søndag 4. august 2013

Herlege dagar i Tyrkia

Peter, Marie og Margunn



Eg las på Fjellforum for ei stund sidan at folk ikkje var så interessert i lange turrapportar. Men mest bilder. Eg har prøvd å legge meg dette på minnet. Difor vil eg heller ikkje lage nokon lang blogg om 14 dagar i Tyrkia. Kanskje meir ei slags oppsummering. 

Vi reiste 19/7 og var tilbake 2/8 frå ein såkalla badeferie. Marie, Margunn, Peter, Olaug og eg. (Marie og Margunn reiste for ei veke). Dei fleste veit kva ein badeferie inneber. God mat, sol og varme, bruning, lesing, leik og spel og late dagar på stranda. Eitt og anna nytt bekjentskap. Varig eller ikkje. Alt slikt lèt eg difor berre liggje. For i bunn og grunn blir dagane etterkvart ganske like. Spesielt når det er så varmt som i Tyrkia midt på sommaren. Fysiske aktivitetar begrensar seg ganske automatisk. Likevel sprang eg annankvar dag langs strandpromenaden frå Icmeler til Marmaris og tilbake (ca 15 kilometer). Før soloppgang. Eg stod opp kl 05.30 (kl 04.30 her heime. Alle foto tyrkisk tid). Temperaturen låg då på rundt 23 grader. Den steig fort minst 10 grader etter soloppgang. 

Icmeler beach 20/7 kl 05.39
Ørsmaris Hotel på strandpromenaden frå Icmeler til Marmaris
Foto frå første joggeturen min forbi her 20/7 kl 06.00.

No var vi på same staden og hotellet i år som i fjor. Prince Apart er eit flott leileghetshotell. Ganske høg standard. Veldig bra på alle måtar. Likeeins Prince bar. Nokre av folka vi vart kjende med i fjor var her framleis. Medan andre av dei vi vart kjende med jobba no på andre serveringsstadar. Vi oppsøkte dei alle for å ete og hels på. Veldig kjekt. Ikkje minst at vi vart attkjende. (Så vart iallefall uttrykt...;-)) Men fleire av kurderane som jobbar i Icmeler om sommaren har eg kontakt med på Facebook. 

Den første og andre utflykta vi tok var då Marie og Margunn framleis var med oss. Først med taxibåt til Marmaris. Dagen etter til Kumlubuk. Marmaris kjenner vel dei fleste Medan Kumlubuk kanskje er meir ukjent. Her er det nydeleg. Fantastisk flott steinstrand. Og ein dyr restaurant med herleg mat. 

Fullmåne over Marmaris
Marie, Margunn, Peter og Olaug t.v.

Kumlubuk
Tid for lunsj på Kumlubuk 22/7 kl 11.12

From inside my nest...

Den største og beste utflykta tok Peter, Olaug og eg i den andre veka vår. Det var ein heil dagstur med båt forbi Paradis Island, Dolphin Island og til Dalyan. Turen gjekk i ein gedigen flott båt saman med mange andre. Vi besøkte Lycian tombs og ei kjempeflott badestrand Iztuzu Beach, (Wiki: In 2011 Dalyan and İztuzu Beach were proclaimed Best Beach Destination of Europe by Dutch holiday assessment website Zoover)

Badestranda İztuzu Beach

Dalyan vart kjend i media for nokre år sidan då eit hotellprosjekt på stranda her vart stansa av naturverninteresser. Stranda er nemleg reirområde for havskilpadder (sjå skilt i fotoserien). Det var berre heilt spesielle områder ein kunne opphalde seg her om dagen (det er om natta skilpaddene legg egg). 

Etter dette besøket bar det vidare i mindre båtar opp Dalyan-floden til Lycian-gravene og til gjørmebad. Ekte gjørmebad. Gjørme som skal vere helande og gi ein eit langt liv (eg for min del tenkte på Kyllaren og svoveldioksid-lukta av den vinterstid)... Men gjørmebad måtte vi jo ta. Ja Olaug òg...

 Olaug og Peter i gjørma i midten

Peter og pappa i gjørmeholet...
(legg merke til den veksande valken på magen...:-))

Etter 14 timar på farten var vi tilbake i Icmeler etter ein fantastisk flott dag (sjekk fleire bilder på link).

Trass i alt det flotte på ferieturen i år fekk eg meg likevel ei tragisk oppleving ein morgon på stranda. Etter ein tidleg joggetur gjekk eg ned til den vanlege solsenga mi. Då eg kom fram her var det både politi og ambulanse på staden. Og rett framfor solsenga og føtene mine sette politiet opp sperreband. Ein engelskmann var tydeleg i sjokk. Det gjekk deretter fort opp for meg at det låg eit lik i strandkanten 3-4 meter framfor eit par solsenger i synsranda mi. Utan å gå nærare inn på detaljar frå denne hendinga, kan eg trygt seie at den var sjokkarta. Kvinna hadde fått eit illebefinnande og dødd på staden. Ho hadde kome med mannen sin for eit tidleg morgonbad, og for å nyte soloppgangen. 

  Liket av ein kvinneleg britisk turist blir frakta bort frå stranda i Icmeler 26/7. 

Eg var litt i stuss om eg skulle nemne denne hendinga på bloggen min. Bloggen skal fungere som ein turblogg og ikkje som eit "Se og Hør" opplegg. Eg tek dette likevel med for å gjenta for meg sjølv og alle andre kor brått livet kan endre seg. Sjølv i dei flottaste stunder kan timen vere der... 

Eg har samla nokre videosnuttar her til slutt. Den absolutt beste er når Olaug "tek seg vatn over hovudet". Ho likar ikkje noko særleg å duppe hovudet under vatn. For oss som kjenner ho vart denne snutten difor ekstra morosam.... Ja, livet er til for å levast..! One life live it! 











Ingen kommentarer: