torsdag 8. august 2013

Fabulous westerly mountains

Stordalsfjellet

Eg valde vekk Blegja i dag. Eg måtte nemleg avvente til Peter kunne ta bussen til Førde sidan ein bit av tannreguleringa han fekk sett på i går hadde losna. Sjølv om det lei til lunsjtider før eg kom meg avgarde, gjekk eg meg likevel ein vèl så flott tur som nokon Blegjatur. 

Etter at Peter var komen seg på bussen parkerte eg i Oslandsbotnen og tok den vanlege ruta på Stordalsfjellet. Perfekt turvèr. Bra temperatur, vindstille og delvis skya.. Ja, sola fekk godt tak nesten med ein gong eg gjekk. Ja, eg hadde faktisk ikkje noko anna på meg enn shortsen og sko. Slik gjekk eg faktisk heile dagen.... 

Etter å ha vore oppom toppen på Stordalsfjellet, tok eg skaret sørover mot Stordalen. Her gjekk det heile flokkar med sauer. Kjekt å sjå slikt. Sauene gjødslar landskapet og held det vedlike. Deretter kryssa eg dalen øvst oppe, og gjekk opp skaret mot Vardenova, tok sør om, og gjekk vidare mot Røyrbotnholten og opp på Smørskornova. Den bratte bakken opp på austsida til toppen av Smørskornova kjennest alltid i føtene. Iallefall når du har gått nokre timar. Så her er det greiast å ta det noko piano opp. Frå Smørskornova er det fin utsikt til Dalsfjorden, Rivedal og Straumsnes.

Utsikt austover frå øvst i Stordalen.
Blegja og Eitrenipa oppe t.h. Stordalsvatnet i midten.

Elva som renn ned Stordalen til Stordalsvatnet, jmfr bildet ovanfor.
Her ved utløpet av Portavatnet. 

Fin utsikt frå Smørskornova til Dalsfjorden.
Stølsfjellet og Hundeheia t.v. Heileberget bak t.v. Rivedalskletten t.h.

Turen vidare vestover gjekk over Medheiane til Bakkefjellet. Her har eg jo vore mykje i sommar. Men no var det skikkeleg grønt overalt. Og sauene kosa seg med irrgrønt gras på vestsida av toppen. Eg gjekk ned den vanlege ruta til eit stykke forbi elva og gjekk vidare nordvestover til Boge- og Bakkestølane. Nydeleg. Mange flotte stølshus. Godt vedlikeheldne dei aller fleste. 


Bogestølen og Bakkestølen

Det var litt krøkkje å kome seg frå stølane og opp i Fagredalen. Eg fann ingen god sti, og kjempa meg gjennom, opp og forbi nokre einerkavar. Utan mat og drikke duger helten ikkje heiter det visst òg... Sidan eg ikkje hadde noko meir med meg enn kamera og mobil var eg etterkvart begynt å bli skikkeleg tørst. Så i elva som kom ned frå Siklabergvatna vart det skikkeleg påfyll med væske. Men om det var stoppet eller etterfyllet av væska som gjorde det skal vere usagt - eg tryna iallefall i elva så det song. Oppskrapa og kutt i leggen, sameleis med handflata, men unngjekk heldigvis å stupne med hovudet mot steinane i elvekanten. Og så ringde telefonen - fruen måtte no verkeleg lure på okkinga og stønninga...:-) Men eg var like heil...! 

Eg traff eit par med to tenåringar i starten på Fagredalen. Dei var ikkje heilt sikre på ruta til Moldura, og var dessutan i litt tidsnaud. Eg orienterte så godt eg kunne. Så heldt eg opp dalen sjølv. 

Fagredalen er ganske lang. I dag tykte eg han var endå lenger... Greitt å kome seg opp i toppen og sjå vestover til havet og øyane i Florø.

Mot vest frå toppen av Fagredalen.
Til Moldura t.v og Fanafjellet t.h.

Partiet vestover frå Fagredalen til Størdalsstauren er småkuppert, men greitt og raskt å gå... I dag tok det likevel litt tid, for ein og annan neve med molter var altfor freistande å gje slepp på. Søtstoffa gav dessutan påfyll av energi. Iallefall virka det slik. Så mykje molter var her ikkje, men ein og annan munnfull gjorde jammen godt. Og så sat eg plutseleg på Størdalsstauren og såg heim.... 

Lett innvikla i ledningar...
jo jo er ikkje alltid så enkelt å passe på alt når sjølvutløysaren tikkar sekundar

Som den kjekke frue eg har kom Olaug og henta meg på Neset. Saman køyrde vi til Oslandsbotnen for avhenting av bilen min. Jepp - dett var dett...! Super tur...;-)

Ingen kommentarer: