. Men så pass kaldt som det var, var eg faktisk i tvil om eg i det heile teke skulle prøve meg. Og det heldt stikk. Ikkje eit napp...! 

Det mørkar fort om kveldane no. Greitt å vere obs på. No hadde Agnar med lykt i tilfelle vi ikkje kom oss ned igjen til det mørkna, men det heldt akkurat. Flott tur! Kjekt med ein tur på Nipebu igjen....

onsdag 11. september 2013

I draumeland






Eg gjekk den eminente ruta frå Osland, Ytrevågefjellet, Toreheia, Krikavatna og heim til Yndestad i kveld. Rett nok var det noko disig og skoddedottar, men sola stakk gjennom rett som det var. Med sola og havet i gåretningen er dette ein kjempeflott tur. Ikkje minst no når det haustast og haustfargane dukkar opp...  





tirsdag 10. september 2013

Vestahimmelen i brann...


Flott solnedgang heime i kveld...

søndag 8. september 2013

Søndagshygge

Toreheia i dag
Eg ser heim igjen frå Yndestadhøgeheia
Stongfjorden frå Yndestadhøgeheia
Krikavatna og Mangevatna
Utsikt mot Svanøy og Florøkanten
Utsikt frå Skylefjellet

Eg gjekk på tur heime frå Yndestad i dag. Eg tok den nydelege ruta opp på Yndestadhøgeheia gjennom Selda, vidare til Toreheia og nordsida mot Førdefjorden til Skylefjellet og Mangevatna. 

Det er fantastisk flott utsikt til Stongfjorden, mot alle fjella i aust, og øyane ute i havet på denne turen. Og så er det jo dei nydelege Krikavatna og Mangevatna då. Lettgådd terreng, oversiktleg og greitt når du først er komen opp på "platået". Eg kan trygt seie at dette er eitt av dei flottaste, om ikkje det flottaste, naturområdet i heile Askvoll. Ikkje minst fordi det ikkje er regulert med tekniske inngrep av noko slag. 

Bilda og videoen fortel vel meir enn 1000 ord, så eg lèt desse tale for seg sjølv.