torsdag 15. august 2013

"Das war klasse"


Gåsvær frå "Telenor-haugen"...

I saman med Ben og Viola frå Tyskland tok vi Øyhoppings-turen til Fjordkysten i går. Jøss, det var fantastisk frå A til Å. Inntrykka vart etterkvart så mange at dei ikkje kan skildrast i eit kort blogginnlegg. Så sjølve informasjonen om turen finn du m.a. på linken ovanfor, men turen må berre opplevast sjølv for å få rette inntrykka. Men eit par trekk kan eg likevel dra fram. 

Ventar på ekspressen til Krakhella.
 Olaug og Viola i Askvoll

Vi starta i Askvoll og tok ekspressen til Krakhella. Etter litt ventetid på ekspressen frå Bergen, var vi ei heil lita forsamling som tok bussen til Hardbakke med postruta mellom holmar og skjer som mål. Ja, sjølve den 40 minutts lange bussturen vart ei skikkeleg positiv oppleving. Full informasjon om Solund av ei ung og blid dame som køyrde bussen. Som heimehøyrande i øyriket fekk vi info om bedriftsliv som båtbygging og vasking av oppdrettslegg. Polakkar som arbeidskraft er viktige ingrediensar i Solund. Ja hadde det ikkje vore for dei kunne det fort blitt stilt rundt om på verfta. Vidare fortalde den kvinnlege bussjåføren om landskap, sitkagran, fjelltoppar, fjelltrimpostar, vegar og korrespondanse. Dette innslaget på turen var sjølvsagt ikkje lagt inn i noko turprogram. Det var gratis. Ubetaleleg og kanonbra. Allereie no sat eg med eit inntrykk av kor mykje meir sosiale og opne kystfolk er av natur enn dei lenger inne i landet. Takk du bussjåfør! 

Motiv frå Hardbakke

Ja, så var følgjet komne fram på kaia på Hardbakke. Stjernsund låg klar til å gå postruta. Vi vart ganske mange etter at turistane frå Bergen var komne til. Her var til og med folk frå England og Australia som hadde teke turen. No talde eg ikkje alle i hop, men eg trur vi måtte vere over 20 stk. På båten fekk eg dessutan høyre av føraren av ruta at dette turopplegget hadde vore veldig populært i sommar. Sjølvsagt mest på dei finaste dagane som då hadde hatt venteliste. Det vart sagt at ein då kunne ha fylt opp to båtar med folk. 

Lågøy

Vi stoppa på følgjande plassar sørvest og nordover: Lågøy, Litle Færøy, Tangenes, Ytrøy, Storøy Indrøy, Oddekalv og tilslutt Gåsvær. Her vart det nesten ein time pause før vi gjekk til Bulandet. Inn i mellom stoppa fekk vi sjå og høyre om den spesielle naturen her ute, om folket og historier. Det vil føre altfor langt å gje att dette her. Men bildetserien min fortel vel sitt. Det var fantastisk interessant og gjevande. Undervegs omsette eg til tysk så godt det let seg gjere. 


Mange nydelege perler undervegs...

Føringa av båten med over 30 knops fart blant holmar og skjer, og gjennom tronge passasjar, var spektakulært. Ja ein plass fekk vi beskjed om å ikkje lene oss over rekka. Om så var kunne vi skade oss i fjellsidene på kvar side av båten... Båten fauk gjennom passasjane på centimeteren i vanvittig fart.... Herleg!

Mange spesielle naturelement undervegs...

Om ikkje eg nemner nokon av dei andre stopp-plassane til postruta ovanfor, må eg nemne nokre ord om Gåsvær. Fuglelivet er ein ting her ute. Det lèt eg liggje no. Men vi kom tett innpå hordar med toppskarv. Plassen er ein fantastisk flott og gamal handelsstad (sjå bilete). Vi fekk omvisning i samlinga av gjenstandar knytt til det gamle livet her ute. Veldig interessant. Ja, så var det sjølvsagt kaffi og pannekaker av innehavaren. Det smakte fortreffeleg i solveggen. Info om Gåsvær.  

Olaug, Viola og Ben nyt kaffi og pannekaker i solveggen på Gåsvær

Viola og Ben på Gåsvær

Turen vidare nordover gjekk over ope hav. Vi skimta Utvær, Norges vestlegaste punkt. Litt nordavind fekk sjøsprøyten til å stå i høgste lufta langs rekkene på Stjernsund. Herleg. Ikkje minst for dei tilreisande turistane som knapt hadde sett ope hav før. Og langt mindre hadde kome så nær innpå dei saltfriske elementa. 

Friske element nordover til Bulandet....

På Bulandet vart det nydeleg fiskesuppe med varme bollar i Pernillestø. Flott ute i solskinnet på kaia. Deretter tok vi turen i den fantastiske Temaparken i Bulandet. Her fekk vi full omvisning av Håvard Halsøy. Her var ei utruleg samling av gjenstandar knytt til det gamle livet langs kysten. Ja, her var så mykje at eg lurte på kor tid det tok slutt. Heile historia til Bulandet openbara seg. Bilder av alle innvånarane på alle øyane. Historier og bilder frå krigens dagar, frå daglegliv og fest, gamle innreiingar av skulestover, kjøkken, ja, eg veit ikkje kva... Det var heilt imponerande kva dei hadde samla i hop. Dette må berre opplevast. Biletserien min (som no var gått over til mobilbilder) fortel vel sitt. Eg knipsa iallefall så godt eg kunne. Fantastisk!

Fiskesuppe frå Bulandet sit godt i skrotten...

Turen vidare gjekk med buss over alle dei nye bruene her ute. I Værlandet var det ny runde med is på Joker`n, før ferja tok oss til Askvoll. Heime om kvelden sat eg att med ei kjensle av at dette kanskje var rikaste dagen i heile ferien min... 

Temaparken i Bulandet var ei fantastisk flott oppleving

FOTO

(p.s. dette albumet kjem eg til å dele opp ved høve)

Ingen kommentarer: